Utlikna skatt frå petroleumsselskapa nådde 382 milliardar kroner i 2024, viser tal frå statistikken Skatt for selskap.
Dette er ein nedgang på 83 milliardar kroner frå 2023, då beløpet var 465 milliardar kroner.
– Trass i nedgangen i utlikna skatt for petroleumsskatten i 2024, er ho framleis den tredje høgste til no, seier rådgivar Caroline Wang Paulsen i Statistisk sentralbyrå.
Utviklinga skuldast fleire faktorar. Høge olje- og gassprisar for 2024 - sjølv om oljeprisen var lågare enn året før - kombinert med auka produksjon og ein framleis svak norsk kronekurs, ifølge Skatteetaten (skatteetaten.no).
Petroleumsskatten fordelte seg slik:
- Inntektsskatten utgjorde 121 milliardar kroner, ned frå 148 milliardar kroner året før.
- Særskatt er ein grunnrenteskatt for petroleumsselskap som blir utrekna basert på grunnlaget for særskatt og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget, jf. petroleumsskattelova § 5. var på 262 milliardar kroner mot 320 milliardar i 2023.
- Ni selskap fekk Omlegginga av særskatten til ein kontantstraumsskatt i 2022 inneber at petroleumsselskapa får utbetalt skatteverdien av underskot i særskattegrunnlaget i samband med skatteoppgjeret. på totalt 1,5 milliardar kroner mot 2,4 milliardar kroner året før.
Fall òg i selskapsskatten utanom petroleumssektoren
Til saman bidrog òg selskapa utanom petroleumssektoren til nedgangen i selskapsskatten med eit fall til 128 milliardar kroner frå 150 milliardar kroner i 2023.
Fastsett skatt for havbruksselskapa var på 1,6 milliardar kroner i 2024 mot 3,4 milliardar kroner i 2023, nær ei halvering.
Finansselskap er selskap som er pliktige til å betala finansskatt på lønn etter folketrydlova §23-2a eller har finansskatt på overskot, eller begge. medverka òg til reduksjonen i selskapsskatten med ein nedgang frå 34 milliardar kroner i 2023 til 26 milliardar kroner i 2024.
Samstundes hadde skipsaksjeselskapa ei framleis positiv utvikling med ei auke i fastsett skatt på 342 millionar kroner i 2024 mot 251 millionar kroner året før.
Den same tendensen gjeld for Selskap med ordinær skattlegging er selskap som blir skattlagt etter dei ordinære skattereglane i skattelova. Det inkluderer skipsaksjeselskap og finansselskap som blir likna etter ordinære reglar, og dessutan selskap som blir omfatta av svalbardskatteloven., som òg opplevde ei mindre auke i selskapsskatt frå 72 milliardar kroner i 2023 til 75 milliardar kroner i 2024.
Ny grunnrenteskatt
Frå og med inntektsåret 2024 skal eigarar av landbasert vindkraftanlegg skattleggast for Grunnrenteskatt for landbasert vindkraftselskap blir utrekna på grunnlag av grunnrenteinntekt og til kvar tid vedtatt skattesats av Stortinget, jf. skattelova §18-10., med ein skattesats på 32,1 prosent for 2024. (skatteetaten.no)
Kraftføretak – som her omfattar vasskraftselskap og landbasert vindkraftselskap - er presentert i éin og same tabell i statistikken frå og med 2024.
Vasskraftselskap og landbasert vindkraftselskap stod for om lag 89 og 9,3 prosent av den samla straumproduksjonen i Noreg for 2024. Etter rekordhøg straumproduksjon var kraftprisen den lågaste på fire år.
Dette kjem til uttrykk i at fastsett skatt frå kraftføretak er redusert til 24,6 milliardar kroner for 2024, ned frå 39,5 milliardar i 2023. Den same utviklinga gjer seg gjeldande for inntektsskatten som fall frå 13,1 milliardar kroner i 2023 til 7,6 milliardar kroner i 2024. Grunnrenteskatten var på 16,9 milliardar kroner i 2024 mot 26,5 milliardar kroner året før.