430331
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/aar
430331
statistikk
2020-12-08T08:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
true

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

697 257

medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Per 1. januar1
2020Endring i prosent
MedlemmerProsentdel2019 - 20202016 - 2020
1Omfattar berre medlemmer det vert motteke offentleg stønad for.
I alt697 257100,02,812,1
Baha'i1 0910,2-2,4-5,0
Buddhisme21 5553,12,414,6
Hinduisme12 1531,76,636,8
Islam182 82626,24,223,4
Jødedom7940,1-1,93,1
Kristendom372 65153,41,96,8
Sikhisme4 0800,62,415,1
Livssyn99 46814,33,310,8
Andre trus- og livssynssamfunn2 6390,48,242,7

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offenleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn og fylke

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offenleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn og fylke12
I altBuddhismeIslamKristendomAnnan religion3LivssynI altBuddhismeIslamKristendomAnnan religion3Livssyn
1Omfattar ikkje medlemmer bosatt i utlandet. Dette inneber at summen av medlemmer i fylkene vil vere lavere enn den totale summen medlemmer av trus- og livssynssamfunn.
2Omfattar berre medlemmer det vert motteke offentleg stønad for.
3Omfattar Bahài, Jødedom, Sikhisme og andre trusretningar.
 
 20192019201920192019201920202020202020202020
I alt678 43321 044175 507365 85119 75596 276697 25721 555182 826372 65120 75799 468
Viken000000184 6276 02551 50995 2536 95624 884
Østfold (-2019)45 5531 57113 62025 0865484 728000000
Akershus (-2019)91 7983 20623 81246 6064 08114 093000000
Buskerud (-2019)41 7161 17013 01120 7051 8804 950000000
Oslo152 7334 12064 88257 2597 26219 210156 1834 21166 83258 0857 49619 559
Innlandet00000028 2591 0055 99015 2403625 662
Hedmark (-2019)15 6955713 0458 6642043 211000000
Oppland (-2019)13 4034893 0057 1261662 617000000
Vestfold og Telemark00000057 2021 57511 03135 3778668 353
Vestfold (-2019)32 5211 0205 82019 7416695 271000000
Telemark (-2019)24 2595364 79615 8461572 924000000
Agder00000049 9841 5376 92636 8662614 394
Aust-Agder (-2019)17 0454222 05112 811891 672000000
Vest-Agder (-2019)32 3971 0604 56523 9901692 613000000
Rogaland60 1171 95411 74237 8501 3847 18761 7792 02112 33138 5091 4917 427
Vestland00000060 5181 7198 98438 8771 4279 511
Hordaland (-2019)53 4991 5907 83734 5431 3278 202000000
Sogn og Fjordane (-2019)6 7681241 3594 1481011 036000000
Møre og Romsdal21 3048552 63514 5465332 73521 6198722 58314 8075162 841
Trøndelag - Trööndelage35 9121 5047 01717 4798309 08237 0651 5557 09018 0948449 482
Nordland15 8553932 5939 3751383 35615 7633922 4849 2841413 462
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku00000016 8324313 1859 6771953 344
Troms - Romsa (-2019)11 3612912 1706 2921312 477000000
Finnmark - Finnmárku (-2019)5 3651261 0293 34365802000000
Uoppgjeve fylke1 13242518441211107 4262123 8812 582202549

Tabell 2 
Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Per 1. januar. Absolutte tal og prosent

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Per 1. januar. Absolutte tal og prosent1
20192020
Medlemmer i trus- og livssynssamfunnAndelMedlemmer i trus- og livssynssamfunnAndel
1Omfattar berre medlemmer det blir motteke offentleg stønad for.
I alt678 433100,0697 257100,0
Baha'i1 1180,21 0910,2
Buddhisme21 0443,121 5553,1
Hinduisme11 4051,712 1531,7
Islam175 50725,9182 82626,2
Jødedom8090,17940,1
Kristendom365 85153,9372 65153,4
Sikhisme3 9840,64 0800,6
Livssyn96 27614,299 46814,3
Andre trus- og livssynssamfunn2 4390,42 6390,4

Tabell 3 
Medlemmer i kristne trussamfunn som mottek offentleg stønad og som er utanfor Den norske kyrkja. Per 1. januar

Medlemmer i kristne trussamfunn som mottek offentleg stønad og som er utanfor Den norske kyrkja. Per 1. januar1
20162017201820192020
11 Omfattar berre medlemmer det vert motteke offentleg stønad for. Meir informasjon, sjå Feilkjelder i "Om statistikken".
I alt349 083339 492355 070365 851372 651
Adventistkyrkja4 7784 6954 6484 6344 642
Dei frie evangeliske forsamlingar3 3183 1693 2643 1833 127
Den Evangelisk Lutherske frikyrkja i Noreg18 90819 46919 21519 50019 313
Den Finlandska evangelisk-Lutherska församling4 1171 2902 1872 1982 180
Den islandske Evangeliske Lutherske menighet i Noreg6 8301 0662 7405 6196 008
Den kristelige menighet8 1778 4178 2358 5138 726
Den ortodokse kyrkja20 20221 99325 84327 03428 544
Den romersk-katolske kyrkja144 856152 022157 220160 884165 254
Det Evangelisk-Lutherske kyrkjesamfunn3 1773 1723 1763 1513 139
Det norske baptistsamfunn10 36710 51010 71110 73110 823
Det norske misjonsforbund10 59810 84310 95911 08711 223
Jehovas vitner12 41312 47912 56612 68012 661
Kristensamfunnet2 5502 4832 4812 4552 428
Kristne senter3 0012 9652 9382 9242 968
Metodistkyrkja i Noreg10 53110 43210 32010 19010 000
Pinsemenigheiter39 43139 26340 05640 63240 725
Svenska kyrkan i Noreg21 6899 48312 33213 26413 108
Andre trussamfunn24 14025 74126 17927 17227 782

Om statistikken

Statistikken synleggjer talet på medlemmer i dei trussamfunna og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja (Dnk) som søkjer om og mottek statsstøtte. Statistikken over trus- og livssynssamfunn utanfor Dnk byggjer på oppgåver frå fylkesmenn over dei samfunna som har fått statstilskot.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Trussamfunn: Godkjent trussamfunn etter lov om trudomssamfunn og ymist anna, lov-1969-06-13.

Livssynssamfunn: Godkjent livssynssamfunn etter lov om tilskot til livssynssamfunn, lov-1981-06-12.

Søknad om godkjenning av eit tru- eller livssynssamfunn vert sendt til fylkesmannen. Før godkjenning må søknaden eller meldinga for registrerte samfunn innehalde eit særskild sett med kriterier gitt i Lov om trudomssamfunn og ymist anna § 14, samt i føreskrift om registrerte og uregistrerte trussamfunn § 2. For uregistrerte trussamfunn er desse krava gjeve i same føreskrift i § 4.

Standard klassifikasjonar

Klassifiseringa for denne statistikken er grunna i søknadsskjema som samfunna sender til fylkesmenna. SSB har stått for kategoriseringa av samfunna på organisasjonsnivå, dels grunna på nytt søknadsskjema, dels på gamalt søknadsskjema frå samfunna til fylkesmenna (gamalt skjema før 2005). Numeriske kodar er laga som hjelpemiddel for køyring av tabellprogram.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
Emne: Kultur og fritid

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Regionalt nivå

Tala vert publiserte på lands-, og fylkesnivå

Kor ofte og aktualitet

Statistikken over medlemmer i trus- og livssynssamfunn vert publisert årleg, med unntak av 2005

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

All trus- og livssynsstatistikk i SSB er lagra på ein forsvarleg og standardisert måte i samråd med  mellom anna Datatilsynet

Bakgrunn

Føremål og historie

Hovudføremålet med denne statistikken er å synleggjere talet på medlemmer i dei trussamfunna og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja (Dnk) som søkjer om og mottek statsstøtte. Statistikken over trus- og livssynssamfunn utanfor Dnk byggjer på oppgåver frå fylkesmenna til Brønnøysundregistra over dei samfunna som har fått statstilskot. Statistikken har vore publisert i SSB sidan 1972. Før 1972 vart opplysningar knytt til religion innhenta via folketeljingsskjema.

Brukarar og bruksområde

Kulturdepartementet, andre offentlege etatar, forskingsinstitusjonar, trus- og livssynssamfunn, media, studentar og andre interesserte.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukere har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter forhåndsvarsling senest tre måneder før i Statistikkalenderen. Dette er et av de viktigste prinsippene i SSB for å sikre likebehandling av brukerne.

Samanheng med annan statistikk

Denne statistikken kan sjåast i samanheng med statistikk forDen norske kyrkja.

Lovheimel

Statistikken omfattar trus- og livssynssamfunn ved lov av 24. april 2020 nr. 31 om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova), samt forskrift av 18. desember 2020 om registrering av og tilskudd til tros- og livssynssamfunn (trussamfunnsforskrifta). Data blir henta med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikklova) § 10.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Alle trus- og livssynssamfunn som er godkjende hjå fylkesmannen og som søkjer og mottek statstilskot for rapportert tal på medlemmer i samfunnet. Eininga i statistikken er det enkelte samfunn. Einskilde samfunn vel å ikkje søkje om statstilskot sjølv om dei er registrerte og godkjende hjå fylkesmannen. Døme på slike samfunn som ikkje søkjer om offentleg tilskot er Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagers Hellige. Registrerte og uregistrerte trus- og livssynssamfunn som ikkje har søkt om statstilskot det enkelte år, er ikkje med i statistikken. I eit registerført samfunn kreves det ett set med opplysninger og prest eller forstandar har lovsette gjeremål i trudomssamfunnet. (Lov om trudomssamfunn og ymist anna § 14). For uregistrerte trussamfunn som vil krevje statstilskot er det krav om færre opplysningar om samfunnet. Eit uregistrert samfunn kan til dømes ikkje ha lovsette gjeremål i trudomssamfunnet. Statistikken inneheld ikkje opplysningar om talet på menigheiter. Statistikken skil ikkje på registrerte og uregistrerte samfunn.

Datakjelder og utval

Datakjelde for statistikken er elektroniske data frå Brønnøysundregistra. T.o.m. 2004 mottok SSB kopi av søknadsskjema med oppgåve over talet på medlemmer direkte frå fylkesmenna. Frå 2005 vart medlemslistene til trus- og livssynssamfunn som søkte statstilskot via fylkesmenna sende til Brønnøysundregistra (BR) for kontroll. Etter at kontrollane i BR er utførd, mottar SSB elektronisk datafil frå BR. Statistikken omfattar alle samfunn som har søkt om tilskot det enkelte år.

Datainnsamling, editering og beregninger

Datafila vert sendt elektronisk frå BR til SSB når dei har utført den naudsynte kontrollen av medlemslistene dei har fått frå fylkesmenna.

BR har ansvaret for kontrollen etter oppdrag frå Kulturdepartementet. Medlemslistene vert kontrollerte internt i det enkelte samfunn og i tillegg kontrollerte for dobbeltmedlemskap mellom dei ulike trus- og livssynssamfunn og for dobbeltmedlemskap mellom Den norske kyrkja og trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. BR har utført dei naudsynte kontrollane av organisasjonsnummer og fødselsnummer, slik at det ikkje er dublettar. Kontrollen går i hovudsak ut på å sjekke for dobbelt medlemskap (på individnivå), mot opplysningar frå Det sentrale folkeregisteret, mot andre trus- og livssynssamfunn og mot medlemsregisteret til Den norske kyrkja (Dnk). Datafila som SSB mottek er ei aggregert fil og inneheld opplysningar om talet på medlemmer per organisasjonsnivå (organisasjonsnummer) per bukommune, før klagehandsaming.

SSB kodar den mottekne fila med kodar etter eit utarbeidd kodesystem utarbeida i SSB. Statistikken over trus- og livssynssamfunn er ein summarisk statistikk, det vil seia at statistikken og tabellar berre summerer tal over medlemmer, nasjonal og fordelt på ulike religionar/livssyn. Utover oppsummering av innrapporterte tal det enkelte år, vert det ikkje gjort nokre særskilde analysar.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Datamaterialet kan definerast som sensitivt og celler må prikkast dersom det er under tre observasjonar i ei celle.

Samanlikningar over tid og stad

SSB har produsert offisiell statistikk over medlemmer i trus- og livssynssamfunn sidan 1971 grunna i oppgåver som fylkesmenna fekk inn i samband med tildeling av statstilskot. Som medlemmer vert rekna dei som har tilknyting til ei meinigheit, dvs. barn under 16 år, når desse ikkje er melde inn i Dnk. Fordelinga etter fylke var der meinigheita eller livssynssamfunnet er registrert. Dette fell ikkje alltid saman med bustadfylket til den enkelte medlemmen. Før 1970 publiserte SSB tabellar over personar fordelt etter trussamfunn grunna i folketeljingsdata.

Frå 2005 er det lagt til grunn eit nytt registreringssystem for talet på medlemmer, og datagrunnlaget for statistikken er endra i og med at SSB får dette frå BR. Ein kan såleis ikkje samanlikne statistikken med tidlegare år. Ein bør òg vere varsam med samanlikningar særskild  mellom åra 2005-2006-2007 då arbeidet med å rydde opp i dobbeltmedlemskap hadde særskild fokus i desse åra. Samstundes gjer ein merksam på at nokre samfunn ikkje er med i statistikken kvart år, og nye samfunn kjem til. Ein gjer merksam på at på grunn av slike høve må ein vere varsam med direkte samanlikningar over tid og mellom kategoriar, da dette til dels kan gi store utslag i ein kategori. (Sjå òg feilkjelder under). Fordelinga etter fylke er frå 2006 gjort ut frå bukommune til medlemmene.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Statistikken for trus- og livssynssamfunn omfattar berre samfunn med medlemmer det er søkt om statstilskot for det einskilde år. Det kan til dels vere store svingingar på nokre kategoriar frå år til år. Dette kan skyldast at nokre samfunn av ulike årsaker ikkje søkjer det enkelte år. Det er og samfunn som aldri søkjer om tilskot.

Registerfeil.

SSB har sidan 2005 motteke data frå Brønnøysundregistrene (BR) med totalt tal over medlemmer per samfunn. SSB reknar kvaliteten som monaleg betra, då BR har føreteke dublettsjekk før SSB mottek data.

Revisjon

Ikkje relevant

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB