Vi jobber med å migrere disse sidene til
SSB Dataportal. Variabeldefinisjonene kan derfor være utdatert og/eller ufullstendige.
Metadata
Statistikkmetadata er strukturert informasjon om statistikk. Dette omfatter informasjon som brukes for å produsere, formidle, forstå, finne eller (gjen)bruke statistikk.
Formålet med siden er å gjøre SSBs metadatasystemer og andre metadatakilder lettere tilgjengelig. Her kan du søke etter informasjon knyttet til variabler, klassifikasjoner, statistikker, begreper etc.
Klassifikasjoner og kodelister (Klass) erstatter Database for standard klassifikasjoner (Stabas).
|
| Beskrivelse | Ved delinga av Oslo bispedømme i høve lov av 12. desember 1947, vart Hurum, Lier og Røyken førte tilbake til Drammen prosti frå Asker prosti. Ved innlemminga av Aker i Oslo, i høve lov av 11. juli 1947, vart kyrkjelydane i Aker på ny innlemma i Oslo domprosti. Prostiet bestod då av Asker, Vestre og Vestre Bærum prestegjeld.
Larvik prosti låg under Oslo bispedømme til 1948 då det vart overført til det nyoppretta Tunsberg bispedømme.
I 1948 vart Oslo bispedømme delt i Oslo bispedømme og Tunsberg bispedømme (omfattar Buskerud og Vestfold fylke). Difor har alle underliggjande einingar endra kode.
Drammen prosti låg under Oslo bispedømme til 1948 då det vart overført til det nyoppretta Tunsberg bispedømme.
Det tidlegare Sør-Jarlsberg prosti gjekk ved opprettinga av Tunsberg bispedømme over til å bli domprosti i bispedømmet, gjeldande frå 1. juli 1948. Men på grunn av kompatibilitet med endringar for Tunsberg bispedømme er det gjort unntak frå reglane om gyldigheitsperioden, og Tønsberg domprosti vil få gyldigheit allereie frå januar 1948.
|
|---|
| Type | Klassifikasjonsversjon |
|---|
| Språk | Nynorsk |
|---|
| Gyldig fra/-til | 1948-01-01 - 1953-01-01 |
|---|
|
| Beskrivelse | Ved kgl.res. av 12. juni 1931 vart namnet endra frå Torridal til Otredal prosti. Dette skjedde i samband med overføring av Tveid og Oddernes til Kristiansand prosti. |
|---|
| Type | Klassifikasjonsversjon |
|---|
| Språk | Nynorsk |
|---|
| Gyldig fra/-til | 1932-01-01 - 1948-01-01 |
|---|
|
| Beskrivelse | Statsråd bestemte at frå 1. januar 1930 skal Trondhjem domprosti heite Nidaros domprosti. |
|---|
| Type | Klassifikasjonsversjon |
|---|
| Språk | Nynorsk |
|---|
| Gyldig fra/-til | 1930-01-01 - 1932-01-01 |
|---|
|
| Beskrivelse | Stavanger bispedømme vart gjenoppretta 1. januar 1925, ved delinga av Agder bispedømme. |
|---|
| Type | Klassifikasjonsversjon |
|---|
| Språk | Nynorsk |
|---|
| Gyldig fra/-til | 1925-01-01 - 1930-01-01 |
|---|
|
| Beskrivelse | Ved kgl. res. av 19. mai 1922 endra ei rekkje prosti skrivemåten på namnet sitt. Samstundes vart delar av Asker prosti innlemma i Oslo domprosti. |
|---|
| Type | Klassifikasjonsversjon |
|---|
| Språk | Nynorsk |
|---|
| Gyldig fra/-til | 1923-01-01 - 1925-01-01 |
|---|
|
| Beskrivelse | Hamar stiftsprosti endra namn i 1922 til Hamar domprosti.
Prostiet opphøyrde ved kgl. res. av 30. september 1921 og vart delt i Vinger og Odal prosti og Solør prosti, gjeldande frå 1. januar 1922.
Ved kgl. res. av 30. september 1921 vart det gjennomført ei omfattande omregulering av prostia i Hamar bispedøme, herunder opprettinga av Midtre Gudbrandsdal prosti. I 1922 vart Fåberg sokn (Fåberg kommune og Lillehammer) overført frå Toten prosti til Søndre Gudbrandsalsens prosti.
Fåberg prestegjeld vart tilbakeført (frå Gudbransdalen prosti) til Sør-Gudbrandsdal prosti 1. januar 1922.
|
|---|
| Type | Klassifikasjonsversjon |
|---|
| Språk | Nynorsk |
|---|
| Gyldig fra/-til | 1922-01-01 - 1923-01-01 |
|---|
|
| Beskrivelse | Ved kgl. res. av 16. januar 1920 vart Søndre Indherred prosti og Nordre Indherred prosti omorganisert, på grunn av at Stjørdal prosti vart oppretta. Samstundes vart den offisielle skrivemåten endra til Sør-Innherad prosti og Nord-Innherad prosti. |
|---|
| Type | Klassifikasjonsversjon |
|---|
| Språk | Nynorsk |
|---|
| Gyldig fra/-til | 1921-01-01 - 1922-01-01 |
|---|
|
| Beskrivelse | I 1920 endra Tromsø stiftprosti namn til Tromsø domprosti. I samband med det vart Balsfjord og Tromsøsund prestegjeld overført frå Tromsø prosti til Tromsø domprosti. |
|---|
| Type | Klassifikasjonsversjon |
|---|
| Språk | Nynorsk |
|---|
| Gyldig fra/-til | 1920-01-01 - 1921-01-01 |
|---|
|
| Beskrivelse | I 1917 vart Fosens provsti delt i Nord- og Sør-Fosen prosti. |
|---|
| Type | Klassifikasjonsversjon |
|---|
| Språk | Nynorsk |
|---|
| Gyldig fra/-til | 1917-01-01 - 1920-01-01 |
|---|
|
| Beskrivelse | I 1914 vart Hallingdal og Ringerike skilt i kvart sitt prosti. |
|---|
| Type | Klassifikasjonsversjon |
|---|
| Språk | Nynorsk |
|---|
| Gyldig fra/-til | 1915-01-01 - 1917-01-01 |
|---|