Dersom du berre har gått gjennom del 1 av undervisningsopplegget, løyser du oppgåvene D1 og D2. Har du berre lært om standardavviket i del 2, løyser du oppgåve D3. Har du gått gjennom både del 1 og del 2, løyser du D1, D2 og D3. 

Du treng eit rekneark for å gjere oppgåva. Du skal bruke datasettet i tabellen under med årslønn for 257 tilsette i ei bedrift. Du kan laste tabellen over i Excel, eller som ei csv-fil. 

  1. Finn variasjonsbreidda og kvartilbreidda for årslønna for 257 personar i bedrifta.

Dette gjer du enten slik:

Du kan rekne ut tala utan å bruke funksjonar i eit rekneark. Nedre og øvre kvartil finn du ved å telje i radene med dataobservasjonar. Dei linjene med observasjonar som i starten utgjer til saman 25 prosent av dei 257 linjene, er nedre kvartil, og dei 25 prosent siste er øvre kvartil. Kvartilbreidda er differansen mellom øvre og nedre kvartil. Variasjonsbreidda er differansen mellom den høgaste og lågaste årslønna. 

Eller slik: 

Bruk funksjonar i reknearket ditt for å rekne ut tala. 

I Excel finn du variasjonsbreidda ved å finne største og minste verdi, og så rekne ut differansen mellom dei. I Excel bruker du funksjon STØRST og MIN for å finne største og minste verdi. For kvartila bruker du funksjonen KVARTIL og finn øvre og nedre kvartil, og så reknar du ut kvartilbreidda. 

    2. Gjennomsnittleg årslønn for dei 257 tilsette er 549 992 kroner, og median årslønn er 526 000 kroner. Kva bilete vil du seie at variasjonsbreidda og kvartilbreidda gjev av spreiinga i årslønn for dei 257 tilsette? 

   3. Rekn også ut standardavviket. I Excel finn du standardavviket ved å bruke Excel funksjon STDAVP. 

1. 

Nedre kvartil: 395 000 kroner

Øvre kvartil: 730 000 kroner

Kvartilbreidde: 335 000 kroner

Variasjonsbreidde: 1 355 000 kroner

Tala blir dei same enten ein løyser oppgåva manuelt eller i reknearket Excel.

2.

Variasjonsbreidda viser at det er stor forskjell mellom den høgaste og lågaste årslønna i bedrifta. Her ser vi at dei høge topplønningane gjev stor variasjonsbreidde.

Kvartilbreidda viser at lønna også varierer ein del for den halvdelen av lønningane som ligg rundt medianen på 526 000 kroner, men ikkje like mykje som mellom dei som tener minst og mest i bedrifta. 

3. 

Standardavvik: 229 477 kroner

Også standardavviket tyder på at det er stor spreiing i lønna til dei tilsette. Gjennomsnittslønna er på 549 992 kroner, og standardavviket på 229 477 kroner er stort i forhold til gjennomsnittet.