Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.
Temaa i undervisningsopplegget er:
- Kva er spreiingsmåla variasjonsbreidde og kvartilbreidde?
- Kva er standardavvik?
- Korleis kan ein rekne ut spreiingsmåla?
- Korleis kan spreiingsmåla brukast?
I dette undervisningsopplegget får elevane ein kort introduksjon til spreiingsmåla variasjonsbreidde, kvartil og standardavvik. Dei får òg informasjon om kva mål dei bør velje når, og korleis utvalde spreiingsmål blir brukte til å beskrive data i Statistisk sentralbyrå (SSB). Del 1 handlar om variasjonsbreidde og kvartilbreidde og del 2 om standardavvik. I oppgåvene kan elevane øve seg på å rekne ut variasjonsbreidde, kvartilbreidde og standardavvik i datasett vi har laga for lønn, og lære meir om bruken av spreiingsmåla. Fasiten ligg på slutten av kvar oppgåve.
Merk at vi for å gjere det enkelt reknar på standardavviket for ein populasjon, ikkje eit utval.
Bruk også gjerne undervisningsopplegget på SSB skole om sentralmåla. Der bruker vi mange av dei same dataa som i dette opplegget.
Dersom de har innspel på korleis vi kan forbetre undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar opplegg om, så skriv til oss på skole@ssb.no.
- forstå kva spreiingsmåla variasjonsbreidde, kvartilbreidde og standardavvik er
- kunne velje et spreiingsmål som seier noko om fordelinga i eit talmateriale
- kjenne til korleis utvalde spreiingsmål blir brukte i nokre statistikkar
Undervisningsopplegget kan bli arbeidd med tverrfagleg, med vekt på matematikk og samfunnsfag/-kunnskap.
Vi tek utgangspunkt i desse kompetansemåla for matematikk og samfunnskunnskap:
- finne og diskutere sentralmål og spreiingsmål i reelle datasett (9. trinn i læreplan i matematikk 1.–10. trinn (MAT01-05 på udir.no)
- bruke og vurdere val av hensiktsmessige sentralmål og spreiingsmål for statistisk datamateriale (vidaregåande skole og læreplan i matematikk 2P (MAT05-04 på udir.no)
- bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved hjelp av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er (SAF01-04 på udir.no)
- utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debattar ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for eigne og andre sine meningar og verdiar (SAK01-01 på udir.no)
Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.