Størst del kvinner i styre og leiing i Nord-Noreg

Publisert:

Fordelinga mellom mannlege og kvinnelege styrerepresentantar i aksjeselskap har vore nesten uendra dei siste åra. Best er kvinnene representert i Finnmark der 23 prosent av styremedlemmane i aksjeselskapa er kvinner. Troms og Nordland følgjer deretter, kvar med 20 prosent.

Snautt to av ti styrerepresentantar i aksjeselskapa er kvinner, medan dette talet er drygt fire av ti i allmennaksjeselskap. Dermed ligg delen kvinnelege styrerepresentantar i allmennaksjeselskap (ASA) på nivået som er fastsett i kravet om kjønnsrepresentasjon i ASA.

Figur 1

Figur 1. Del kvinnelege styrerepresentantar i aksjeselskap. 1. januar

I aksjeselskapa (AS) er 18 prosent av styrerepresentantane kvinner. Delen er størst i dei tre nordlegaste fylka Finnmark, Troms og Nordland, med høvesvis 23, 20 og 20 prosent. Vest-Agder har den minste delen kvinnelege styrerepresentantar: 16 prosent.

Figur 2

Figur 2. Del kvinnelege daglege leiarar i aksjeselskap. 1. januar

Delen aksjeselskap som har ei kvinne som dagleg leiar, ligg på 16 prosent. Også her er det fylka i nord, i tillegg til hovudstaden, som har størst del kvinnelege daglege leiarar. Det er høvesvis 18,8 og 18,1 prosent i Finnmark og Nordland, og 17,8 prosent i både Troms og Oslo. Kvinner leiar 66 prosent av alle aksjeselskapa innanfor anna tenesteyting og 43 prosent av alle aksjeselskapa innanfor helse- og sosialtenester.

Delen kvinnelege leiarar i allmennaksjeselskap ligg på 7,0 prosent. Denne delen auka med 2,4 prosentpoeng frå 2004 til 2017.

 

Kontakt

Faktaside