Noreg er ein liten, open økonomi. Det betyr at utviklinga i internasjonal økonomi er viktig for konkurranseevna og Utvikling i konjunkturar (business cycles) beskriv kortsiktige svingningar i den økonomiske aktiviteten i eit land, med vekslande periodar av oppgang (høgkonjunktur) og nedgang (lågkonjunktur). Desse sykliske variasjonane skil seg frå langsiktige økonomiske trendar, som strukturell vekst eller teknologisk utvikling, eller overgang frå ein økonomi med arbeidskraftintensiv verksemd til meir kunnskapsintensiv verksemd. Slike trendar påverkar økonomien over lengre tid. her heime.
Statistisk sentralbyrå (SSB) sine forskarar har utvikla den makroøkonomiske modellen KVARTS for å kunne analysere verknader av blant anna internasjonale forhold og økonomisk politikk på viktige storleikar i norsk økonomi. Modellen er basert på samfunnsøkonomisk teori og bruker store mengder av data om norsk og utanlandsk økonomi (Boug, P. m.fl., 2023). Blant andre bruker SSB og NAV modellen i arbeidet med å lage prognosar, og Finansdepartementet bruker KVARTS når dei lagar nasjonalbudsjettet.
Vi skal i dette undervisningsopplegget bruke KVARTS til å lære korleis verknader på konjunkturane i Noreg avheng av endringar i desse fire internasjonale forholda (faktorane):
- svakare kronekurs
- auka internasjonale prisar
- auka aktivitet hos Noregs handelspartnarar
- auka renter i utlandet
Dette er fire forhold som har betydning for korleis norske bedrifter kan konkurrere med utanlandske bedrifter som lagar produkt for den same marknaden, altså for Noregs konkurranseevne.
KVARTS-modellen er ein makroøkonomisk modell for norsk økonomi som gjev oss moglegheit til å analysere effektane av dei fire internasjonale faktorane enkelvis. Når vi gjer slike analysar, antek vi at ingen av dei andre internasjonale faktorane blir endra samtidig. På denne måten isolerer vi verknaden av den faktoren vi studerer – for eksempel korleis ein svakare kronekurs påverkar norsk konkurranseevne og den økonomiske utviklinga.
Det finst andre forhold som også påverkar konkurranseevna. For eksempel er lønnsnivået i Noreg samanlikna med lønnsnivået i dei landa vi handlar med, svært viktig for Noregs konkurranseevne (Regjeringen.no, 2024). I dette undervisningsopplegget ser vi likevel ikkje på betydninga av dette relative lønnsnivået, men på dei fire internasjonale forholda i ballpunkta ovanfor.
I del 2 av undervisningsopplegget bruker vi KVARTS-modellen til å studere verknadene av dei fire internasjonale forholda kvar for seg. Når vi gjer det, føreset vi som sagt at ingen andre internasjonale forhold har endra seg samtidig. Slik er det her altså berre det forholdet vi ser på, for eksempel ein svakare kronekurs, som vil verke inn på den norske konkurranseevna og utviklinga i norsk økonomi. Men før du går til del 2, er det nyttig å lære eller repetere kort kva BNP, inflasjon og ein valutakurs er.
Kort om BNP (bruttonasjonalprodukt), inflasjon og valutakurs
Før du les om verknadene for norsk økonomi av endringar i dei fire internasjonale forholda, er det nyttig å lese om kva BNP, inflasjon og valutakurs er.
BNP er lik verdien av alle varer og tenester som blir produserte i eit land i løpet av eit år, minus dei varene og tenestene som blir brukte under denne produksjonen. BNP blir ofte brukt som ein indikator på korleis det går med økonomien og konjunkturutviklinga, ettersom det måler verdiskapinga i eit land og korleis utviklinga er over tid.
I Noreg har vi to BNP-mål, eitt for samla verdiskaping og eitt for Fastlands-Noreg, det vil seie utan olje- og gassverksemda. At vi har to BNP-mål, kjem av at verdien av olje- og gassverksemda betyr mykje for norsk økonomi og for tolkinga av BNP-tala. Vi kan seie at BNP Fastlands-Noreg er eit mål for verdiskapinga frå produksjonen frå alle næringar i Noreg utanom olje- og gassutvinning, rørtransport og utanriks sjøfart.
I figuren ser vi at BNP i Noreg i 2023 var på 5 129 milliardar kroner, ein tydeleg nedgang frå 2022 då BNP var på 5 708 milliardar. Vidare ser vi at BNP Fastlands-Noreg gjekk opp frå 2022 til 2023, til 3 857 milliardar kroner.
Inflasjon er eit anna ord for vekst i prisar over tid og refererer som oftast til endring i konsumprisindeksen (KPI). Særleg er vi interessert i inflasjon fordi det påverkar kor mykje vi får for pengane våre, også kalla kjøpekrafta vår.

Prisane i ein marknadsøkonomi som den norske stig vanlegvis over tid. KPI viser at sidan 1970 har prisane på varer og tenester vakse med over 900 prosent. Noregs Bank har som mandat å sikre låg og stabil inflasjon, med målsetting om ein årleg prisvekst på 2 prosent.
Ein valutakurs kan vi definere som prisen på eit lands valuta målt mot andre lands valuta, for eksempel norske kroner per euro. Eit konkret eksempel er at det kosta 11,63 norske kroner å kjøpe 1 euro i 2024, og vi seier at eurokursen då var 11,63.
Det er ein internasjonal marknad for sal og kjøp av valuta. Valutakursen blir bestemt i den internasjonale valutamarknaden ved at valutakursen skaper likskap mellom tilbod og etterspurnad etter valutaen.
Du kan lese meir om kva BNP er i artikkelen Hva er egentlig BNP og i undervisningsopplegget Reallikninga, inflasjon, BNP og Noregs handel med utlandet. Artiklane Hva påvirker kronekursen, Hva er inflasjon? og undervisningsopplegget Kva påverkar valutakursen, og kva betyr svak kronekurs? gjev deg meir innblikk i kva inflasjon og valutakurs er.
Gjer oppgåve A. Kva er BNP Fastlands-Noreg, inflasjon og valutakurs?
No som du kjenner til BNP, inflasjon og valutakurs, skal vi i del 2 sjå på korleis ulike faktorar påverkar norsk økonomi. Vi ser då nærmare på korleis BNP Fastlands-Noreg, konkurranseevne og inflasjonen i Noreg blir påverka av ein svakare kronekurs, høgare internasjonale prisar, auka aktivitet hos Noregs handelspartnarar og høgare renter i utlandet.
Aursand, Preben. (2022, 15. september). Hva er inflasjon? https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/konsumpriser/artikler/hva-er-inflasjon Boug, P., von Brasch, T., Cappelen, A., Hammersland, R., Hungnes, H., Kolsrud, D., Skretting, J., Strøm B. og Vigtel T. C. (2023). Fiscal policy, macroeconomic performance and industry structure in a small open economy. Journal of Macroeconomics, 76. https://doi.org/10.1016/j.jmacro.2023.103524 Lekve, M. & Skretting, J. (2024). Hva påvirker kronekursen? Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/konjunkturer/artikler/hva-pavirker-kronekursen Norges Bank. (2024). Valutakurser. https://www.norges-bank.no/tema/Statistikk/Valutakurser/ Regjeringen.no. (2024, henta 14. desember) Konkurranseevne. Ordboksord. https://www.regjeringen.no/no/tema/okonomi-og-budsjett/statsbudsjett/ord-og-begreper-i-statsbudsjettet/konkurranseevne/id2860048/#:~:text=Konkurranseevne%20er%20et%20m%C3%A5l%20p%C3%A5,vesentlig%20del%20av%20bedriftenes%20kostnader Statistisk sentralbyrå. 2022, 8. juli. Makroøkonomisk modell for norsk økonomi (KVARTS).https://www.ssb.no/forskning/makrookonomi/makrookonomisk-modell-for-norsk-okonomi-kvarts Statistisk sentralbyrå. (2024, 19. mars). Hva er egentlig BNP? https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/nasjonalregnskap/statistikk/nasjonalregnskap/artikler/hva-er-egentlig-bnp Statistisk sentralbyrå. (2024, 13. september). Boks 1.2. Utviklingen internasjonalt er viktig for konjunkturutviklingen i Norge. Økonomiske analyser 3/2024, s.10. https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/okonomiske-analyser/okonomiske-analyser-3-2024/_/attachment/inline/21dda7fe-e2f3-455b-9f69-5e58a27e04f5:dc863a99a21782f329c18314bd461784f726a5d5/OA2024-3.pdf