Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden juni - august 2021 var på 119 (2005=100) mot 119,5 i føregåande tremånadersperiode. Tala indikerer at utviklinga i industrien har flata ut dei seinaste månadene (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Månadsendring: kraftig fall i trevare, auke i næringsmiddel

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tall. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. visar at industriproduksjonen var uendra frå juli til august 2021. Sjølv om den samla industriproduksjonen var uendra, var det derimot store skilnadar på næringsnivå. Næringen trelast- og trevareindustrien bidrog mest i negativt retning med eit produksjonsfall på heile 19,4 prosent. Nedgangen i næringa kjem av svært låg produksjon innanfor trevareindustrien, grunna mellom anna manglande leveransar av råvarer og noko endra feriemønster samanlikna med tidlegare år. (Endra kl.11.14, 7.okt 2021)

Næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri saman med bygging av skip og oljeplattformer hadde òg eit klårt fall i august, med ein nedgang på høvesvis 9,4 og 9,8 prosent frå førre månad.

På den anna side såg næringsmiddelindustrien ein oppgang på 5,8 prosent. Veksten heng i sær saman med ein auke innan foredling og konservering av fisk grunna unormalt høge slaktevolum av pelagisk fisk for denne tida av året. Elles var det òg ein auke i produksjonen innanfor oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i august.

Tremånadersendring: plastindustrien bidrog til fall i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde eit lite fall på 0,4 prosent i perioden juni - august 2021 samanlikna med førre tremånadersperiode. Næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri bidrog mest i negativ retning i denne tremånadersperioden, med eit klårt fall på 8,1 prosent. Det var særleg lågare aktivitet i plastindustrien for perioden som trekkjer ned. Verksemder innanfor delnæringa melder blant anna om driftsstans og omlegging av produksjon som årsak til nedgangen. I tillegg var det òg fall i produksjonen innanfor maskinindustri og maskinreparasjon og -installasjon samanlikna med førre periode.

På motsette side hadde dataindustri og elektrisk utstyrsindustri saman med metallvareindustrien ein auke i denne perioden og bidrog såleis til å dempa den samla nedgangen i industrien.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: auke i industriproduksjon i Eurosona i juli 2021

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein auke på 1,8 prosent frå juni til juli 2021.

I same periode hadde industriproduksjonen i Noreg eit fall på 0,6 prosent. Sverige hadde ein marginal nedgang på 0,2 prosent, medan produksjonen i Danmark såg ein klår auke på 3,2 prosent.

For meir informasjon om utviklinga i europeisk industriproduksjon, sjå denne artikkelen frå Eurostat.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadersendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein auke på 1,8 prosent i perioden juni - august 2021 samanlikna med førre tremånadersperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein oppgang på 4,6 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 4,0 prosent. I følgje tal frå utanrikshandel med varer var eksportert volum av råolje i august på det høgste nivået sidan oktober 2008. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne tremånadersperioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side hadde ein nedgang på 2,5 prosent i same periode. Bergverksdrift hadde eit klårt fall på 6,2 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned med 5,5 prosent.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.