Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden november 2021-januar 2022 var på 118,4 (2005=100) mot 118,9 i føregåande tremånadarsperiode. Etter en svak utvikling i slutten av 2021 tok aktiviteten seg kraftig opp i januar 2022 (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Månadsendring: Ein rekkje næringar bidrog i positiv retning

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. viser at den samla industriproduksjonen hadde ein kraftig auke på 3,3 prosent frå desember 2021 til januar 2022 med mange næringar som bidrog med sterk vekst. Mest bidrog næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i positiv retning med ein solid oppgang på 6,1 prosent, det var òg stor auke i maskinindustri og metallvareindustri. Produksjonen i trelast- og trevareindustri hadde ein oppgang på heile 12,5 prosent, og fleire verksemder innanfor næringa melde om høg etterspurnad etter trelast og relaterte byggjevarer.

Blant dei få næringane med fall i produksjon denne månaden var kjemiske råvarer med ein nedgang på 3,7 prosent.

Tremånadarsendring: næringsmiddel bidrog til fall i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde eit lite fall på 0,4 prosent i perioden november 2021-januar 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var næringsmiddelindustrien som bidrog mest til den samla nedgangen i industrien med eit fall på 5,3 prosent. Dette kjem særleg av nedgang innan foredling og konservering av fisk frå høge produksjonsnivå i førre tremånadarsperiode og heng saman med ein tidleg oppstart av makrellsesongen i august og september 2021.

I tillegg var det òg ein klår nedgang i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i denne tremånadarsperioden. Nedgangen heng blant anna saman med drifts- og vedlikehaldsstans for fleire store verksemder.

På den motsette sida hadde trelast- og trevareindustrien ein klår vekst i denne tremånadarsperioden med 8,8 prosent. Metallindustrien hadde òg ein auke i denne perioden.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: auke i industriproduksjon i Eurosona i desember

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta.hadde ein auke på 1,1 prosent frå november til desember 2021. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 1,6 prosent.

Sverige hadde ein marginal oppgang på 0,3 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg eit fall på 1,2 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: produksjonsnedgang i petroleumsnæringa

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein klår nedgang på 3,4 prosent i perioden november 2021-januar 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Nedgangen kjem særleg av eit fall på heile 12 prosent innanfor utvinning av råolje. I tillegg gjekk utvinning av naturgass òg ned med 7,3 prosent. Nedgangen i petroleumsnæringa heng saman med tekniske problem i første del av tremånadersperioden. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side hadde ein klår vekst på 5,4 prosent i same periode. Bergverksdrift hadde òg ein klår auke på 8,1 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka kraftig med 8,6 prosent.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.

Vekter i produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) er oppdaterte no ved overgangen til nytt år. Grunnlaget for vektene er tilverkingsverdi til faktorpris frå årleg strukturstatistikk for olje- og gassutvinning, industri, elektrisitet og fjernvarme for 2020. Desse blir framskrivne til situasjonen ved utgangen av 2021 med endringstal frå kvartalsvis nasjonalrekneskap og kvantumsopplysningar frå Oljedirektoratet.

For industrinæringane var det vekta til metallindustrien som gjekk mest opp medan næringsmiddelindustrien gjekk mest ned frå 2021 til 2022. Samla sett for totalaggregatet (PII) auka vekta til industrien, medan vekta for utvinning av råolje og naturgass gjekk ned.

Oppdaterte produktivitetsfaktorar for produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) blir tekne i bruk frå og med januar 2022. Desse opplysningane er henta frå årleg nasjonalrekneskap. Faktorane bygger på årleg volumendring i bruttoprodukt per utført timeverk for dei næringane der ein nyttar timeverk som indikator, og er eit gjennomsnitt for dei 5 siste åra