Oppgåvene handlar om lange linjer og utviklingstrekk i Noreg for desse temaa:
- namn
- demografi – lange linjer
- kvinner og menn i utdanning og arbeidsliv
- velstandsauke, skatt og forbruk
- bustad, gjeld og renter
Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.
De kan velje å løyse ei eller fleire oppgåver. Oppgåvene handlar om lange linjer (tidsseriar) og utviklingstrekk i Noreg for desse temaa:
- namn
- demografi – lange linjer
- kvinner og menn i utdanning og arbeidsliv
- velstandsauke, skatt og forbruk
- bustad, gjeld og renter
Fasit til taldelen av oppgåvene, samt til oppgåve D om tolking av tal om velstandsauke, skatt og forbruk, finn de på slutten av kvar oppgåve.
Talgrunnlaget for oppgåvene er henta frå seminaret «Noregs historie gjennom 15 grafar», som vi arrangerte 22. april 2026 saman med Universitetet i Oslo i samband med Statistisk sentralbyrå sitt 150-årsjubileum.
Vi har laga nokre mindre forslag til gjennomføring i enkelte av oppgåvene. Men de vurderer sjølvsagt sjølve når de ber elevane om å løyse oppgåver åleine, i par, i grupper og i heil klasse.
Dersom de har innspel til kva vi kan gjere betre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar opplegg om, så skriv til oss på skole@ssb.no.
Oppgåvene tek utgangspunkt i å dekkje kompetansemål knytte til dei tverrfaglege temaa Folkehelse og livsmeistring og Demokrati og medborgarskap i læreplanar i matematikk (Mat 01-05), samt kompetansemåla under i samfunnsfag/samfunnskunnskap for 1.–10. trinn og for vidaregåande skole.
Men oppgåvene kan også vere aktuelle for fleire fag enn matematikk, samfunnsfag og samfunnskunnskap.
Konkrete kompetansemål (oppgåvene dekkjer heile eller delar av kvart mål):
- dei tverrfaglege temaa Folkehelse og livsmeistring og Demokrati og medborgarskap i læreplanar i matematikk (Mat 01-05)
- bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved hjelp av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er (SAF01-04, 10. trinn)
- vurdere korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet (SAF01-04, 10. trinn)
- utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debattar ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for eigne og andre sine meiningar og verdiar (SAK01-01)
- drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet (SAK01-01)
- oppgåvene kan også vere aktuelle for kompetansemål i læreplanar for andre fag
- Lære fakta om eit tema ved å bruke offisiell statistikk
- Kunne bruke statistikk til å fortelje korleis utviklinga har vore på eit samfunnsområde
- Reflektere over kva denne utviklinga har hatt å seie for menneska som bur i Noreg
Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.