Verdien av import av tenester 2. kvartal 2025  auka noko samanlikna med både 1. kvartal 2025 og 2.kvartal fjor, synte statistikken utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Norske ikkje-finansielle føretak selde tenester til utlandet for 111,1 milliardar kroner i 2. kvartal 2025, ei nedgang på 2,4 milliardar kroner, eller 2,1 prosent, frå 1. kvartal 2025, og ned 8 milliardar eller 6,7 prosent frå 2. kvartal 2024. Differansen mellom tenesteeksport og tenesteimport for utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle foretak (tenesteeksport – tenesteimport) synte en nedgang frå førre kvartal på 4,8 milliardar, mens nedgangen frå same kvartal i fjor enda på 9,2 milliardar. Tenesteoverskotet var det lågaste sidan 2. kvartal 2022.

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Milliardar kroner.

– Ei auke i importen samtundes som man såg ein reduksjon i eksporten førte til lågare tenesteoverskot, seier seniorrådgivar i seksjon for utanrikshandel, Ayfer Storrud.

Sjøtransporttenester framleis størst

Nær  ein tredel av den totale eksportverdien i 2.kvartal kjem frå gruppa «sjøtransporttenester», som enda på 36,5 milliardar kroner. Dette var likevel ein nedgang på 3,0 prosent frå 1. kvartal 2025, og ned 14,6 prosent frå same periode i fjor.

For import av tenester er det gruppa med forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester som utgjer den største delen, med 19,6 prosent, noko som tilsvarar 20 milliardar kroner. Deretter følger IT-tenester som enda på 16,3 milliardar kroner i 2. kvartal 2025. Dette var ein nedgang på 4,9 prosent frå 1. kvartal 2025, men en oppgang på 9,2 prosent frå same kvartal i fjor.

Figur 2. Utanrikshandel med tenester, etter tenestetype, 2. kvartal 2025. Milliardar kroner.

Mest tenestehandel med Europa

Eksport av tenester til EU-land utanom Norden utgjorde 26,8 prosent av den totale tenesteeksporten, medan 16,9 prosent gjekk til nordiske land.

Nær ein tredel av Noregs import av tenester i 2. kvartal 2025 var frå land innan EU utanom Norden. Norske ikkje-finansielle føretaks kjøp av tenester frå nordiske land sto for 21,6 prosent av importen.

Figur 3. Landfordelt tenestehandel 2. kvartal 2025. Millioner kroner.