I 2025 importerte Noreg varer og tenester for meir enn 1 852 milliardar kroner, og vi eksporterte for over 2 497 milliardar kroner.

Vi eksporterte mest varer og tenester til Storbritannia i 2025.

Landene vi eksporterte mest varer og tjenester til i 2025

Andre store kjøparar av norske varer og tenester i 2025 var Tyskland, Nederland, Sverige, USA, Frankrike og Danmark.

Når vi berre ser på varehandelen med utlandet, er det tydeleg at dei to aller største eksportvarene var gass og olje.

Viktigste eksportvarer i 2025. Mrd. kr

Andre store eksportvarer i 2025 var også råvarer, som fisk, metall og elektrisk straum.

Kva var dei største importvarene for Noreg i 2025? Statistikken viser at ulike typar bilar var den aller største gruppa av importvarer.

Viktigste importvarer i 2025. Mrd. kr

Industrimaskinar var også ein stor importvare, og det gjeld også for mobiltelefonar, datautstyr og liknande. På plassane etter desse varene kjem malmar og avfall av metall, og klede og tilbehøyr til klede.

Kina var landet vi importerte absolutt mest varer frå i 2025, tett etterfølgt av Tyskland.

Gjer oppgåve A.

Statistisk sentralbyrå. (2026). Fakta om norsk økonomi. ssb.no: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/faktaside/norsk-okonomi

Statistisk sentralbyrå. (2026). Fakta om norsk næringsliv. ssb.no:  https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/faktaside/norsk-naeringsliv

Statistisk sentralbyrå. (2026). Utenrikshandel med varer. ssb.no: https://www.ssb.no/utenriksokonomi/utenrikshandel/statistikk/utenrikshandel-med-varer

Statistisk sentralbyrå. (2026). Utenriksregnskap. ssb.no: https://www.ssb.no/utenriksokonomi/utenriksregnskap/statistikk/utenriksregnskap