Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden august-oktober 2021 var på 118,9 (2005=100). Tala indikerer at utviklinga i industrien held fram med å vere stabil dei seinaste månadene (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Månadsendring: fall i produksjon frå september til oktober

viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 0,9 prosent frå september til oktober 2021. Næringsmiddelindustrien bidrog mest til den samla nedgangen med eit fall på heile 7,8 prosent. Nedgangen heng saman med eit klårt fall innan slakting og foredling av fisk og må sjåast i samanheng med at det var ein tidleg start i makrellsesong i august og september. Det var òg fall i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, samt i ikkje-jarnhaldige metall. Fallet heng saman med ein del tilfelle av drifts- og vedlikehaldsstans for verksemder innanfor desse næringsgruppene i oktober.

På den anna side hadde næringane dataindustri og elektrisk utstyrsindustri og maskinreparasjon og -installasjon vekst frå september til oktober og bidrog såleis til å dempe den samla produksjonsnedgangen i industrien.

Tremånadersendring: auke i næringsmiddelindustri

viser at industriproduksjonen var om lag uendra i perioden august-oktober 2021, med ein svak nedgang på 0,1 prosent samanlikna med førre tremånadersperiode. Næringsmiddel- og drikkevareindustrien bidrog mest i positiv retning med ein auke på 1,7 prosent. Dette skuldast særleg ein vekst innan foredling og konservering av fisk i august og september. Som tidlegare nemnt heng auken her mellom anna saman med unormalt høge slaktevolum av makrell for denne tida av året.

På den motsette sida hadde trevareindustrien og bygging av skip og oljeplattformer nedgang i denne tremånadersperioden. Fallet i sistnemnde næring i perioden august-oktober kjem som følgje av stor produksjon i førre tremånadersperiode. Perioden mai-juli 2021 var prega av høg aktivitet innanfor spesielt bygging av oljeplattformar og modular. Mange store verksemder innan næringa melde i perioden frå om store prosjekt og gode marknadsforhold.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: Litt lågare industriproduksjon i Eurosona i september

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i hadde eit fall på 0,3 prosent frå august til september 2021. I same periode auka industriproduksjonen i Noreg med 0,6 prosent.

Sverige hadde ein oppgang på 0,4 prosent, medan produksjonen i Danmark såg ein kraftig nedgang på 5,6 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadersendring: kraftig vekst i petroleumsnæringa

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein auke på 3,4 prosent i perioden august-oktober 2021 samanlikna med førre tremånadersperiode, viser sesongjusterte tal. Den samla oppgangen er driven av svært høg utvinning av olje og gass, som aukar med høvesvis 7,5 og 13,9 prosent. Høgare olje- og gassprisar har gitt insentiv for auka produksjon på norsk sokkel. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne tremånadersperioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side gjekk opp med 1,0 prosent i same periode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 0,6 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall kraftig med over 11 prosent. Nedgangen i kraftforsyning heng saman med låg fyllingsgrad i vassmagasina. For meir informasjon sjå SSBs elektrisitetsstatistikk.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.