- Kva fortel biletet av «Folkemengdens bevegelse 1734–2021» om utviklinga i befolkninga i Noreg?
- Bruk tala i tabell 3. Når fekk Noreg større innvandring enn utvandring for første gong (innvandringsoverskot)?
- Bruk tala i tabell 3. Beskriv i tal utviklinga i fødselsoverskotet (levandefødde minus døde) frå 1951 til 2025.
- Bruk tala i tabell 3. Når var fødselsoverskotet høgast og lågast for åra 1951–2025, kva var Gjennomsnittet reknar du ut ved å summere alle observasjonar og dividere med talet på observasjonar. for alle åra, og i kva år finn du Medianen finn du ved å ordne alle observasjonar i stigande rekkefølgje. Medianen er då observasjonen i midten av fordelinga. Dersom det er to observasjonar i midten av datamaterialet, er medianen gjennomsnittet av desse to observasjonane.?
Folkemengdens bevegelse 1734–2021

Kjelde: Historisk statistikk, SSB og Folkemengdens bevegelse 1735–2014: en tabellstudie, E. Søbye, SSB
Ein større versjon av biletet "Folkemengdens bevegelse 1734–2021" finn du her: Folkemengdens bevegelse 1735-2021 - figur
Forslag til svar: Vaksinar, pandemiar og krigar har særleg spela inn på utviklinga over tid. Biletet viser at det er stor variasjon i dødelegheita i starten, men stort sett låg talet på fødde også då over talet på døde. Og fødselsoverskotet er ganske stort lenge, ikkje minst når barnedødelegheita går ned litt ut på 1800-talet. Då aukar folkemengda meir enn før. Vidare er det ein lengre tidsserie for utvandring enn for innvandring på biletet. Den noko «taggete» grafen for utvandring frå tida etter 1850 er påverka av utvandringa til USA. I moderne tid (frå utpå 1970-talet) fell fødselsoverskotet. Vi ser også at innvandringa ikkje var så stor dei første åra. Vi veit at ho i starten (frå 1960) var prega av arbeidsinnvandring, der mange innvandra frå Pakistan og Sør-Europa. Etter 2000 vart innvandringa meir samansett. Då kom det også flyktningar til Noreg, og innvandringa auka mykje etter at EU vart utvida austover i Europa. Då kom det mange arbeidsinnvandrarar derfrå. Dei siste åra har det kome mange flyktningar frå Ukraina. Utvandringa aukar gjerne også med innvandringa, fordi mange innvandrarar flyttar ut att av Noreg etter ei tid. 2. Når fekk Noreg større innvandring enn utvandring for første gong (innvandringsoverskot)? I 1961. 3. Beskriv i tal utviklinga av fødselsoverskotet (levendefødde minus døde) frå 1951 til 2025. Forslag til svar: Fødselsoverskotet har svinga noko, men falle over tid når vi ser på åra 1951–2025. I 1951 var fødselsoverskotet på 32 835 personar. Midt i perioden, i 1987 og 1988, var det på høvesvis 9 068 og 12 172 personar. I 2025 var det på 10 361 personar. 4. Når var fødselsoverskotet høgast og lågast for åra 1951–2025, kva var gjennomsnittet for alle åra, og i kva år finn du medianen? For alle de 75 åra i tabellen var gjennomsnittleg fødselsoverskot på18 810 personar. Høgast var overskotet i 1953 med 34 573 personar, og lågast i 2022 med 5 706 personar. Medianen var på 16 021 personar, og vi finn han i 1994.