Du må bruke det programmet som læraren vel for klassen til å gjere oppgåva. I dette programmet skal du gjere forsøka 10, 100,10 000 og 100 000 gonger.
Ressursar til oppgåva: Dersom de vil, kan de bruke Excel-reknearket vi har lagt ved nedst til å registrere resultata dykkar og programmet for myntkasta.
1. Be programmet om å kaste mynten 10 gonger, og gjenta forsøket 3 gonger. Registrer resultata for dei tre forsøka i eit rekneark. Lag tre søylediagram i det same reknearket for å visualisere resultata.
Er det stor forskjell på dei relative frekvensane (dei empiriske sannsynlegheitene) fra gong til gong?
2. Så endrar du programmet slik at mynten blir kasta 100 gonger, og gjentek forsøket 3 gonger. Registrer resultata for dei tre forsøka i eit rekneark. Lag tre søylediagram i det same reknearket for å visualisere resultata.
Er det stor forskjell på dei relative frekvensane frå gong til gong?
3. Igjen ber du programmet om å kaste mynten, nå 10 000 gonger, og du gjentek forsøket 3 gonger. Registrer resultata for dei tre forsøka i eit rekneark. Lag tre søylediagram i det same reknearket for å visualisere resultata.
Er det stor forskjell på dei relative frekvensane frå gong til gong?
4. Du endrar programmet endå ein gong slik at mynten blir kasta 100 000 gonger, og du gjentek forsøket 3 gonger. Lag tre søylediagram i det same reknearket for å visualisere resultata. Registrer resultata for dei tre forsøka i eit rekneark.
Er det stor forskjell på dei relative frekvensane frå gong til gong?