Noreg har vorte eit rikt land. Lær om korleis økonomiske indikatorar som bruttonasjonalproduktet (BNP), prisindeksar for eksport og import, skattetrykk og forbruk per hushald har endra seg over tid.
Studer tabell 5 og figurane 3–5, og svar på desse spørsmåla.
Korleis har BNP per innbyggjar utvikla seg?
Kva vil du seie om byteforholdet overfor utlandet og betydninga av råolje og naturgass for inntektene til Noreg?
Skattetrykket har endra seg mykje frå 1900 til no. Kva trur du tala fortel om storleiken på den private og offentlege delen av norsk økonomi og korleis vi organiserer samfunnet?
Korleis har hushalda sitt forbruk utvikla seg?
Figur 3. BNP og andre hovedstørrelser (kr per innbygger), etter år
BNP per innbyggjar viser verdiskapinga per innbyggjar over tid. Når vi viser ho i faste prisar, kan vi samanlikne tala over tid utan at vi får med den generelle prisveksten, men sjå kor store verdiar vi skaper gjennom produksjonen i Noreg. Desse BNP-tala viser at verdien vi skaper per innbyggjar, har auka mykje frå 1970, og særleg sterkt fram til 2005. Vi har dermed fått meir å bruke per innbyggjar i Noreg sidan 1970.
Mykje av oppgangen i verdiskapinga skuldast råolje og naturgass og gode prisar på desse eksportvarene. Men også verdiskapinga på fastlandet (altså utanom olje og gass) har auka mykje, og norsk økonomi er ein av dei mest produktive i verda. Mange er i arbeid, og mange har godt betalte jobbar. Vi kan vidare si at vi har vore heldige i byteforholdet med utlandet, fordi prisane på eksport samanlikna med import har vore gunstige og gjeve Noreg gode inntekter. Dette ser vi i figuren over den relative prisindeksen for eksportprisar samanlikna med importprisar, også dette i faste prisar. Mykje av overskotet har gått til Oljefondet, men dette har etter kvart blitt stort, og ein andel av avkastinga frå Oljefondet blir brukt til å gje oss tenester innan til dømes utdanning og helse.
Tala for skattetrykket gir summen av alle skattar og avgifter samanlikna med verdiskapinga (BNP). Dei viser at måten vi styrer Noreg på, har endra seg mykje gjennom 1900-talet. Tidleg var offentlege utgifter og inntekter, inkludert skatt, ein liten del av norsk økonomi, og Noreg hadde då eit lite tilbod av offentlege tenester samanlikna med seinare. Skattetrykket auka ein del etter verdskrigane, særleg etter den andre verdskrigen, og vidare ikkje minst då folketrygda kom i 1967.Vi kan seie at vi no organiserer samfunnet vårt på ein heilt annan måte enn for drygt 100 år sidan, og at offentlege inntekter og utgifter har vorte ein mykje større del av norsk økonomi. Vi har gått frå å vere eit samfunn der privatøkonomien var svært sentral, til at det offentlege tilbyr mange tenester som vi betaler for gjennom skatten. I tillegg sørgjer det offentlege for ei stor overføring frå oss sjølve til oss sjølve. Før vi blir vaksne, får vi mykje att frå det offentlege, til dømes ved at skolen er gratis, og når vi blir gamle, får vi pensjon og gratis omsorg. I mellomtida har vi som yrkesaktive betalt skatt til fellesskapet. I gjennomsnitt får dei aller fleste i Noreg meir att frå det offentlege enn dei betaler inn gjennom livsløpet sitt. Sjølv om auken var kraftig gjennom 1900-talet, har den offentlege andelen av norsk økonomi lege stabilt sidan tidleg på 1990-talet. Skattetrykket har falle noko tilbake dei siste 25 åra, fordi vi har kunna bruke oljepengar både til å finansiere auka offentlege utgifter og til å redusere skattar og avgifter noko.
Tala for forbruk per hushald viser at vi i Noreg også stadig har auka det private forbruket frå 1970 og fram til no.
Lær statistikk ved å analysere tal for populære jente- og gutenamn frå 1880 til 2025. Kor mange fekk i gjennomsnitt eit populært namn, og når var namnet mest populært?
Lær om befolkningsutviklinga i Noreg. Korleis har folkemengda endra seg gjennom årlege variasjonar i talet på fødde og døde, inn- og utvandrarar? Tala fortel ein del av historia til Noreg.
Noreg har vorte eit rikt land. Lær om korleis økonomiske indikatorar som bruttonasjonalproduktet (BNP), prisindeksar for eksport og import, skattetrykk og forbruk per hushald har endra seg over tid.