1. Tabellane under viser dei mest populære jente- og gutenamna i Noreg frå 1880 til 2025. I kva år nådde kvart av namna popularitetstoppen sin?
  2. Veit du kva vi kallar ein popularitetstopp for eit namn i statistikken? Du skal fram til eit statistisk mål for sentralitet. Hint: Svaret er ikkje gjennomsnitt eller median!
  3. Kva jente- og gutenamn var mest populære det året du vart fødd? Hint: Bruk tabellane for mest brukte jentenamn og mest brukte gutenamn på sida for namnestatistikken.

  1. I kva år nådde kvart av namna popularitetstoppen sin?

Jentenamn

Anna: 1881 (9,036 prosent av fødte jenter hette da Anna), Anne: 1958 (5,557 prosent), Emma: 2003 (2,523 prosent), Ida: 1993 (1,889 prosent), Inger: 1946 (3,548 prosent), Nora/Norah: 2016 (1,836 prosent) og Silje: 1985 (1,984 prosent).

Gutenamn

Arne: 1923 (4,013 prosent av fødte gutter het da Arne), Hans: 1881 (4,312 prosent), Jan: 1957 (4,190 prosent), Johan/Johann: 1880 (4,794 prosent), Martin: 1993 (2,598 prosent), Olav: 1906 (3,135 prosent), Ole: 1882 (5,721 prosent) og Thomas/Tomas: 1975 (2,431 prosent).

2. Veit du kva vi kallar ein popularitetstopp for eit namn i statistikken? Du skal fram til eit statistisk mål for sentralitet.

Vi kallar dette for typetalet. Typetalet er den observasjonen det er flest av, og i den lange tidsserien for namnestatistikken vil det oftast vere eitt bestemt år kvart namn når popularitetstoppen eller typetalet sitt.  I 1881 var det til dømes flest observasjonar av namnet Anna for nyfødde jenter og av Hans for nyfødde gutar. Vi seier at 1881 er typetalet for desse namna når det gjeld år, eller sagt på ein annan måte: Av alle åra 1880–2025 var det mest typisk å heite Anna og Hans i 1881.

3. Svaret finn du i tabellane for mest brukte jentenamn og mest brukte gutenamn på sida for namnestatistikken.