Den naturlege kjønnsraten ved fødsel i verda er omtrent 1,05 guter per jente. Dette betyr at sannsynlegheita for å føde ein gut er rundt 51 prosent, mens for ei jente er ho 49 prosent (World Bank Group, 2025). Store tals lov seier at når vi ser på mange fødslar, skal vi ha omtrent 1,05 guter per jente. Men dersom vi ser på berre 10 fødslar, kan det hende at vi får 8 guter og 2 jenter eller omvendt. Det kjem av at vi ser på for få fødslar til at store tals lov gjeld.
Kor mange guter og jenter var det blant 54 013 fødde babyar i Noreg i 2024?
Korleis ser dei faktiske fødselstala for Noreg ut? I 2024 var det 27 884 levendefødde guter i Noreg, og talet for jenter var 26 129. Det var altså 51,6 prosent guter og 48,4 prosent jenter blant dei 54 013 levendefødde barna i Noreg i 2024.
Er prosentdelen guter og jenter lik kvart år? Nei, prosentdelen er ikkje heilt, men nokså lik. For heile landet har prosentdel fødde guter variert mellom 50,9 og 51,8 for åra 1972–2024. Prosentdelen fødde jenter var på mellom 48,2 og 49,1 prosent i denne perioden:
Det er mange som treng statistikk om kor mange jenter og guter som blir fødde. Samfunnsplanleggarar, helsevesen, politikarar, massemedium, skolar og forskarar er eksempel på kven som bruker statistikken.
Gjer oppgåve C.
Statistisk sentralbyrå (2025,11. mars). Fødte. https://www.ssb.no/befolkning/fodte-og-dode/statistikk/fodte Word Bank Group (2025). Sex ratio at birth (male births per female births. Hentet 30. september 2025, fra https://data.worldbank.org/indicator/SP.POP.BRTH.MF?end=2023&start=1960&utm_source=chatgpt.com&view=chart