Opplæring i føretak

Oppdatert: 16. juni 2022

Neste oppdatering: Foreløpig ikke fastsatt

Andel av føretak som tilbydde eksterne kurs for sine tilsette
Andel av føretak som tilbydde eksterne kurs for sine tilsette
2020
60,4
%
Andel føretak som tilbyr kurs og andre former for opplæring for sine tilsette, etter tal på tilsette
Andel føretak som tilbyr kurs og andre former for opplæring for sine tilsette, etter tal på tilsette
2020202020202020
I alt10-49 tilsette50-249 tilsette250 eller fleire tilsette
Kurs og andre former for opplæring i alt93,092,295,999,3
Kurs i alt79,076,988,094,4
Andre former for opplæring i alt84,483,189,797,0
Interne kurs65,662,678,090,2
Eksterne kurs60,456,976,280,1
Standardtegn i tabeller

Utvalgte tabeller og figurer fra denne statistikken

Om statistikken

SSB gjennomfører næringslivsundersøkinga Opplæring i føretak kvart femte år. Hensikten med undersøkinga er å gi innsikt i omfang av kurs og andre formar for opplæring i næringslivet. I tillegg mottek føretaka spørsmål knytt til blant anna til deira kompetansebehov, strategiar for opplæring samt faktorar som avgrensar tilbodet av opplæring.

Føretak

I Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken vert ei juridisk eining behandla som eit føretak.

Bedrifter

Tala frå 2005 bruker bedrifter som telleeining. Der føretak er den minste juridiske og økonomiske eininga, så er ei bedrift ei lokal bransjeeining. Dette er ei produksjonseining, som er inndelt etter kva for slags økonomisk aktivitet som vert utøvd. I nyare tid vert lokal bransjeeining som oftast omtalt som ei «verksemd».

Næring

Gruppering av føretak etter den viktigaste aktiviteten i føretaka. Næringane kan grupperast på ulike detaljnivå. Denne statistikken viser tal etter næringshovudområde. Denne inndelinga følgjer standard for næringsgruppering (SN2007).

Opplæring

Vi definerer i denne undersøkinga opplæringsaktivitetar som planlagte aktivitetar som har som sitt hovudformål å tileigne seg nye ferdigheiter, eller å vidareutvikle eksisterande ferdigheiter. For å verte rekna som ein opplæringsaktivitet må det vere snakk om ein faktisk aktivitet som kan skiljast frå dei daglege arbeidsoppgåvene i føretaket.

Kurs

Kursaktivitetar er vanlegvis læringsaktivitetar som er tydeleg skilde frå den daglege arbeidssituasjonen til deltakarane og er som regel organiserte for ei større gruppe av deltakarar. I denne statistikken skil vi mellom interne kurs, som er organiserte av tilsette i føretaket, og eksterne kurs, som er organiserte av nokon utanfor føretaket.

Næringsinndelinga i statistikken følgjer standard for næringsgruppering (SN2007).

Opplæring i føretak

Foreløpig ikke fastsatt

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Tal frå undersøkinga vert berre publisert på nasjonalt nivå.

Statistikken vert publisert kvart femte år.

Publiseringa i 2022 gjeld tal for 2020. Undersøkinga vart utført i perioden mai – juli 2021.

SSB leverer mikrodata frå undersøkinga til Eurostat.

SSB lagrar rådatafiler med resultat frå utfylte skjema og statistikkfiler med data som har gått igjennom koplings-, omkodings- og estimeringsprogram i kryptert form. SSB oversender anonymiserte mikrodata til Eurostat.

Målet med undersøkinga er å kartleggje omfang av opplæring i føretak, og korleis føretaka planlegg, gjennomfører og evaluerer opplæring for sine tilsette.

Undersøkinga Opplæring i føretak er den norske delen av den europeiske undersøkinga Continuing Vocational Training Survey (CVTS) som har vorte gjennomført sidan 1994. Noreg har deltatt i undersøkinga kvart femte år sidan 2000. Undersøkinga inngår i eit større arbeid med å kartleggje læring blant vaksne.

Tal frå undersøkinga gjev relevante myndigheiter og andre interesserte informasjon om opplæringsarbeid og kompetansebehov i føretaka. Statistikken utgjer dermed eit bidrag til kunnskapsgrunnlaget for utforming av kompetansepolitikk, både i Noreg og på europeisk nivå.

Viktige brukarar er blant anna Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, internasjonale organisasjonar, næringslivsorganisasjonar, fagforeiningar, forskarar og media. Resultata frå undersøkinga vil også danne grunnlag for framtidige analyser frå SSB.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08:00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Opplæring i føretak utgjer ein del av SSB sitt arbeid med å kartleggje læring hjå vaksne. Sjå statistikkane Livslang læring og Voksnes læring for tal frå undersøkingar som kartlegg læring blant vaksne frå individperspektivet. Opplæringsomgrepet i denne statistikken er likevel ikkje heilt likt som i desse to andre undersøkingane. I motsetning til i dei så skil ein i Opplæring i føretak ikkje mellom formell vidareutdanning og ikkje-formell opplæring.

Tal frå undersøkinga vert også brukt vidare i statistikken Arbeidskraftkostnader.

Lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven) § 10. Opplysningsplikt.

CVTS-undersøkinga er underlagt Europaparlament- og rådsforordning (EF) 1552/2005 om statistikk over yrkesrettet opplæring i foretak, og er implementert gjennom Kommisjonsforordning 198/2006 og 1153/2014.

Undersøkinga går ut til eit utval av føretak i både privat og offentleg sektor. Kriteria for å kunne verte valt ut til undersøkinga er at eininga er eit føretak med minst 10 tilsette som høyrer til eit av dei følgande næringsområda:

  • Bergverksdrift og utvinning
  • Industri
  • Elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvannsforsyning
  • Vannforsyning, avløps- og renovasjonsvirksomhet
  • Bygge- og anleggsvirksomhet
  • Varehandel, reparasjon av motorvogner
  • Transport og lagring
  • Overnattings- og serveringsvirksomhet
  • Informasjon og kommunikasjon
  • Finansierings- og forsikringsvirksomhet
  • Omsetning og drift av fast eiendom
  • Faglig, vitenskapelig og teknisk tjenesteyting
  • Forretningsmessig tjenesteyting
  • Kulturell virksomhet, underholdning og fritidsaktiviteter
  • Annen tjenesteyting

Tal for Opplæring i føretak er samla inn gjennom ei representativ utvalsundersøking blant føretak.

I undersøkinga for 2020 vart det trekt eit utval på 3 127 føretak. Det endelege talet på gyldige svar frå føretaka ligg på 2 283 føretak.

I undersøkinga for 2015 vart det trekt eit utval på 3 539 føretak. Det endelege talet på gyldige svar frå føretaka ligg på 2 332 føretak.

Svar på undersøkinga vert henta inn med hjelp av eit elektronisk webskjema. Oppgåvegivar er den same som observasjonseininga. Føretak som ikkje svarar eller ikkje lenger er ein del av populasjonen grunna avgang, vert ikkje erstatta med nye føretak i utvalet.

I webskjemaet vert det lagt inn fleire maskinelle rutinar for å førebyggje feil svar og/eller feil registrering av svar. For CVTS vert dataa også kontrollerte ved hjelp av eit spesialverktøy frå Eurostat som testar for gyldige verdiar på enkelte variablar, logisk konsistens mellom variablar og særleg låge/høge verdiar på ulike andre testindikatorar.

SSB reknar ut vekter for å kunne estimere totalar for heile populasjonen av føretak som undersøkinga skal sjå på. Vektene vert rekna ut på grunnlag av kor mange føretak som svara på undersøkinga og kor mange føretak som var i populasjonen. Etter det vert vektene justerte ved å kalibrere desse opp mot kjente populasjonstotalar for ulike næringsgrupper og for ei tredelt storleiksgruppering etter tal på tilsette i føretaka. Dette vert gjort sånn at dei estimerte populasjonstala for føretak samsvarar med dei kjente totala for kvar av dei ulike nærings- og storleiksgruppene.

Ikkje relevant.

Gjennom § 7 i statistikkloven om Statistisk konfidensialitet ved formidling av offisiell statistikk er SSB forplikta på at statistikk skal formidlast på ein måte som gjer at det ikkje er mogleg å identifisere ei statistisk eining, korkje direkte eller indirekte, og dermed avsløre opplysningar om eininga.

Difor publiserer SSB berre tal inndelt etter aggregerte næringsgrupper og storleikskategoriar for tal på tilsette. Grunna få observasjonar i enkelte inndelingar av næringsgrupper og storleikskategoriar så vil det ikkje vere mogleg å sjå på begge desse inndelingane i ein og same tabell.

Grunna endring i telleeining, frå bedrift til føretak, mellom undersøkinga for 2005 og undersøkinga for 2010, så er ikkje tala frå 2005 direkte samanliknbare med dei nyare rundane av undersøkinga. Eit føretak kan bestå av ein eller fleire bedrifter, og tal for føretak er dermed ikkje samanliknbare med tal for bedrifter.

Frå og med 2020 vart føretak frå banksektoren trekt ut til undersøkinga. I tidlegare rundar har denne sektoren vorte halden utanfor i trekkinga av utvalet. Det betyr at tala for næringsgruppe «K», som banksektoren er ein del av, ikkje er heilt samanliknbare med tal for tidlegare rundar i og med at nokon fleire føretak er rekna med i denne gruppa frå og med den sjette runden av undersøkinga.

For å sikre at resultata er samanliknbare på tvers av ulike land så implementerer alle deltakarland sin undersøking etter eit felles sett med retningslinjer utarbeidd av Eurostat.

Eurostat har publisert internasjonalt samanliknbare tal for dei ulike deltakarlanda som er tilgjengelege i Eurostat sin statistikkdatabase. Tal for den sjette runden av undersøkinga vil verte tilgjengelege mot slutten av 2022.

I undersøkinga for 2020 var det eit bruttoutval på 3 127 føretak. Bruttoutvalet er det utvalet vi sender spørjeskjema ut til. I løpet av perioden fekk vi inn 2 283 gyldige svar til undersøkinga noko som gav ein svarprosent på 73 prosent.

I undersøkinga for 2015 var det eit bruttoutval på 3 539 føretak. Bruttoutvalet er det utvalet vi sender spørjeskjema ut til. I løpet av perioden fekk vi inn 2 332 gyldige svar til undersøkinga altså var det ein svarprosent på 66 prosent.

Andelen føretak som svara på undersøkinga kallast for nettoutvalet. Dei føretaka som var i bruttoutvalet, men som ikkje svara på undersøkinga kallar vi for fråfall. Ein mogleg feilkjelde ved fråfall er skeivheit mellom nettoutvalet og bruttoutvalet. Viss det er store skilnader i fordelinga på kjente kjennemerker, som næringstilknytning eller tal på tilsette, mellom nettoutvalet og bruttoutvalet så kan eit stort fråfall lede til skeivheitar i resultata. Skeivheit inneberer at nettoutvalet ikkje er statistisk representativt for målgruppa.

Ikkje relevant.

Kvalitetsrapport for undersøkinga vert tilgjengeleg på Eurostat sine nettsider på eit seinare tidspunkt.

Kontakt

Ola Nestvold Grendal

ola.grendal@ssb.no

48 03 33 27