406579
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/styre/aar
406579
statistikk
2021-03-08T08:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
styre, Styre og leiing i aksjeselskap, styrerepresentantar, styreverv, daglege leiarar, styreleiarar, aksjeselskapEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
true

Styre og leiing i aksjeselskap

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

42,5

andel av representantane i ASA er kvinner

Styrerepresentantar og daglege leiarar i aksjeselskap
20212020 - 2021
AntallAndelEndring i prosent
Styrerepresentantar i AS
I alt660 035100,03,7
Menn532 38580,73,3
Kvinner127 65019,35,3
Styrerepresentantar i ASA
I alt1 265100,00,6
Menn72857,5-0,4
Kvinner53742,52,1
 
Daglege leiarar i AS
I alt253 275100,03,0
Menn210 82483,22,8
Kvinner42 45116,83,9
Daglege leiarar i ASA
I alt211100,01,0
Menn19491,90,5
Kvinner178,16,3

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Styrerepresentantar i AS og ASA, etter kjønn, fordelt på alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring

Styrerepresentantar i AS og ASA, etter kjønn, fordelt på alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring
2021
AksjeselskapAllmennaksjeselskap
I altProsentdel mennProsentdel kvinnerI altProsentdel mennProsentdel kvinner
I alt660 03580,719,31 26557,542,5
 
Alder
I alt660 035100,0100,01 265100,0100,0
16-24 år3 6390,50,700,00,0
25-44 år178 88825,932,017913,215,5
45-66 år387 45358,957,895572,379,9
67 år eller eldre90 05514,69,613114,64,7
 
Utdanningsnivå
I alt660 035100,0100,01 265100,0100,0
Grunnskuleutdanning62 2709,68,6293,70,4
Vidaregåande utdanning252 91040,131,116215,78,9
Universitets- og høgskuleutdanning, lågare nivå197 90128,436,542032,733,9
Universitets- og høgskuleutdanning, høgare nivå115 98617,019,838325,337,1
Anna30 9684,84,027122,719,7
 
Tilsettegrupper
I alt660 03580,719,31 26557,542,5
Utan tilsette402 74382,117,930257,942,1
1-4 tilsette120 66976,723,316957,442,6
5-9 tilsette53 28478,022,010457,742,3
10-19 tilsette39 19281,318,712756,743,3
20-49 tilsette26 37782,018,022456,343,8
50-99 tilsette8 85580,919,110462,537,5
100-249 tilsette5 38780,619,410052,048,0
250 eller fleire tilsette3 52874,525,513560,040,0
 
Næring
I alt660 03580,719,31 26557,542,5
Jordbruk, skogbruk og fiske10 86985,814,22458,341,7
Bergverksdrift og utvinning3 29084,415,67561,338,7
Industri31 57483,816,221559,540,5
Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn5 63780,919,12853,646,4
Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd2 47585,214,80..
Byggje- og anleggsverksemd91 92689,710,34161,039,0
Varehandel, reparasjon av motorvogner84 92178,521,59852,048,0
Transport og lagring21 18286,413,613458,241,8
Overnattings- og serveringsverksemd20 77873,226,80..
Informasjon og kommunikasjon34 23785,114,98958,441,6
Finansierings- og forsikringsverksemd33 68379,820,228356,943,1
Omsetning og drift av fast eigedom127 81282,217,84454,545,5
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting72 70277,922,117456,943,1
Forretningsmessig tenesteyting27 32980,319,72157,142,9
Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting18161,938,10..
Undervisning8 80266,533,50..
Helse- og sosialtenester19 51957,942,10..
Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar13 23274,925,10..
Anna tenesteyting8 92245,954,1560,040,0
Lønt arbeid i private hushald757,142,90..
Internasjonale organisasjonar og organ0..0..
Ikkje opplyst40 95782,018,03458,841,2

Tabell 2 
Daglege leiarar i AS og ASA, etter kjønn, fordelt på alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring

Daglege leiarar i AS og ASA, etter kjønn, fordelt på alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring
2021
AksjeselskapAllmennaksjeselskap
I altProsentdel mennProsentdel kvinnerI altProsentdel mennProsentdel kvinner
I alt253 27583,216,821191,98,1
 
Alder
I alt253 275100,0100,0211100,0100,0
16-24 år1 2590,50,500,00,0
25-44 år71 23526,934,3219,811,8
45-66 år151 83460,258,718588,182,4
67 år eller eldre28 94712,46,652,15,9
 
Utdanningsnivå
I alt253 275100,0100,0211100,0100,0
Grunnskuleutdanning29 23611,810,342,10,0
Vidaregåande utdanning109 15744,834,82010,30,0
Universitets- og høgskuleutdanning, lågare nivå69 41826,034,68639,258,8
Universitets- og høgskuleutdanning, høgare nivå36 95714,117,27033,035,3
Anna utdanning8 5073,43,13115,55,9
 
Tilsettegrupper
I alt253 27583,216,821191,98,1
Ingen tilsette143 39686,413,65791,28,8
1-4 tilsette60 52678,621,43494,15,9
5-9 tilsette22 31277,023,01994,75,3
10-19 tilsette14 65681,019,02295,54,5
20-49 tilsette8 25782,517,53697,22,8
50-99 tilsette2 26287,013,01580,020,0
100-249 tilsette1 21387,512,51384,615,4
250 eller fleire tilsette65381,019,01586,713,3
 
Næring
I alt253 27583,216,821191,98,1
Jordbruk, skogbruk og fiske4 21690,29,83100,00,0
Bergverksdrift og utvinning94992,47,612100,00,0
Industri11 40487,512,53290,69,4
Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn1 30889,710,35100,00,0
Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd73191,58,50..
Byggje- og anleggsverksemd38 41895,54,55100,00,0
Varehandel, reparasjon av motorvogner37 55078,221,815100,00,0
Transport og lagring8 25392,97,12692,37,7
Overnattings- og serveringsverksemd9 42368,431,60..
Informasjon og kommunikasjon12 94388,911,11485,714,3
Finansierings- og forsikringsverksemd12 54686,713,34889,610,4
Omsetning og drift av fast eigedom38 76688,211,8887,512,5
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting31 99980,619,43290,69,4
Forretningsmessig tenesteyting11 18682,018,0475,025,0
Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting4791,58,50..
Undervisning3 66264,435,60..
Helse- og sosialtenester8 58756,143,90..
Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar4 26872,927,10..
Anna tenesteyting4 62533,766,31100,00,0
Lønt arbeid i private hushald250,050,00..
Internasjonale organisasjonar og organ0..0..
Ikkje opplyst12 39286,513,56100,00,0

Tabell 3 
Styrerepresentantar og daglege leiarar i AS og ASA, etter kjønn og fylke

Styrerepresentantar og daglege leiarar i AS og ASA, etter kjønn og fylke
2021
StyrerepresentantarDaglege leiarar
Aksjeselskap (AS)Allmennaksjeselskap (ASA)Aksjeselskap (AS)Allmennaksjeselskap (ASA)
I altProsentdel mennProsentdel kvinnerI altProsentdel mennProsentdel kvinnerI altProsentdel mennProsentdel kvinnerI altProsentdel mennProsentdel kvinner
I alt660 03580,719,31 26557,542,5253 27583,216,821191,98,1
 
Viken133 31080,119,924057,142,956 35283,616,43894,75,3
Oslo125 64580,819,263558,141,941 60981,518,510888,911,1
Innlandet36 90980,419,62365,234,814 48583,316,74100,00,0
Vestfold og Telemark48 59681,618,42458,341,720 49384,915,14100,00,0
Agder38 61782,417,62161,938,115 12484,815,24100,00,0
Rogaland57 79682,018,07556,044,022 61184,615,413100,00,0
Vestland78 42280,020,010254,945,128 97182,817,21794,15,9
Møre og Romsdal33 85280,719,33857,942,112 68684,415,6785,714,3
Trøndelag - Trööndelage52 32580,919,18957,342,719 77783,116,91291,78,3
Nordland27 22179,720,31250,050,010 31881,418,62100,00,0
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku26 81178,721,3650,050,010 66481,818,22100,00,0
Svalbard53176,523,50..18576,223,80..

Tabell 4 
Styrerepresentantar i AS og ASA, etter talet på styreroller og kjønn

Styrerepresentantar i AS og ASA, etter talet på styreroller og kjønn
2021
Tal på styrerepresentantarProsent
I altMennKvinnerI altMennKvinner
I alt331 575244 88886 687100,0100,0100,0
1 styrerolle216 034149 61666 41865,261,176,6
2-3 styreroller80 96464 51316 45124,426,319,0
4-5 styreroller18 78616 3482 4385,76,72,8
6-9 styreroller9 8128 8919213,03,61,1
10-19 styreroller4 5034 1363671,41,70,4
20-49 styreroller1 2941 213810,40,50,1
50-99 styreroller15414590,00,10,0
100 eller fleire styreroller282620,00,00,0

Tabell 5 
Daglege leiarar i AS og ASA, etter kor mange føretak dei er dagleg leiar i og kjønn

Daglege leiarar i AS og ASA, etter kor mange føretak dei er dagleg leiar i og kjønn
2021
Tal på daglege leiararProsent
I altMennKvinnerI altMennKvinner
I alt219 941175 37144 570100,0100,0100,0
Dagleg leiar i 1 føretak158 654120 85537 79972,168,984,8
Dagleg leiar i 2-3 føretak48 76642 7755 99122,224,413,4
Dagleg leiar i 4-5 føretak7 9617 4045573,64,21,2
Dagleg leiar i 6-9 føretak3 1803 0271531,41,70,3
Dagleg leiar i 10-19 føretak1 0771 023540,50,60,1
Dagleg leiar i 20-49 føretak272257150,10,10,0
Dagleg leiar i 50-99 føretak262600,00,00,0
Dagleg leiar i 100 eller fleire føretak5410,00,00,0

Tabell 6 
Aksjeselskap (AS og ASA), etter storleiken på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantane sitt kjønn

Aksjeselskap (AS og ASA), etter storleiken på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantane sitt kjønn
2021
Aksjeselskap (AS)Allmennaksjeselskap (ASA)
I altProsentdel begge kjønnProsentdel kun mennProsentdel kun kvinnerI altProsentdel begge kjønnProsentdel kun mennProsentdel kun kvinner
I alt348 85320,670,68,8213100,00,00,0
 
Storleik på styret
I alt348 85320,670,68,8213100,00,00,0
1-2 styrerepresentantar264 57512,176,711,20...
3-4 styrerepresentantar69 10243,555,11,449100,00,00,0
5-6 styrerepresentantar12 93960,339,20,478100,00,00,0
7-8 styrerepresentantar1 96379,520,30,264100,00,00,0
9-10 styrerepresentantar23887,013,00,015100,00,00,0
11 eller fleire styrerepresentantar3686,113,90,07100,00,00,0
 
Tilsettegrupper
I alt348 85320,670,68,8213100,00,00,0
Ingen tilsette226 84918,473,68,059100,00,00,0
1-4 tilsette69 62020,667,012,434100,00,00,0
5-9 tilsette24 09826,563,510,019100,00,00,0
10-19 tilsette15 46228,764,96,422100,00,00,0
20-49 tilsette8 59933,562,04,536100,00,00,0
50-99 tilsette2 32642,456,21,415100,00,00,0
100-249 tilsette1 24146,652,90,613100,00,00,0
250 eller fleire tilsette65864,933,91,215100,00,00,0
 
Næring
I alt348 85320,670,68,8213100,00,00,0
Jordbruk, skogbruk og fiske5 31120,375,93,73100,00,00,0
Bergverksdrift og utvinning1 26426,771,41,912100,00,00,0
Industri13 56324,170,35,532100,00,00,0
Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn1 69238,559,81,85100,00,00,0
Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd90325,572,61,90...
Byggje- og anleggsverksemd48 66414,383,22,65100,00,00,0
Varehandel, reparasjon av motorvogner45 51221,867,211,115100,00,00,0
Transport og lagring10 38318,777,33,926100,00,00,0
Overnattings- og serveringsverksemd11 11627,059,313,80...
Informasjon og kommunikasjon17 00518,576,55,014100,00,00,0
Finansierings- og forsikringsverksemd23 19715,174,710,248100,00,00
Omsetning og drift av fast eigedom62 36423,471,55,28100,00,00
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting41 10620,868,510,733100,00,00
Forretningsmessig tenesteyting14 35721,170,08,84100,00,00
Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting5664,335,70,00..0
Undervisning4 61227,352,420,30..0
Helse- og sosialtenester10 52430,343,426,30..0
Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar5 78229,958,112,00..0
Anna tenesteyting5 44424,630,744,71100,00,00
Lønt arbeid i private hushald450,050,00,00..0
Internasjonale organisasjonar og organ0...0...
Ikkje opplyst25 99415,574,89,77100,00,00,0

Om statistikken

Statistikken gir oversikt over styrerepresentantane og dei daglege leiarane i allmennaksjeselskap og aksjeselskap etter kjønn, landbakgrunn, alder og utdanningsnivå. Den gir dessutan tal på styreroller etter kjønn.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Føretak
Eit føretak er definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken blir juridisk eining behandlet som eit føretak.

Organisasjonsform
Selskapsform i ER. Her skil ein bl.a. mellom aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA).

Allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS)
I AS og ASA har ingen av eigarane personleg ansvar for selskapets skyldnad. Eigarane sitt ansvar for selskapets gjeld er avgrensa til aksjekapitalen. AS kan, til forskjell frå ASA, ikkje ta opp aksjekapital frå allmennheita.

Aksjeselskapa (AS) skal ha eit styre som består av ett eller fleire medlemmer. Selskapet kan ha dagleg leiar (Lov om aksjeselskaper). Allmennaksjeselskapa (ASA) skal ha dagleg leiar og eit styre med minst tre medlemmer (Lov om allmennaksjeselskaper).

Rolletype
Rolletypane i denne statistikken er styreleiar, nestleiar og styremedlemmer (styrerepresentantar), samt dagleg leiar i AS og ASA.

Tilsette

Det er plikt til å innrapportere i a-ordninga når utbetalt lønn og/eller utgiftsgodtgjering for ein person overstig 1 000 kr per år.

Landbakgrunn
er for innvandrarare eiget fødeland. Personar utan innvandringsbakgrunn har berre Noreg som landbakgrunn. For norskfødde er dette foreldres eventuelle utanlandske fødeland.

Standard klassifikasjonar

Standard for næringsgruppering (SN2007)

Standard for inndeling av føretak etter storleiksgruppe

Standard for organisasjonsform

Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS2000)

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Styre og leiing i aksjeselskap
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for næringslivets utvikling

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå og fylkesvis

Kor ofte og aktualitet

Statistikken blir publisert årleg med tal per 1. januar i inneverande år.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Informasjon om populasjonane blir lagra mellombels i programspråket SAS og i lang tid som tekstfiler.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet

Føremålet med statistikken er å gi ein oversikt over kven styrerepresentantane og dei daglege leiarane i eksisterande aksjeselskap er. Statistikken blir fordelt etter kjønn, alder og utdanningsnivå, samt storleiken på føretaket og føretaket si næring. Det blir òg sett på kor mange styre- og leiarverv personar har.

Historie

Føremålet var å etablere eit statistikkgrunnlag basert på ulike datakjelder i SSB, som kunne setje lys på nye sider ved næringslivet med virksomhet/føretak som utgangspunkt og eining i statistikkane, men med fokus på rolleinnehavarane.

Den fyrste publiseringa for aksjeselskap per 1. januar er for året 2004 og for nye aksjeselskap for året 2003. Den siste publiseringa for nye aksjeselskap er for året 2013.

Den fyrste publiseringa fokuserte på kvinner og innvandrarar i personleg eigde føretak og styrerepresentasjon i allmennaksjeselskapa (ASA). Grunngjevinga for berre å ta med ASA var at det er denne organisasjonsforma som lovforslaget om minimum 40 prosent av kvart kjønn gjeld for. Den siste publiseringa om kjønnsrepresentasjonen i ASA-styra var per 1. juli 2008, eit halvt år etter at lova tok til å gjelde.

 

Brukarar og bruksområde

Brukarar av statistikken er offentleg forvalting, forskingsmiljø, media og næringslivet.

Likebehandling av brukere

Prinsipper for likebehandling

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 8.00 på www.ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.

Samanheng med annan statistikk

Nivåtala som blir presentert, vil avvike frå talet på juridiske einingar i Einingsregisteret (ER), og kan på næringsnivå avvike frå det som vert presentert i strukturstatistikkane. Avviket i forhold til ER skyldast i hovudsak at ER omfattar alle juridiske einingar, også dei som ikkje driv næringsverksemd, og at VoF gjennomfører mange kontrollar for å finne ut om eit føretak verkeleg er aktivt.

Ein vil også sjå at tala kan avvike frå den andre føretaksstatistikken til SSB. Årsaka til dette er at ein i statistikken om eigarskap og roller ikkje tek med føretaka som berre har juridiske personar som eigarar eller som manglar rolleopplysningar.

Lovheimel

Ikkje relevant

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Aksjeselskap (AS og ASA) per 1. januar

Populasjonen er ulik statistikkpopulasjonen i føretaksdemografien. Utgangspunktet er alle aksjeselskap som er registrert i Føretaksregisteret (FR) og er aktive (ikkje sletta) per ein bestemt dato.

Føretaksdemografien omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering SN2007, unnateke primærnæringane (næringane 01 jordbruk, 02 skogbruk og 03 fiske, fangst og fiskeoppdrett) og offentleg administrasjon og forsvar (næring 84). Frå og med statistikkåret 2009 er statistikken avgrensa ut frå næring etter Standard for næringsgruppering SN2007. Frå 2000 til 2008 blei statistikken avgrensa ut frå SN2002.

Datakjelder og utval

Statistikken byggjer på Verksemd- og føretaksregisteret (VoF), rolleopplysningane i Einingsregisteret (ER), befolkningsstatistikksystemet (BeReg), og Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). Tal på tilsette er henta frå Seksjon for arbeidsmarknadstatistikk, og er basert på tal frå a-ordninga.

Rolleopplysningane i Einingsregisteret (ER) gir ei oversikt over alle fysiske og juridiske personar som har roller i norsk næringsliv. Dei fysiske personane er registrert med fødselsnummer eller D-nummer, medan dei juridiske personane er føretak som er registrert ved organisasjonsnummer. Ingen kan registrere eit føretak i ER utan også å registrere rolleinnehavarar. Det vert stilt ulike krav til rolleinnehavarar innanfor dei ulike organisasjonsformene.

Informasjon om den fysiske rolleinnehavaren i ER vert oppdatert løpande, og informasjon vert vaska mot data frå Det sentrale folkeregister kvart døgn.

BeReg byggjer på folkeregisteropplysningar. Sidan 1946 har det i den enkelte kommune vore eit lokalt folkeregister som skal registrere alle som er busett i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og føreskrifter til lova. Folkeregisteret får melding om fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar osv. frå ulike kjelder.

Befolkningas høgaste utdanning (BHU) og Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB)
Registeret over befolkningas høgaste utdanning vert no trekt direkte ut frå Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). NUDB samlar all utdanningsstatistikk over avslutta og oppstarta utdanning frå skuleåret 1974/75 og BHU-opplysningar frå 1970 inn i ei felles database. Grunnlaget for utrekket er busette i Noreg som er 16 år eller eldre per 1.10. det gjeldande året. Den utdanningsaktiviteten som har høgast nivå i Standard for utdanningsgruppering (NUS2000) som er registrert i NUDB gir status for BHU for den enkelte person. Ved fleire utdanningsaktivitetar vert først den utdanninga som har høgaste nivå i NUS2000 valt. Dersom nivået ikkje skil utdanningsaktivitetane, vert den utdanninga som har høgaste klassetrinn valt. Dersom klassetrinn ikkje skil utdanningsaktivitetane, vert utdanninga som ikkje har kode for allment fagfelt i NUS2000 valt. Om fagfelt heller ikkje kan skilje mellom utdanningsaktivitetane, vert utdanninga med den nyaste avslutningsdatoen valt. Dersom avslutningsdato ikkje skil utdanninga, vert det tilfeldig valt (sjå òg Om statistikken).

Talet på dei tilsette er tal frå a-ordninga for talet på tilsette per verksemd for midtveka i kvar månad. Tala var tidlegare basert på Aa-registeret. Frå 1. januar 2015 blei Aa-registeret saman med fleire rapporteringar frå arbeidsgjevarar til Skatteetaten og SSB samordna i ei felles rapportering, a-ordninga.

Det blir ikkje nytta utval i denne statistikken.

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikken byggjer på administrative data, og allereie føreliggjande statistikkbasar og statistikkregister.

Verksemd- og føretaksregisteret (VoF) er per i dag eit heildekkjande og kvalitetssikra register med omsyn til omfang og grunndata.

Populasjonen av aktive føretak blir kvalitetssikra mellom anna gjennom direkte kontakt med einingar når det gjeld datafangsten i samband med strukturstatistikkane og gjennom kopling mot administrative register i Overvakingssystemet for verksemder i VoF.

Det går føre seg ei kontinuerleg kvalitetssikring av næringskodane på verksemder og føretak i VoF. Kvalitetssikringa skjer mellom anna gjennom kontakt med føretaka i SSBs strukturundersøkingar, gjennom andre administrative kjelder og gjennom direkte kontakt med føretaka på annan måte, og ved hjelp av meldingar om føremålsendringar til ER.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken vert publisert årleg slik at resultatet kan samanliknast frå år til år. I Statistikkbanken vil ein finne resultat på fylkesnivå.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Føretaksdata

Statistikken baserer seg på statistiske og administrative kjelder. Fleire administrative register er sentrale i arbeidet med oppdateringane av VoF og blir nytta både til å definere populasjonen og til å hente inn kjennemerke og opplysningar. ER, Momsregisteret og a-ordninga blir nytta til å hente inn opplysningar om einingane. Dette gir grunnlag for registerfeil som kan påverke uvissa i statistikken.

Ei mogleg feilkjelde er forelda opplysningar som følgje av etterslep i registreringane. Slike etterslep har si årsak i det faktum at endringar ofte blir registrerte etter at dei har hendt. Konsekvensen er at registera ikkje er fullstendig oppdaterte til kvar tid, og det kan føre til at forelda opplysningar blir nytta som datagrunnlag i statistikken.

I samband med nyregistreringar skal oppgåvegjevar opplyse om dette er ei ny verksemd eller eit eigarskifte. Der slike opplysningar manglar, blir det gjennomført dublettkontroll mot eksisterande føretak for å identifisere eventuelle eigarskifte. Alle eigarskifte blir ikkje fanga opp i desse rutinane, og talet på nyetableringar blir rekna å vere litt for høgt sett i samband med talet på nyregistreringar. Dessutan er det mange nye føretak som ikkje startar opp noka verksemd.

Befolkningsdata
Kvaliteten på datagrunnlaget frå Det sentrale folkeregister er generelt svært god for statistiske føremål. Eit relevant ankepunkt er likevel forsinka meldingar. Forsinka meldingar kan føre til at hendingar vert registrerte og telt med i feil kalenderår. Dette vert mindre problematisk når ein legg saman tal for fleire år.

Det sentrale folkeregisteret består av personar som har norsk personnummer, og personar med D-nummer. Enkelte av personane med D-nummer er personar som bur i utlandet, men som jobbar i Noreg. Desse vil ikkje få anna enn et D-nummer, mens personar som flyttar til Noreg etter kvart vil få norsk personnummer. Det kan derfor være vanskeleg å skilje mellom innvandrarar som har flytta til Noreg og personar som bur i utlandet. Eit anna problem kan vere personar som får endra personnummer som følgje av nye opplysningar om fødselsdato, etc.

Utdanningsdata
For feilkjelder i utdanningsdata, sjå Om statistikken.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB