Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.

I undervisningsopplegget får elevane kunnskap om:

  • kva ein makroøkonomisk modell kan fortelje
  • utvalde faktorar som påverkar konkurranseevna, og konsekvensar av endringar i desse faktorane

I dette undervisningsopplegget tek vi utgangspunkt i Statistisk sentralbyrås makroøkonomiske modell KVARTS. I undervisningsopplegget gjev vi innblikk i korleis endringar i sentrale utanlandske forhold påverkar konkurranseevna, utviklinga i BNP Fastlands-Noreg og innanlands prisvekst (målt med KPI).

Opplegget tek utgangspunkt i Boks 1.2. Utviklingen internasjonalt er viktig for konjunkturutviklingen i Norge i Statistisk sentralbyrås Økonomiske analyser 3/2024.

Dersom de har innspel til kva vi kan forbetre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar opplegg om, så skriv til oss på  skole@skole.no

  • kva ein makroøkonomisk modell kan fortelje
  • utvalde faktorar som påverkar konkurranseevna, og konsekvensar av endringar i desse faktorane

Opplegget er laga for elevar som tek Samfunnsøkonomi 1 og Samfunnskunnskap fellesfag. Undervisningsopplegget tek utgangspunkt i desse kompetansemåla i læreplan Samfunnsøkonomi (SOK01-03) (udir.no) og Samfunnskunnskap (SAK 01-01) (udir.no)

  • velje og bruke kjelder, økonomiske teoriar og modellar i arbeid med faglege spørsmål, emne og problemstillingar (samfunnsøkonomi 1 og 2)
  • utforske ulike faktorar som påverkar konkurranseevna, og drøfte konsekvensar av endringa i konkurranseevna (samfunnsøkonomi 2)
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debattar ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for eigne og andre sine meiningar og verdiar (samfunnskunnskap)

Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.