I 3. kvartal 2025 blei det ført over 1064 milliardar kroner frå utlandet til norske bankkontoer i Noreg tilhøyrande ikkje-finansielle føretak og privatpersonar. Det blei i same periode ført over 1056 milliardar kroner til utlandet i følgje statistikken over betalingsstraumar mellom Noreg og utlandet. Sett mot føregåande periode er dette ein nedgang på dei inngåande betalingsstraumane på 9,0 prosent og dei utgåande betalingsstraumane på 5,3 prosent.

Inngåande betalingsstraumar gjekk ned i dei fleste næringane i 3. kvartal, og størst nedgang var i næringa «elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvatnforsyning», som minka med heile 25,2 milliardar kroner, tilsvarande 17,5 prosent. Også dei utgåande betalingsstraumane gjekk ned i 3. kvartal. Nedgangen var, i likhet med dei inngåande betalingsstraumane, dreve av næringa «elektrisitet-, gass-, damp- og varmtvatnforsyning», men også næringa «bergverksdrift og utvinning». Nedgangen var på høvesvis 18,4 prosent og 13,3 prosent i dissa næringane.  

Fordelt på regionar var nedgangen for inngåande og utgåande banktransaksjonar størst i Norden. Inngåande transaksjonar frå Norden minka med 88,1 milliardar kroner, mens utgåande transaksjonar gjekk ned med 65,2 milliardar kroner.

Samanlikna med same periode i fjor syner tala ein nedgang på 6,5 prosent i bankoverføringar frå utlandet. Bankoverføringane frå Noreg til utlandet syner derimot ein liten oppgang på 0,9 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Figur 1. Grensekryssande betalingar per kvartal. Milliarder kroner