Frå eit allereie høgt nivå i 1. kvartal 2022, auka verdien av både eksport og import av tenester i 2. kvartal 2022 i statistikken utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Norske ikkje-finansielle føretak selde tenester til utlandet for nær 87,4 milliardar kroner i 2. kvartal 2022. Dette var ei auke på 11,1 milliardar kroner, eller 14,6 prosent, frå 1. kvartal 2022. Kjøp av tenester frå utlandet auka med 8,3 milliardar kroner, opp 11,6 prosent frå 1. kvartal 2022.

Kraftig auke i overskotet på tenestebalansen

Overskotet på tenestebalansen auka til 7,3 milliardar kroner. Overskotet betra seg med heile 2,8 milliardar kroner frå førre kvartal, og har ikkje vore så stor sidan undersøkinga av Noregs tenestehandel med utlandet starta i 1. kvartal 2012, som var da utanriks sjøfart blei inkludera i statistikken.

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Over halve tenesteeksporten frå Noreg kjem frå transportnæringa

I 2. kvartal 2022 vart over halve tenesteeksporten frå Noreg, nær 53 prosent, levert frå næringa «transport og lagring», som inkluderer sjøtransporttenester. Tala viser ein stor auke i næringa, og verdien av tenesteeksporten frå verksemd innan transport- og lagring gjekk opp med 24,6 prosent, frå 37 milliardar kroner i 1. kvartal 2022 til 46 milliardar kroner i 2. kvartal 2022.

– Ein viktig årsak til auka i handelen av sjøtransporttenester for næringa «transport og lagring» er at dollaren har økt i verdi målt i norske kroner. Når dollaren aukar i verdi mot kroner, vil også verdien av frakttenester målt i norske kroner auke, sjølv om ikkje volumet eller prisen på tenester eksportert nødvendigvis også har auka, seier seksjonssjef Therese Vestre.

Snittkursen hos Noregs Bank for norske kroner mot amerikanske dollar steg med 6,4 prosent frå 1. kvartal 2022 til 2. kvartal 2022. Endringa var på 10,8 prosent frå sama kvartal året før.

Den sama grunnen til auke i eksport har også påverka at kostnaden av importen for sama næring har auka med 19,3 prosent frå førre kvartal, og enda på 24,6 milliardar kroner.

Stor auke i sjøtransporttenester

At Noreg framleis er ein sjøfartsnasjon kjem og tydeleg fram i fordelinga over dei viktigaste gruppene i tenestehandelen med utlandet; nær 45 prosent av eksportverdien kjem frå gruppa «sjøtransporttenester», som enda på 40 milliardar kroner. Dette var ein oppgang på 24,5 prosent frå 1. kvartal 2022, og ein auke på hele 62,7 prosent frå mot sama periode i fjor.

For import av tenester er det gruppa med forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester som utgjer den største delen, med 17,7 prosent, og ligg like over sjøtransporttenester, med sin del på 16 prosent av importen. Dette utgjorde høvesvis 14,2 milliardar kroner og 12,8 milliardar kroner.

Mest tenestehandel med Europa

Eksport av tenester til EU-land utanom Norden utgjorde 23,4 prosent av den totale tenesteeksporten, medan 15 prosent gjekk til nordiske land.

Nær ein tredel av Noregs import av tenester i 2. kvartal 2022 var frå land innan EU utanom Norden. Norske ikkje-finansielle føretaks kjøp av tenester frå nordiske land sto for 21,3 prosent av importen.

Figur 2. Landfordelt tenestehandel 2. kv. 2022

På grunn av at Storbritannia si utmelding frå EU vart formelt fullført frå og med 1. februar 2020 vart det ei endring i statistikken over utanrikshandel med tenester. Då undersøkinga ikkje måler handelen kvar månad, men for kvartalet som heile, er Storbritannia i statistikken flytta frå regionen «EU-land utanom Norden» til regionen «Europa elles» frå og med 1. kvartal 2020.