Indeksnivået for industriproduksjonen i både 2.kvartal og 3.kvartal 2021 var på 119 (2005=100). Tala indikerer at utviklinga i industrien har flata ut dei seinaste månadene (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Tremånadersendring: skilnader på næringsnivå

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tall. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. visar at industriproduksjonen var uendra i 3.kvartal samanlikna med 2.kvartal. Sjølv om den samla industriproduksjonen har flata ut, var det derimot klåre skilnadar på næringsnivå. Næringsmiddel- og drikkevareindustrien bidrog mest i positiv retning med ein vekst på 1,8 prosent . Dette skuldast særleg ein auke innan foredling og konservering av fisk, men det var òg høg produksjon av drikkevarer i perioden. Auken innan førstnemnde heng mellom anna saman med unormalt høge slaktevolum av makrell for denne tida av året. Elles var det òg ein produksjonsvekst innanfor næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i dette kvartalet.

På motsette side, såg næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri saman med maskindustrien ein klår produksjonsnedgang i perioden. Nedgangen i gummi, plast og mineralsk industri heng mellom anna saman med mykje driftsstans i perioden, medan verksemder innan maskinindustrien melder om lågare aktivitet.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: kraftig auke i trevarer og plast i september

Sesongjusterte tal visar at industriproduksjonen auka med 0,6 prosent frå august til september 2021. Trelast- og trevareindustrien saman med næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri bidrog sterkt til den samla auken med ein oppgang på 14 prosent kvar. Veksten i september for desse næringane må sjåast i samanheng med svært låg produksjon i august innanfor høvesvis trevarer og plast.

På den anna side hadde dataindustri og elektrisk utstyrsindustri ein klår nedgang frå august til september, og bidrog difor til å dempe den samla produksjonsveksten i industrien.

Månadsendring: klårt fall i industriproduksjon i Eurosona i august

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde eit fall på 2 prosent frå juli til august 2021. I same periode var industriproduksjonen i Noreg uendra.

Sverige hadde ein klår nedgang på 2,8 prosent, medan produksjonen i Danmark såg ein kraftig auke på 5,1 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadersendring: kraftig auke i petroleumsnæringa

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein klår auke på 3,5 prosent i 3. kvartal samanlikna med 2. kvartal 2021, viser sesongjusterte tal. Den samla auken er driven av svært høg utvinning av olje og gass, som voks med høvesvis 8,1 og 14 prosent. Høgare olje- og gassprisar har gitt insentiv for auka produksjon på norsk sokkel. Samstundes var det òg mykje driftsstans på nokre felt i føregåande kvartal. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i 3. kvartal, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side gjekk ned med 1,3 prosent frå 2. til 3.kvartal. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 2,6 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall kraftig med nesten 11 prosent. Nedgangen i kraftforsyning heng saman med låg fyllingsgrad i vassmagasina. For meir informasjon sjå SSBs elektrisitetsstatistikk.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.