1. Kva vil du seie om storleiken på Noregs eksport av tenester i kroneverdi samanlikna med eksporten av varer i perioden 2011–2024?
Hjelpemiddel: Sjå på tabelluttrekket over import og eksport av varer og tjenester - statistikkbanktabell 10173. Lag gjerne ein figur over utviklinga dersom du synest at det gjer det lettare å finne svara. Du kan velje for eksempel eit linjediagram i «Endre visning» i menyen i venstremargen i tabelluttrekket.
2. Har Noreg hatt over- eller underskott på varebalansen og på tenestebalansen overfor utlandet for kvart av åra 2011–2024?
3. Kva skjedde med utanrikshandelen for kvar av kategoriane import av varer, import av tenester, eksport av varer og eksport av tenester under pandemien — eller heilt presist: mellom 2019 og 2020, og mellom 2020 og 2021? Bruk same tabelluttrekk som i 1.
1. Eksportverdien i kroner er betydeleg høgare for varer enn for tenester for alle åra. 2. Noreg har kvart år hatt overskot i varebalansen og underskot i tenestebalansen overfor utlandet i perioden 2011–2024. 3. Eksporten av varer og tenester og importen av tenester gjekk ned mellom 2019 og 2020, mens vareimporten var omtrent uendra. Mellom 2020 og 2021 auka vareeksporten mykje, og også tenesteeksporten gjekk opp. Det same gjaldt for importen av varer, mens tenesteimporten var omtrent uendra.