- Gå til artikkelen Hva er vanlig lønn i Norge? Kva sentralmål og spreiingsmål bruker forfattarane i denne artikkelen, og kvifor?
- Gå til statistikkbanktabell 13311: Månedslønn og alder, etter arbeidstid, kjønn og yrke 2016 - 2024. Kva sentralmål og spreiingsmål har SSB i denne tabellen?
- Bruk den same statistikkbanktabellen. Ta ut tal for 2016 og 2024 for:
- variabelen «Månedslønn (kr)»
- statistikkmåla «Gjennomsnitt», «Median», «Nedre kvartil» og «Øvre kvartil»
- «Yrke», og her vel du «Yrker-1-siffernivå» og «0-9 Alle yrker»
- «Arbeidstid», og her vel du «Heltid»
- «Kjønn», der du vel «Kvinner» og «Menn»
For kva kjønn er variasjonen størst i 2024?
4. Har biletet av variasjon i lønn for kvinner endra seg frå 2016, og for menn?
Forfattarane bruker sentralmåla gjennomsnitt og median. Dei bruker gjennomsnittet fordi det er eit vanlig sentralmål og viktig når ein skal snakke om fordelinga for lønn i Noreg. Men forfattarane bruker også sentralmålet median. Dette gjer dei fordi 68 prosent av lønnstakarane tente mindre enn gjennomsnittet i Noreg i 2024. Det betyr at lønna til fleirtalet ligg under gjennomsnittet, og at gjennomsnittleg lønn derfor ikkje alltid eignar seg som mål på kva folk faktisk tener. Ettersom mange har ei lønn som er lågare enn gjennomsnittet, anbefaler forfattarane også at ein bruker medianen som eit sentralmål, og dei seier at medianen kan gje eit betre bilete av kva som er ei vanleg lønn. At gjennomsnittslønna er høg, kan forklarast med at nokre få lønnstakarar med veldig høg lønn drar opp gjennomsnittet til befolkninga. Forfattarane seier blant anna dette om gjennomsnittet som sentralmål for lønn: «Mange opplever at dette lønnsnivået virker høyt – også når man ser på gjennomsnittslønnen innenfor enkeltyrker. Derfor egner ikke alltid gjennomsnittet seg som mål på hva folk faktisk tjener. I stedet kan det være lurt å se på flere statistiske mål for å få et bedre bilde av lønnsnivået - både generelt og innenfor enkeltyrker.» Vidare seier forfattarane blant anna dette om medianen: «Medianlønn er et mål flere ofte kjenner seg igjen i. I motsetning til gjennomsnittet påvirkes ikke medianlønnen på samme måte av de aller høyeste lønningene, og ligger derfor som regel lavere enn gjennomsnittslønnen.» 2. Gå til statistikkbanktabell 13311: Månedslønn og alder, etter arbeidstid, kjønn og yrke 2016 - 2024. Kva sentralmål og spreiingsmål har SSB i denne tabellen? SSB har sentralmåla gjennomsnitt og median, og spreiingsmåla nedre kvartil og øvre kvartil. 3. Bruk den same statistikkbanktabellen. Ta ut tal for 2016 og 2024 for: Du får ut desse tala for månedslønn etter eksport til Excel: Kvinner, 2016: 41 930 kr (gjennomsnitt, 39 520 kr (median), 33 110 kr (nedre kvartil) og 46 930 kr (øvre kvartil) Kvinner, 2024: 57 950 kr (gjennomsnitt, 54 070 kr (median), 45 150 kr (nedre kvartil) og 64 560 kr (øvre kvartil) Menn, 2016: 47 800 kr (gjennomsnitt, 42 180 kr (median), 34 340 kr (nedre kvartil) og 54 240 kr (øvre kvartil) Menn, 2024: 64 360 kr (gjennomsnitt, 56 730 kr (median), 46 190 kr (nedre kvartil) og 73 330 kr (øvre kvartil) For kva kjønn var variasjonen i lønn størst i 2024? For menn (kvartilbreidda, menn 2024=27 140 kr, medan kvartilbreidda, kvinner 2024=19 410 kr) 4. Har biletet av variasjon i lønn for kvinner endra seg frå 2016, og for menn? Her vel vi å sjå på forskjellane mellom gjennomsnitt og median i kroner og prosent, saman med kvartilbreidda. Ut frå tala finn vi at variasjonen i lønn var størst for menn: Gjennomsnitt minus median, kvinner 2024: 3 880 kr I prosent av medianen: 7 prosent Gjennomsnitt minus median, menn 2024: 7 630 kr I prosent av medianen: 13 prosent Kvartilbreidda=øvre minus nedre kvartil, kvinner 2024: 19 410 kr I prosent av nedre kvartil: 43 prosent Kvartilbreidda=øvre minus nedre kvartil, menn 2024: 27 140 kr I prosent av nedre kvartil: 59 prosent