Læraren spør elevane kor mange søsken kvar elev har fordelt på jenter og guter og registrerer svara i eit rekneark. Så summerer læraren tala for jenter og for guter kvar for seg og bereknar prosentdelen for jenter og guter.
Er prosentdelen guter og prosentdelen jenter for heile klassen meir lik enn delen for kvar familie?
Dersom han ikkje er det, så kan det være tilfeldig. Store tals lov seier at når vi ser på eit stort tal fødslar, skal vi ha omtrent 1,05 guter per jente. Men dersom vi ser på for eksempel berre 20 fødslar, kan det hende at vi får 16 guter og 4 jenter eller omvendt. Det kjem av at vi ser på for få fødslar til at store tals lov gjeld.