Mynter og person, illustrasjon

 

Sjå på tala i reallikninga for Noreg for 2020, 2021 og 2022. Bruk tala frå nasjonalrekneskapen i tabell 1 under. I denne tabellen er tala i millionar kroner. 

  1. Finn 2022-tala for Verdiskapinga i landet + Import = Konsum + Investering + Eksport. Held likskapsteiknet? Bruk talet for Bruttoinvestering i alt som mål for Investering i reallikninga.
  2. Kva for komponentar inngår på brukssida? Og kva for komponentar inngår på tilgangssida av reallikninga?
  3. Kva for storleik er størst på brukssida i 2022? Kva for storleik var størst på brukssida i 2020 og 2021?
  4. Kva for forteikn hadde Eksport - Import i kvart av åra 2020, 2021 og 2022?
  5. Kva kan du seie om endringa i kroner frå 2021 til 2022? Kva for to storleikar i reallikninga gjekk mest opp?