Statistikk innhold

Statistikk om

Skatt for selskap

Skatt for selskap viser dei skattepliktige inntektene til selskapa og formue, skatt før frådrag, skattefrådrag og sum utlikna skatt for selskap totalt og etter næring.

Oppdatert: 19. desember 2025
Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Sum utlikna skatt for selskap
    Sum utlikna skatt for selskap
    20232024Endring i beløp (mill. kr)
    Talet på selskapBeløp (mill. kr)Talet på selskapBeløp (mill. kr)2023-2024
    Alle selskap408 119614 590428 325509 680-104 910
    Petroleumsselskap1 34465 01930381 983-83 036
    Alle selskap utanom petroleumsselskap1 408 119149 571428 325127 697-21 874
    1Eit petroleumsselskap består av eit landdistrikt og eit sokkeldistrikt som har høvesvis fastland og petroleum skatteoppgjer. Eit petroleumsselskap vil derfor inngå både som "Petroleumsselskap" og som "Alle selskap utanom petroleumsselskap".
    Standardteikn i tabellar
  • Sum utlikna skatt over tid. Millionar kroner

  • Talet på selskap og sum utlikna skatt, etter skatteregel
    Talet på selskap og sum utlikna skatt, etter skatteregel
    20232024Endring i beløp (mill. kr)
    Talet på selskapBeløp (mill. kr)Talet på selskapBeløp (mill. kr)2023-2024
    Alle selskap1 408 119614 590428 325509 680-104 910
    Petroleumsselskap1 34465 01930381 983-83 036
    Alle selskap utanom petroleumsselskap1 408 119149 571428 325127 697-21 874
    Vasskraftselskap og landbasert vindkraftselskap70139 48873024 611-14 877
    Havbruksselskap1073 3751021 641-1 734
    Skipsaksjeselskap72225177934291
    Finansselskap1 42033 9911 40526 381-7 610
    Selskap med ordinær skattlegging405 16972 465425 30974 7222 257
    1Eit petroleumsselskap består av eit landdistrikt og eit sokkeldistrikt som har høvesvis fastland og petroleum skatteoppgjer. Eit petroleumsselskap vil derfor inngå både som "Petroleumsselskap" og som "Alle selskap utanom petroleumsselskap".
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 17. desember 2025.

Selskap

Selskap er upersonlege skatteytarar som har motteke eit skatteoppgjer.

Skatteoppgjer

Det er tre skatteoppgjer, fastland, svalbard og petroleum skatteoppgjer. Dersom eit selskap har to skatteforhold får det to skatteoppgjer. Det kan gjelde selskap som har skatteforhold både på fastland og til Svalbard, og for petroleumsselskap som har både fastland- og petroleumsskatteforhold.

Petroleumsselskap

Petroleumsselskap er selskap som driv leiting etter og utvinning av olje og gass på norsk kontinentalsokkel. Desse blir skattlagde etter petroleumsskattelova.

Eit petroleumsselskap består av eit landdistrikt og eit sokkeldistrikt som har høvesvis fastland og petroleum skatteoppgjer. Sokkeldistriktet av selskapet vil i statistikken omtalast som petroleumsselskap, medan landdistriktet blir inkludert i selskap med ordinær skattlegging.

Vasskraftselskap

Vasskraftselskap er selskap som blir skattlagde etter særreglane for kraftføretak i skattelova §§ 18-2 til 18-8.

Landbasert vindkraftselskap

Landbasert vindkraftselskap er selskap som blir skattlagde etter særreglane for kraftføretak i skattelova §§ 18-10 til 18-11.

Havbruksselskap

Havbruksselskap er selskap som har akvakulturløyve, som nemnt i akvakulturlova §§6 og 7, og skal dermed bli skattlagde grunnrenteskatt etter kapittel 19 i skattelova om særreglar ved skattlegging av havbruksverksemd.

Skipsaksjeselskap

Skipsaksjeselskap er selskap som blir skattlagde etter særreglane i skattelova §§ 8-10 til 8-20. Dersom visse krav er oppfylt i samsvar med føresegnene i §§ 8-10 til 8-20, kan selskapet sjølv velja om dei skal skattleggjast etter dei særskilde reglane for skipsaksjeselskap eller etter dei ordinære skattereglane.

Finansselskap

Finansselskap er selskap som er pliktige til å betala finansskatt på lønn etter folketrydlova §23-2a eller har finansskatt på overskot, eller begge.

Selskap med ordinær skattlegging

Selskap med ordinær skattlegging er selskap som blir skattlagt etter dei ordinære skattereglane i skattelova. Det inkluderer skipsaksjeselskap og finansselskap som blir likna etter ordinære reglar, og dessutan selskap som blir omfatta av svalbardskatteloven.

Eit petroleumsselskap består av eit landdistrikt og eit sokkeldistrikt som har høvesvis fastland og petroleum skatteoppgjer. Landdistriktet av selskapet er inkludert i selskap med ordinær skattlegging, medan sokkeldistriktet er i statistikken omtalt som petroleumsselskap.

Nettoformue

Nettoformue er positiv formue etter frådrag for gjeld, og dannar grunnlag for å rekna ut formuesskatt.

Alminneleg inntekt

Alminneleg inntekt omfattar skattbare inntekter fråtrekt skattemessige frådrag, og dannar grunnlag for utlikning eller berekning av inntektsskatt.

Alminneleg inntekt for skipsaksjeselskap:

Skipsaksjeselskap er friteke for skatt på alminneleg inntekt, men inntekta blir skattlagd gjennom utdeling av utbytte til aksjonærane. I tillegg må selskapet skattleggast av positiv netto finansinntekt og andre skattepliktige inntekter.

Grunnlag særskatt

Grunnlag særskatt dannar grunnlag for å rekne ut særskatt, grunnrenteskatt, for petroleumsselskap, jf petroleumsskattelova § 5.

Grunnrenteinntekt for havbrukselskap

Grunnrenteinntekt for havbrukselskap dannar grunnlag for å rekne ut grunnrenteskatt, jf. kapittel 19 i skattelova om særreglar ved skattlegging av havbruksverksemd.

Grunnrenteinntekt for landbasert vindkraftselskap

Grunnrenteinntekt for landbasert vindkraftselskap dannar grunnlag for å rekne ut grunnrenteskatt, jf. særreglane for kraftføretak i skattelova § 18-10.

Grunnrenteinntekt for vasskraftselskap

Grunnrenteinntekt for vasskraftselskap dannar grunnlag for å rekne ut grunnrenteskatt, jf. særreglane for kraftføretak i skattelova § 18-3.

Grunnlag for naturressursskatt

Grunnlag for naturressursskatt er grunnlag for å rekne ut naturressursskatt, jf. særreglane for kraftføretak i skattelova § 18-2.

Inntektsskatt

Inntektsskatt blir utlikna til staten på grunnlag av positiv alminneleg inntekt og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget. Alle selskap blir omfatta av inntektsskatt.

Inntektsskatt sokkel

Inntektsskatt sokkel blir utlikna til staten på grunnlag av positiv alminneleg inntekt frå petroleumsselskap, og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget.

Finansskatt på overskot

Inntektsskatt for finansselskap blir utrekna på grunnlag av positiv alminneleg inntekt. Skattesatsen blir vedteken av Stortinget, og kjem i tillegg til skattesats for alminneleg inntektsskatt.

Finansskatt på lønn

Finansskatt på lønn blir betalt av finansselskaper på føretakets samlede arbeidsgiveravgiftspliktige lønnskostnader, hvor satsen vedtas av Stortinget.

Tonnasjeskatt

Tonnasjeskatt etter gjeldande satsar vedtekne av Stortinget, gjeld for skipsaksjeselskap etter skattelova § 8-16.

Grunnrenteskatt

Grunnrenteskatt blir betalt på den ekstra fortenesta eit selskap kan få ved utnytting av ein felles naturressurs som tilhøyrer staten.

Særskatt

Særskatt er ein grunnrenteskatt for petroleumsselskap som blir utrekna basert på grunnlaget for særskatt og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget, jf. petroleumsskattelova § 5.

Grunnrenteskatt for havbruksselskap

Grunnrenteskatt for havbruksselskap blir utrekna på grunnlag av grunnrenteinntekt og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget, jf. kapittel 19 i skattelova om særreglar ved skattlegging av havbruksverksemd. Grunnrenteskatt er fråtrekt produksjonsavgift fastsett etter særavgiftslova.

Grunnrenteskatt for landbasert vindkraftselskap

Grunnrenteskatt for landbasert vindkraftselskap blir utrekna på grunnlag av grunnrenteinntekt og til kvar tid vedtatt skattesats av Stortinget, jf. skattelova §18-10.

Grunnrenteskatt for vasskraftselskap

Grunnrenteskatt for vasskraftselskap blir utrekna på grunnlag av grunnrenteinntekt og til kvar tid vedtatt skattesats av Stortinget, jf. skattelova §18-3.

Naturressursskatt

Naturressursskatt for vasskraftselskap blir utrekna på grunnlag av grunnrenteinntekt for naturressursskatt og blir utlikna til kommunen og fylkeskommunen etter gjeldande satsar, jf. særreglane for kraftføretak i skattelova §18-2.

Formuesskatt

Formuesskatt blir utlikna til staten på grunnlag av skattepliktig formue og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget. Enkelte grupper av selskap er fritekne for skatt på formue i samsvar med skattelova § 2-36 nr. 1.

Skatt før frådrag

Skatt før frådrag er summen av skattar før frådrag blir trekt frå for å berekne den endelege skatten, sum utlikna skatt.

Sum frådrag

Sum frådrag viser den samla verdien av alle frådrag som kan trekkjast frå skatt for å berekne den endelege skatten, sum utlikna skatt.

Utbetalt særskatteverdi av underskota i år

Omlegginga av særskatten til ein kontantstraumsskatt i 2022 inneber at petroleumsselskapa får utbetalt skatteverdien av underskot i særskattegrunnlaget i samband med skatteoppgjeret.

Kreditfrådrag

Kreditfrådrag er eit frådrag i skatt som kan krevjast etter skattelova §§ 16-20 og 16-30.

Forskings- og utviklingsfrådrag

Forskings- og utviklingsfrådrag er eit frådrag i skatt for kostnader til forskings- og utviklingsprosjekt etter skattelova § 16-40. Dersom det fastsette frådraget overstig skatt før frådrag, skal det overskytande beløp utbetalast.

Frådrag for naturressursskatt

Frådrag for naturressursskatt kan krevjast i utlikna inntektsskatt av vasskraftselskap etter skattelova § 18-2. Dersom naturressursskatten overstig inntektsskatt for inntektsåret, kan det overskytande framførast til frådrag seinare år med rente som departementet fastset i forskrift.

Sum utlikna skatt

Sum utlikna skatt til staten er skatt før frådrag fråtrekt sum frådrag.

Negativ sum utlikna skatt

Eit selskap har negativ sum utlikna skatt dersom sum frådrag overstig skatt før frådrag. Det betyr at selskapet ikkje skal betala skatt til staten, men får beløpet utbetalt.

Talet på selskap

Talet på selskap er det samla talet selskap som inngår i ein tabell.

Talet på selskap i skatteposisjon

Talet på selskap i skatteposisjon er selskap som har skatt før frådrag, som inngår i ein tabell.

Talet på selskap i formuesskatteposisjon

Talet på selskap i formuesskatteposisjon er selskap som har positivt beløp i formuesskatt, som inngår i ein tabell.

Næringsgruppe er koda etter Standard for næringsgruppering (SN2007), som byggjer på EUs tilsvarande standard (NACE Rev. 2).

Selskap som driv aktivitet i fleire bransjar, er prinsipielt gruppert etter det føretaket som bidreg mest til den samla bearbeidingsverdien i selskapet.

Beløp: mill. kr

Relatert innhold