Oppgåve C. Kvinner og menn i utdanning og arbeidsliv
Lær om nokre utviklingstrekk i utdanning og arbeidsliv i Noreg.
Det er mange forhold som kan påverke yrkesdeltakinga til kvinner og menn.
Korleis vil du beskrive utviklinga i yrkesdeltakinga til kvinner og menn frå det første til det siste året i figur 1? Her er prosentandelen som jobbar (prosentandel som utførte inntektsgivande arbeid i minst éin time i ei særskilt veke) målet for yrkesdeltaking.
Barnehagedekning og utdanning har endra seg og er blant forholda som er viktig for yrkesdeltakinga. Beskriv utviklinga for desse tala frå det første til det siste året i figur 2 og tabell 4.
Når vart andelen kvinner med kort og lang universitets- og høgskoleutdanning større enn andelen for menn ? Bruk tabell 4.
Korleis er desse tala i 2025? Bruk tabell 4.
I kva år var alt dette tilfellet for barnehagedekninga? Bruk figur 2.
Tala viser ei stor endring i den norske arbeidsmarknaden. Kvinnene gjer frå starten av perioden og vidare eit stadig større inntog i arbeidslivet. I dag er sysselsetjingsandelen for kvinner framleis lågare enn for menn, men mykje nærare enn tidleg i perioden.
Kvinner har teke stadig meir utdanning, og barnehagedekninga har auka. Medan det i 1970 var svært få kvinner som tok lang universitets- og høgskoleutdanning (0,4 prosent), var andelen i 2025 13,4 prosent og høgare enn for menn. Andelen kvinner med kort universitets- og høgskoleutdanning blei nokså tidleg i perioden 1970–2025 høgare enn for menn. Barnehagedekninga for dei tre aldersgruppene 1–2 år, 1–5 år og 3–5 år i figuren steig nokså jamt frå låge nivå i 1980 (høvesvis om lag 7, 19 og 27 prosent) til 37, 62 og 78 prosent i 2000, og har deretter gått opp til svært høg dekning, og nesten full dekning for 3–5 åringane. Kraftigast har auken sidan tidleg på 2000-talet vore for 1–2 åringane, med ei dekning på nesten 90 prosent i 2025 mot 37 prosent i 2000.
Når vart andelen kvinner med kort og lang universitets- og høgskoleutdanning større enn han var for menn? For kort universitets- og høgskoleutdanning var andelen lik for kvinner og menn i 1981 (9,1 prosent), men i 1982 gjekk kvinnene forbi mennene med ein andel på 9,5 mot 9,3 prosent. For lang universitets- og høgskoleutdanning var andelen lenge høgast for menn. I 2022 var han lik for begge kjønn (11,6 prosent), og året etter, i 2023, var andelen til kvinnene for første gang størst.
Korleis er desse tala i 2025? Kort universitets- og høgskoleutdanning: Kvinner 30,3 prosent, menn 20,3 prosent. Lang universitets- og høgskoleutdanning: Kvinner 13,4 prosent, menn 12,5 prosent.
I kva år var alt dette tilfellet for barnehagedekninga: for 1–2-åringane minst 80 prosent, for 1–5-åringane minst 90 prosent og for 3–5-åringane minst 96 prosent? I 2012.
Lær statistikk ved å analysere tal for populære jente- og gutenamn frå 1880 til 2025. Kor mange fekk i gjennomsnitt eit populært namn, og når var namnet mest populært?
Lær om befolkningsutviklinga i Noreg. Korleis har folkemengda endra seg gjennom årlege variasjonar i talet på fødde og døde, inn- og utvandrarar? Tala fortel ein del av historia til Noreg.
Noreg har vorte eit rikt land. Lær om korleis økonomiske indikatorar som bruttonasjonalproduktet (BNP), prisindeksar for eksport og import, skattetrykk og forbruk per hushald har endra seg over tid.