Samtidig som Toll er ein avgift som staten legg på varer som blir bringa inn til eller ut frå eit land sine grenser. Grunngjevinga for å innføre toll er at forbrukarar då må betale meir for importvarer og derfor kanskje heller veljer å kjøpe frå innanlandske produsentar. Toll på varer har i dei fleste land tidligare også vore ein betydeleg inntektskjelde for staten. (Gundersen & Zarghooni-Hoffmann på snl.no, 2025) på varer og Handelskrig er ein konflikt mellom handelspartnarar med mål om å verne eigen produksjon og handel med kostnad for motparten. Handelskrig er også kjent som tollkrig. (Langseth, H. på snl.no, 2025 er sentrale tema i media i 2025, har du kanskje høyrt at Noreg og USA har kvar sin nasjonale statistikk som begge viser at landa har ein negativ varebalanse overfor kvarandre.

Norske tal viser altså at Noreg importerer meir frå USA enn vi eksporterer til USA, noko som resulterer i ein negativ handelsbalanse overfor USA. Amerikanske tal viser at USA har høgare import frå Noreg enn eksport til Noreg, og dermed ein negativ handelsbalanse med Noreg.

Først: Det vi her seier om tal for handelen mellom Noreg og USA, gjeld generelt. I utanrikshandelsstatistikk er det ofte slik at eksporten frå eit land A til eit anna land B er forskjellig frå tal for importen som B har frå A. Slik kan altså både A og B seie at dei har eit handelsunderskot (eller overskot) overfor kvarandre.

Varehandelsbalansen med USA i 2024. Mrd. kr

Det er jo ikkje logisk at både USA og Noreg har underskot i varehandelen seg imellom, så kvifor er det slik?

Norske tal viser at Noreg importerer meir frå USA enn vi eksporterer til USA, altså at Noreg har et underskot i varehandelsbalansen overfor USA. I 2024 kjøpte Noreg varer for nesten 83 milliardar kroner frå USA, mens eksporten var på 62 milliardar kroner. Det gjev eit varehandelsunderskot for Noreg overfor USA på 21 milliardar kroner.

Ut frå dei norske tala for utanrikshandel med varer mellom Noreg og USA burde jo USA hatt eit overskot på 21 milliardar kroner i 2024 i sin handel med Noreg.

Men USAs tal seier at dei importerte varer til ein verdi av om lag 71 milliardar kroner frå Noreg i 2024, og at USA eksporterte varer for om lag 49,5 milliardar kroner til Noreg (Bach&E24, 2025). Då har USA eit varehandelsunderskot på 21,5 milliardar kroner overfor Noreg.

Vi har nokre forklaringar på kvifor det er slik, og skal forklare dette med USA og Noreg som eksempel

  • I statistikken vil tal for import vanlegvis ha betre kvalitet enn eksporttal. Når ei bedrift i USA skal sende ei vare til ein kunde i utlandet, vil det ikkje alltid vere kjent for bedrifta kor varen hamnar til slutt. Men dei veit kor den hamnar først, og fører opp dette landet fordi dei skal tollbehandle varen. I USA kan derfor ei vare som skal til Noreg, være registrert som eksport til for eksempel Belgia.
  • Når eit land skal registrere importen, har dei god grunn til å vere nøye med å registrere verdien heilt riktig, betre enn når dei registrerer eksporten. For importen skal mottakarlandet nemleg berekne toll, merverdiavgift (moms) og andre avgifter.
  • Det er også slik at norske tal for import frå USA har med seg verdien av kostnadene for frakt og forsikring fram til norsk grense. På fagspråket blir dette kalla CIF (Cost, Insurance and Freight), og desse kostnadene er med i verdien for vara i norsk importstatistikk. Bedrifta som sel vara i USA, oppgjev derimot vareverdien utan kostnadene for frakt og forsikring, og då blir verdien av denne vara lågare i amerikansk eksportstatistikk. Handelsføresetnaden utan desse kostnadene blir kalla FOB (Free on Board)
  • Tidsforskyving i når handelen blir registrert, feilregistreringar og valutakursendringar vil også vere kjelder til differanse.

Gjer oppgåve C.

Bach, D. (2025, 5. april). USA og Norge: Derfor er det ulik handelsbalanse. E24.no: https://e24.no/internasjonal-oekonomi/i/wgQ6ro/usa-og-norge-derfor-er-det-ulik-handelsbalanse

Fossanger, K. (2025, 17. januar). Norges handel med USA. ssb.no: https://www.ssb.no/utenriksokonomi/utenrikshandel/statistikk/utenrikshandel-med-varer/artikler/norges-handel-med-usa

Gundersen, P. O.; Zarghooni-Hoffmann, S. (2025, 8. april). toll i Store norske leksikon. snl.no: https://snl.no/toll

Kee, H.L. (2024, 17. januar). Exploring the puzzle of trade discrepancies in international trade statistics. Blogs.worldbank.org: https://blogs.worldbank.org/en/developmenttalk/exploring-puzzle-trade-discrepancies-international-trade-statistics

Langseth, H. (2025, 11. april): handelskrig i Store norske leksikon. snl.no: https://snl.no/handelskrig