23 prosent av føretaka i undersøkinga svara at grunnleggande PC/IT-kompetanse var eit av deira tre viktigaste kompetanseområde for føretakets vidare utvikling. Dette viser tal frå undersøkinga Opplæring i føretak.

Samanlikna med førre runde av Ein næringslivsundersøking som går ut til eit utval av norske føretak kvart femte år. Undersøkinga har som formål å kartlegge omfang av opplæring for tilsette i ulike føretak, og korleis føretaka planlegg og evaluerer opplæring. var dette ein auke på 8 prosentpoeng. Høgast andel var det blant føretak innan varehandel, reparasjon av motorvogner, med 31 prosent. Til gjengjeld var det ein låg andel i denne næringa, 5 prosent, som rekna avansert IT-kompetanse blant sine viktigaste kompetansar.

Føretaka som svarte på undersøkinga vart bedt om å velje dei tre viktigaste kompetanseområda for føretakets utvikling framover. At eit føretak ikkje har vald eit gitt kompetanseområde som eit av sine viktigaste betyr ikkje at det området ikkje er viktig for føretaket.

Figur 1. Andel føretak som har oppgitt følgjande kompetanser/ferdigheitar som eit av deira tre viktigaste kompetanseområde. 2015 og 2020

Ein rapport frå NITO publisert i 2021 viste at Noreg står ovanfor eit stort behov for spisskompetanse innan IKT. Ser vi på føretaka som deltok i Opplæring i føretak var det berre 12 prosent som rekna avansert IT-kompetanse som eit av sine tre viktigaste kompetanseområde. Likevel er dette ei auke frå førre runde av undersøkinga. I 2015 svara 10 prosent av føretaka det same. Denne auka går igjen i dei fleste av næringane som vart undersøkt.

– Vi ser at etterspørselen etter avansert IT-kompetanse i større grad varierer mellom næringane. Føretaka i informasjons- og kommunikasjonsnæringa skil seg ut med at 78 prosent svara at dette området var viktig for dei. Dette er ikkje overraskande sidan det er ein viktig del av denne næringas arbeidsområde, seier Daniel Albertsen, ansvarleg for undersøkinga.

Nest størst andel finn vi innan finansierings- og forsikringsnæringa. 31 prosent av føretaka svara at avansert IT-kompetanse var eit av deira tre viktigaste kompetanseområde framover.

Figur 2. Andel føretak som oppgir IT-kompetanse som eit av deira tre viktigaste kompetanseområde framover. 2020

Opplæring i føretak er den norske delen av den europeiske undersøkinga Continuing vocational training survey (CVTS) og utgjer ein del av Norge sine forpliktingar gjennom EØS-avtalen og deltaking i det europeiske statistikksamarbeidet.

For å sikre at resultata frå dei ulike deltakarlanda er mest mogleg samanliknbare har ein samordna spørsmåla som vert stilt i undersøkinga. Så langt det let seg gjere, er også mottakarane av undersøkinga standardisert på tvers av deltakarlanda.

Dei internasjonale resultata vil bli publiserte på eit seinare tidspunkt.

Teamwork-/samhandlingskompetanse viktig framover

Av kompetanseområda var teamwork/samhandling eit av dei hyppigast valde. 47 prosent av alle føretaka valde dette som eit av sine tre viktigaste kompetanseområda framover. Dette var likevel ein svak nedgang frå 2015 da andelen var på 51 prosent. Næringa der størst andel valde dette var overnattings- og serveringsnæringa, med ein andel på 62 prosent. Til samanlikning var andelen 39 prosent innan industrinæringa og finansierings- og forsikringsnæringa.

– Ein stor del av føretaka som har svart på undersøkinga har vald teamwork og samhandling som eit viktig kompetanseområde framover. Fordelinga er jamt fordelt på dei ulike næringane, noko som tydar på at dette er ferdigheiter store delar av arbeidslivet ser eit behov for framover, seier Daniel Albertsen.

Figur 3. Andel føretak som har oppgitt teamwork/samhandling som eit av deira tre viktigaste kompetanseområda framover. 2020

Undersøkinga følgjer bestemte kriterium for kva føretak som kan bli valt ut til å svare på undersøkinga. Dermed er det ikkje alle typar føretak som vert dekka av undersøkinga. Undersøkinga vert berre sendt ut til norskregistrerte føretak med 10 eller fleire tilsette.

Heller ikkje alle næringar er dekt av undersøkinga. Føretak knyta til næringane jordbruk, skog og fiske, offentleg administrasjon og forsvar, undervisning samt helse- og sosialtenester vert ikkje trekt ut til undersøkinga.