Indeksnivået for industriproduksjonen i 1. kvartal 2023 var på 118,8 (2005=100) mot 118,6 i førre kvartal. Tala indikerer at aktivitetsnivået i industrien dei seinaste månadane har vore meir stabil (sjå figur 1).

Tremånadarsendring: liten auke i 1.kvartal 2023

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 0,2 prosent i 1. kvartal 2023 samanlikna med kvartalet før. Det var særleg bygging av skip og oljeplattformer som bidrog til den samla oppgangen i industriproduksjonen med ein auke på 4,1 prosent.

- Det var meldt om gode marknadsforhold og prosjekt ved mange større verksemder innanfor denne næringa i dette kvartalet. Dette kan sjåast i samanheng med auke i feltutbygging som følgje av Stortingets skattetiltakspakke for å avhjelpe oljenæringa, seier førstekonsulent Lars Jacob Balchen Dale i SSB.

Det var òg auke i data- og elektrisk utstyrsindustri i denne perioden.

På den anna side hadde oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri eit fall på 4,0 prosent og bidrog såleis til å dempe veksten i industriproduksjonen i 1. kvartal. Det var òg nedgang i næringsmiddelindustrien i denne perioden.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 2,9 prosent i 1. kvartal 2023 samanlikna med førre kvartal, medan anna industri fall med 1,4 prosent (sjå figur 2).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: fall i kjemiske råvarer

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 0,4 prosent frå februar til mars 2023. Det var næringa kjemiske råvarer om bidrog mest til den samla nedgangen med eit fall på 3,3 prosent.

- Årsaka til nedgangen i denne næringa skuldast delvis tilfelle av driftsstans og lågare etterspørsel blant viktige verksemder innanfor næringa i denne perioden, seier Lars Jacob Balchen Dale.

I tillegg hadde maskinreparasjon og -installasjon eit fall på 1,8 prosent.

På den motsette sida ble fallet i industrien dempa av høgare aktivitet i produksjon av data- og elektrisk utstyrsindustri i denne perioden.  

Månadsendring: oppgang i industriproduksjon i Eurosona i februar

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein auke på 1,3 prosent frå januar til februar 2023. I same periode var industriproduksjonen i Noreg uendra (sjå figur 3).

Sverige hadde ein oppgang på 1,8 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein vekst på 3,7 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: fall i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang i 1. kvartal 2023 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein vekst på 1,9 prosent, medan utvinning av naturgass fall med 0,9 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet (npd.no).

Utvinningstenester på si side auka med 0,8 prosent i 1. kvartal 2023 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 5,3 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 1,6 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.