KVARTS gjev følgande tal for kva som skjer i norsk økonomi når vi opplever forstyrringar i valutakurs, internasjonale prisar, auka etterspurnad frå handelspartnarar og/eller auka utanlandske renter:

Verknader på norsk økonomi
Verknader på norsk økonomi
BNP Fastlands-Noreg (prosent)Inflasjon (prosentpoeng)
Svekking av krona (10 prosent)0,41,4
Auka internasjonale prisar (10 prosent)0,01,5
Auka etterspurnad frå handelspartnarar (10 prosent)1,3-0,1
Auka utanlandske renter¹ (1 prosentpoeng)0,20,7
1Berekningane føreset endogen kronekurs (det vil seie ein kronekurs som blir bestemt i modellen). Berekningane er baserte på endringar i rammevilkår frå og med 1. kvartal 2023. Tabellen viser verknader det året som forstyrringa i valutakurs, internasjonale prisar, auka etterspurnad frå handelspartnarar og/eller auka utanlandske renter skjer, altså 2023.
Standardteikn i tabellar

I analysen med KVARTS-modellen antek vi at endringane skjer i 1. kvartal 2023, mens tabellen viser verknadene for 2023 som eit gjennomsnitt for året. Berekningane føreset at Noregs penge- og finanspolitikk fortset å vere uendra, slik at vi kan isolere og studere korleis kvar av dei fire internasjonale faktorane påverkar norske konjunkturar før stabiliseringspolitikken får effekt. Vi forklarer verknadene kvar for seg etter at vi har sett på tabellen om eksport- og importandelar.

Ettersom vi snakkar om internasjonal økonomi, er det også nyttig å ha eit bilete av Noregs utanrikshandel. Kven importerer vi mykje og lite frå, og kven eksporterer vi til? I KVARTS-analysane er import- og eksportandelane faste, og tala i tabellen er derfor berre til informasjon om Noregs internasjonale handel. Men det er greitt å ha dette biletet av Noregs handel med andre land når vi i denne delen snakkar om korleis utviklinga internasjonalt påverkar konjunkturutviklinga i Noreg.

Eksport- og importandelar for Noregs største handelspartnarar
Eksport- og importandelar for Noregs største handelspartnarar
Eksportandelar¹Importandelar
Euroområdet0,480,34
Tyskland0,190,11
Nederland0,080,05
Sverige0,080,11
Storbritannia0,190,04
Danmark0,050,05
USA0,030,07
Polen0,060,04
Kina0,020,11
Japan0,010,02
Sør-Korea0,010,01
Brasil0,000,02
Canada0,000,02
Sum0,930,83
1Andelane er eit årsgjennomsnitt for 2023.
Standardteikn i tabellar

Då går vi nærmare inn på verknadene av:

  • svakare kronekurs
  • auka internasjonale prisar
  • auka aktivitet hos Noregs handelspartnarar
  • auka renter i utlandet

Kva fører ein svakare kronekurs til?

Ein svakare kronekurs fører til høgare prisar på importerte varer og tenester. Høgare importprisar gjev høgare inflasjon i Noreg. Tala frå KVARTS-modellen viser at ei kronesvekking på 10 prosent aukar inflasjonen i Noreg med 1,4 prosentpoeng i det same året som krona blir svekt.

Ei svakare krone betyr også at norske eksportvarer og -tenester blir billigare i utlandets valuta. Dette bidreg til auka BNP for Fastlands-Noreg fordi den svakare kronekursen stimulerer aktiviteten i norske eksportbedrifter. Når den norske krona blir svekt, blir norske varer og tenester rimelegare for utanlandske kundar, som får meir for pengane sine i sin eigen valuta. Dei norske eksportbedriftene får altså ei betre konkurranseevne.

Norske bedrifter som konkurrerer med utanlandske bedrifter som Noreg importerer varer frå, blir også meir konkurransedyktige når den svekte kronekursen gjev dyrare importvarer.

Vi kan altså seie at eksportbedriftene og bedrifter i Noreg som konkurrerer med utanlandske bedrifter, får høgare aktivitet ved at prisane på deira produkt blir meir konkurransedyktige som følgje av svakare kronekurs.

Ifølgje KVARTS aukar BNP Fastlands-Noreg same år med 0,4 prosent dersom krona blir 10 prosent svakare.  

Kva skjer med norske konjunkturar når prisane aukar i andre land?

Auka internasjonale prisar gjev dyrare import og auka innanlandske prisar, altså inflasjon i Noreg. Dersom internasjonale prisar aukar med 10 prosent, aukar inflasjonen her heime ifølgje KVARTS med 1,5 prosentpoeng.

Auka internasjonale prisar stimulerer til auke i eksport og reduksjon i import – på økonomar sitt fagspråk blir dette kalla for auka nettoeksport. Auka nettoeksport får vi fordi norske produkt blir relativt billigare enn utanlandske når prisane aukar i andre land. Altså har norske bedrifter fått ei betre konkurranseevne.

Men den auka nettoeksporten blir delvis motsvart av at privatpersonar sitt forbruk (konsum) i Noreg går ned når inflasjonen aukar.

KVARTS-modellen bereknar at ein 10 prosent auke i internasjonale prisar ikkje gjev endringar i aktiviteten på fastlandet, dvs. i fastlands-BNP.  Det kjem av at verknadene av auka nettoeksport og redusert privat konsum vil motsvare kvarandre, dvs. «nulle kvarandre ut».

Korleis påverkar auka aktivitet hos handelspartnarane våre norsk økonomi?

Auka aktivitet hos Noregs handelspartnarar gjev auka etterspurnad frå dei etter norske varer og tenester. Ifølgje berekningane i KVARTS vil ein 10 prosents auke i etterspurnaden frå handelspartnarane våre føre til ein auke i BNP Fastlands-Noreg på 1,3 prosent.

Eksporten frå Fastlands-Noreg utgjer over 20 prosent av produksjonen på fastlandet. Ettersom det tek tid å tilpasse produksjonen, blir auken det første året berre på litt over éin prosent. Sidan aktiviteten i Fastlands-Noreg aukar, går også importen opp. Den auka importen vil redusere inflasjonen med 0,1 prosentpoeng det første året.

Auka aktivitet hos Noregs handelspartnarar gjev auka etterspurnad frå dei etter norske varer og tenester. Ifølgje berekningane i KVARTS vil ein 10 prosents auka i etterspurnaden frå handelspartnarane våre føre til ein auke i BNP Fastlands-Noreg på 1,3 prosent.

Eksporten fra Fastlands-Noreg utgjer over 20 prosent av produksjonen på fastlandet. Ettersom det tek tid å tilpasse produksjonen, blir auken det første året berre på litt over éin prosent. Sidan aktiviteten i Fastlands-Norge aukar, går også importen opp. Den auka importen vil redusere inflasjonen med 0,1 prosentpoeng det første året.

Kva skjer når utanlandske renter aukar?

Når utanlandske renter aukar og norske renter står stille, vil rentedifferansen mot utlandet auke. Det påverkar norsk økonomi gjennom blant anna valutakursen.

Føresett at internasjonale prisar og etterspurnad fra handelspartnarane våre ikkje endrar seg, vil eitt prosentpoengs auke i internasjonale renter svekke krona. Det skjer fordi etterspurnaden etter norske kroner vil gå ned i den internasjonale valutamarknaden når investorar får høgare renter på å plassere pengane sine i andre valutaer enn norske kroner.

Som vi har sett, blir importen til Noreg dyrare når valutakursen blir svakare. Då aukar inflasjonen. Men eksportvarene frå Noreg vil også bli billigare, og det gjev eit bidrag til at aktiviteten i Noreg aukar. Derfor vil eitt prosentpoengs auke i rentedifferansen auke inflasjonen og BNP Fastlands-Noreg med høvesvis 0,7 prosentpoeng og 0,2 prosent.

Løys oppgåve B og lær meir om kva som skjer ifølgje den makroøkonomiske modellen KVARTS ved forstyrringar i valutakurs, internasjonale prisar, auka etterspurnad frå handelspartnarar og/eller auka utanlandske renter.

Vil du lære meir om kronekursens effekt på norsk økonomi?

Du kan lese meir om dette i Økonomiske analyser 4/2023 for nærmere beskrivelse av kronekursens effekt på norsk økonomi i KVARTS.

Aursand, Preben. (2022, 15. september). Hva er inflasjon?  Statistisk sentralbyrå.https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/konsumpriser/artikler/hva-er-inflasjon

Boug, P., von Brasch, T., Cappelen, A., Hammersland, R., Hungnes, H., Kolsrud, D., Skretting, J., Strøm B. og Vigtel T. C. (2023). Fiscal policy, macroeconomic performance and industry structure in a small open economy. Journal of Macroeconomics, 76. https://doi.org/10.1016/j.jmacro.2023.103524

Lekve, M. & Skretting, J. (2024). Hva påvirker kronekursen? Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/konjunkturer/artikler/hva-pavirker-kronekursen

Norges Bank. (2024). Valutakurser. https://www.norges-bank.no/tema/Statistikk/Valutakurser/

Regjeringen.no. (2024, henta 14. desember) Konkurranseevne. Ordboksord. https://www.regjeringen.no/no/tema/okonomi-og-budsjett/statsbudsjett/ord-og-begreper-i-statsbudsjettet/konkurranseevne/id2860048/#:~:text=Konkurranseevne%20er%20et%20m%C3%A5l%20p%C3%A5,vesentlig%20del%20av%20bedriftenes%20kostnader

Statistisk sentralbyrå. 2022, 8. juli. Makroøkonomisk modell for norsk økonomi (KVARTS).https://www.ssb.no/forskning/makrookonomi/makrookonomisk-modell-for-norsk-okonomi-kvarts

Statistisk sentralbyrå. (2024, 19. mars). Hva er egentlig BNP?  https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/nasjonalregnskap/statistikk/nasjonalregnskap/artikler/hva-er-egentlig-bnp

Statistisk sentralbyrå. (2024, 13. september). Boks 1.2. Utviklingen internasjonalt er viktig for konjunkturutviklingen i Norge. Økonomiske analyser 3/2024, s.10. https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/okonomiske-analyser/okonomiske-analyser-3-2024/_/attachment/inline/21dda7fe-e2f3-455b-9f69-5e58a27e04f5:dc863a99a21782f329c18314bd461784f726a5d5/OA2024-3.pdf

Statistisk sentralbyrå. (2023, 8. desember). Boks 2.2 Vekst i BNP Fastlands-Norge og importjusterte bidrag fra etterspørselskomponenter. Prosentpoeng, årlig rate. Økonomiske analyser 4/2023, s.22.https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/okonomiske-analyser/okonomiske-analyser-4-2023/_/attachment/inline/24a08024-941f-45db-9096-2b7aa1cb9cba:04dbf684ce08dc0250242219c77600df8201bdf7/OA2023-4.pdf

Stoltz, Gerhard. (2024, henta 10. desember): konjunktur i Store norske leksikon på snl.no. https://snl.no/konjunktur