I del 1 sa vi at Store tals lov fortel at når vi gjentek eit forsøk veldig mange gonger, vil Det vi faktisk får i forsøk. Vi kan også kalle dette for relativ frekvenst. nærme seg Det vi forventar å få ut frå matematiske prinsipp. for hendinga.
På same måte som at vi får den forventa verdien dersom vi gjentek eit forsøk veldig mange gonger, kan vi seie dette om ei statistisk undersøking der vi spør personar: Dersom vi stiller mange personar eit bestemt spørsmål, aukar vi sannsynlegheita for å få det svaret vi ville fått fra heile befolkninga. Dette er store tals lov, jo fleire du spør, jo nærmare kjem du det sanne svaret. Dersom du for eksempel spør 2 000 personar om kva de vil røyste ved stortingsvalet, får du mykje meir nøyaktige tal enn dersom du spør for eksempel berre 10 personar.
I spørjeundersøkingar er det også andre ting enn kor mange vi spør som er viktig å passe på (Bergseteren & Kleven, 2015, ss. 8–13). Vi går ikkje inn på alle desse no. Men éin ting må vi seie: Det er veldig viktig å velje ut dei vi spør, slik at dei til saman er det vi kallar for eit representativt utval. Det betyr at vi vel personane vi skal spørje (utvalet) slik at dei liknar mest mogleg på alle vi skal seie noko om, for eksempel for kjønn, alder, kor i landet dei bur osv. På den måten kan svara frå personane i utvalet representere dei mange vi ikkje spør.
Det kan verke rart at ein berre treng å spørje nokre tusen personar i ei spørjeundersøking, sjølv om Noreg har meir enn fem millionar innbyggarar. Men her er ein måte å sjå dette på: Tenk på ei stor gryte med suppe. Du treng ikkje ete heile gryta for å vete korleis ho smaker. Det held å ta ei god skei. Dersom du rører godt først, vil skeia innehalde ei blanding som liknar heile suppa. Vi kan seie at innhaldet i skeia representerer heile suppa, dvs. er eit representativt utval. Spørjeundersøkingar fungerer på same måte. Dersom ein vel personane ein spør på ein smart og tilfeldig måte (vel eit representativt utval), og dersom ein spør nok personar, så vil svara gje eit godt bilete av kva heile befolkninga meiner. Dette er også grunnen til at forskarar kan rekne ut kor stort «skei-utvalet» må vere. Og overraskinga er at det held med nokre tusen personar fordi resultata etter eit visst punkt ikkje blir myke meir nøyaktige sjølv om ein spør 10 eller 100 gonger så mange. Store tals lov forklarer dette: Når utvalet blir stort nok, stabiliserer gjennomsnittet seg, og resultata liknar meir på det som gjeld for heile befolkninga. Samtidig må utvalet vere representativt.
Dersom vi for eksempel vil finne ut kor stor prosentdel av røystene dei politiske partia ligg an til å få i eit stortingsval, kan vi velje å spørje et stort nok utval som liknar mest mogleg på alle med røysterett i Noreg.
I september 2025 var det stortingsval i Noreg. Før valet så vi meiningsmålingar som fortalde at dei politiske partia låg an til å få ein viss prosentdel av røystene. Meiningsmålarane sa då at det ikkje var sikkert, men sannsynleg, at partia kunne få denne prosentdelen av røystene.
På valdagen den 8. september spurte InFact på oppdrag av Nettavisen mange fleire personar enn det er vanleg å spørje i meiningsmålingar. Mange gonger spør ein mellom 1 000 og 2 000 personar i slike målingar, men InFact spurde over 6 000 personar i valdagsmålinga. Spørsmålet i valdagsmålinga var kva dei 6 187 spurde personane faktisk hadde røysta. InFact fekk dette resultatet:
Reflekter: Kvifor spurde ikkje meiningsmålarane alle dei som har røysterett? Kor mange ville det ha vore ved stortingsvalet i 2025? Finn talet i statistikken Personer med stemmerett.
På grunn av at det kostar myke og tar tid å spørje alle som kan røyste, spør meiningsmålarane berre eit visst antal personar. Dei vel personane slik at dei liknar mest mogleg på alle som har røysterett, for eksempel for kjønn, alder, kor i landet dei bur osv. Dette kallar vi for eit representativt utval.
Det var 80 prosent som brukte røysteretten på valdagen, altså fleire enn 3,2 millionar personar. Det er mange fleire enn dei 6 187 personane i utvalsundersøkinga. Dei endelege tala for valresultatet viser dette:
Valdagsmålinga sa for eksempel at Arbeidarpartiet og Framstegspartiet, dei to største partia på høvesvis venstresida og høgresida, skulle få 26,8 og 20,4 prosent av røystene. Dei fekk høvesvis 28 og 23,8 prosent av røystene.
Dei som lagar meiningsmålingar og valdagsmålingar veit at resultata kan vere usikre, ettersom dei ikkje kan spørje alle. Dei kan myke om store tals lov! Dette seier dei noko om når dei presenterer resultata sine. Eit eksempel er dette:
I valdagsmålinga så eit av dei mindre partia, Venstre, ut til å få 4,3 prosent av røystene. Her fortalde InFact og Nettavisen at talet var usikkert. Dei sa at det riktige talet for Venstre kunne vere enten 0,5 prosentpoeng større eller mindre enn 4,3 prosent. Ein slik margin, som her var +/- 0,5, kallar vi for feilmargin i statistikkens verd. Med feilmarginen sa dermed meiningsmålarane at Venstres oppslutning kunne vere ein stad mellom 3,8 og 4,8 prosent.
I Noreg er 4 prosent grensa for å vere med i kampen om nokre av plassane i Stortinget. Det er derfor viktig for partia å få minst 4 prosent av røystene. Vi ser at valdagsmålinga, med dei 6 187 spurde personane, ikkje var likt dei 3,7 prosent av røystene Venstre faktisk fekk av alle dei drygt 3,2 millionar røystene. Men avviket er ikkje så overraskande dersom vi tek omsyn til at InFact og Nettavisen sa at det riktige talet for Venstre kunne vere 3,8 prosent.
Refleksjon: Sjå på tala i valdagsmålinga for Sosialistisk Venstreparti (SV) og Høgre, både prosentdelen av røystene og feilmarginen. Kva vil du seie om kor godt valdagsmålinga trefte dei faktiske valresultata for dei to partia?
Gjer oppgåve D.
Berge, J. (2025, 8. september). Nettavisens valgdagsmåling: Rødgrønn knockout. Nettavisen: https://www.nettavisen.no/nyheter/nettavisens-valgdagsmaling-solid-rodgront-flertall/s/5-95-2607252 Bergseteren, T & Kleven, Ø. (2023, 25. juni). Ulike innsamlingsmåter i Velgerundersøkelsen 2019. ssb.no: https://www.ssb.no/valg/kommunestyre-og-fylkestingsvalg/artikler/ulike-innsamlingsmater-i-velgerundersokelsen-2019/_/attachment/inline/354f3f47-a71b-49f6-9732-4f6d745ac8c1:776688b2057d2ee0b2759f708c85a62157029e08/NOT2023-34.pdf NAOB, Det norske akademis ordbok. (2025). Valgdagsmåling. Hentet 30. september 2025, fra https://naob.no/ordbok/valgdagsm%C3%A5ling Statistisk sentralbyrå. (2025, 26. august). Personer med stemmerett. https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/personer-med-stemmerett Statistisk sentralbyrå. (2025, 25. september). Valgdeltakelse. https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/valgdeltakelse Valgdirektoratet. (2025, 17. september). Landsoversikt. Stortingsvalg. 2025. https://valgresultat.no/valg/2025/st