Vi veit at vi ut frå store tals lov for heile verda skal vente å få ein prosentdel guter nær 51 prosent kvart år.

1. Finn fødselstal for 2016–2025 i denne tabellen i statistikkbanken: https://www.ssb.no/statbank/sq/10115026. Last tala over i Excel ved å bruke «Lagre» til venstre for tabellen. Du treng tala frå statistikkbanktabellen for å rekne ut svara på desse spørsmåla:

  • Kor mange levandefødde guter og jenter var det til saman for alle desse ti åra? 

  • Kva var prosentdel guter og prosentdel jenter?

  • Korleis vil du seie at tala samsvarer med store tals lov?

2. Finn fødselstala for dei same åra (2016–2025) for Noregs største kommune i folketal, Oslo, Noregs minste kommune, Utsira, og Kongsvinger kommune, som er mellomstor: https://www.ssb.no/statbank/sq/10115034. Last tala over i Excel ved å bruke «Lagre» til venstre for tabellen. Du treng tala frå statistikkbanktabellen for å rekne ut svara på desse spørsmåla:

  • Kor mange levandefødde guter og jenter var det til saman for alle desse ti åra? 

  • Kva var prosentdel guter og prosentdel jenter?

  • Korleis vil du seie at fødselstala for desse kommunane for åra 2015–2024 samsvarer med store tals lov?

3. Ev. tilleggsoppgåve: De kan hente andre tal frå statistikkbanken og sjå om store tals lov gjeld for kommunen de bur i.

  1. For åra 2016–2025 var det til saman 547 051 levandefødde guter og jenter i Noreg. Prosentdelen for guter var til saman 51,4 prosent og for jenter 48,6 prosent. For eit nokså lite land som Noreg kan vi seie at fødslane ligg nært dei forventa prosentdelane for heile verda på 51 prosent for guter og 49 prosent for jenter.
  2. For åra 2016–2025 var det 92 376 levandefødde barn i Oslo, 1 246 i Kongsvinger og 10 i Utsira. Prosentdel guter og jenter i Oslo var høvesvis 51,0 og 49,0 prosent. Dei til saman mange fødslane og prosentdelane tilseier at fødslane i Oslo følgde store tals lov. Prosentdelen guter og jenter i Kongsvinger tyder også på at store tals lov gjaldt nokså mykje. Her var 50,9 prosent av dei 1 246 levandefødde barna guter, og 49,1 prosent jenter. I Utsira var det til saman registrert 10 levandefødde barn i statistikken. 50,0 prosent var guter og 50,0 prosent var jenter. Her har vi likevel så få tal at vi ikkje kan bruke store tals lov.