1. Kort fortalt: Kva seier tala i tabell 6 og figurane 6 og 7 om prisutviklinga for brukte bustader, renter og gjeldsgrad?
  2. Kva kan tala nedanfor for prisutvikling for brukte bustader, renter og gjeldsgrad bidra med for dei som skal kjøpe sin første bustad?

Figur 6. Prisutvikling for brukte boliger i Norge og Oslo og Bærum. Konsumprisindeksen (KPI). Indekser. 1990=100

Figur 7. Bankenes utlåns- og innskuddsrenter. Totaltelling (prosent), etter år

  1. Tala for bustadprisutviklinga startar i eit botnpunkt i 1992, like etter bankkrisa. Vi kan likevel seie at det har vore sterk vekst i bustadprisane sidan då, særleg i sentrale område som Oslo og Bærum.  Så sjølv om Noreg har vorte eit mykje meir velståande land, kan det vere utfordrande å kjøpe seg sin første bustad. Vi ser òg at andelen som har gjeld som utgjer ein høg andel av inntekta, kan møte utfordringar, særleg i kombinasjon med renteoppgangen dei siste åra. Rentene har svinga ein del, og var svært høge i starten av perioden. Ser vi på dei siste åra, har renta stige igjen, frå eit lågt nivå. Figurane viser ikkje dette, men det er òg slik at nordmenn har uvanleg høg gjeld i forhold til inntekt samanlikna med andre nasjonar, mellom anna på grunn av den høge andelen sjølveigarar i Noreg. Vidare er det slik at nesten ingen i Noreg har fastrente på bustadlånet sitt, medan det er vanlegare i andre land.
  2. Tala kan bidra til at ein får eit augeblinksbilete av kor høg lånerenta er, og at ho varierer over tid. Dei viser også at bustadprisane har stige meir enn konsumprisindeksen (KPI), og meir i sentrale område som Oslo og Bærum enn i landet samla. Merk at kjeldetabellen for grafen gir prisutviklinga for fleire regionar i Noreg, slik at du kan finne tala for prisveksten for brukte bustader i din region. Tabellen gir også tal for dei ulike bustadtypane einebustad, småhus og blokkleilegheiter. Tala om gjeldsgrad for hushalda viser òg både eit bilete av dette nyleg og utviklinga over tid. Slik kan tala gi deg informasjon om at biletet endrar seg noko over tid, og kor mange andre som har like mykje gjeld som deg når du tek opp bustadlån.