Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.
I undervisningsopplegget får elevane kunnskap om
- Noregs handel med utlandet: kva varer importerer og eksporterer vi, og kva land handlar vi mest med?
- handelsbalansen
- kvifor handelsbalansen mellom to land kan bli negativ (eller positiv) i begge landa sin statistikk
Elevane får øving i å jobbe med statistikk om emna gjennom oppgåveløysing. De kan velje å bruke berre nokre av delane til undervisningsopplegget. De vurderer sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåver åleine, i par, i grupper og i heil klasse.
Dersom de har innspel til kva vi kan forbetre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar opplegg om, så skriv til oss på skole@skole.no
- Få kunnskap om Noregs handel med utlandet gjennom omgrep og statistikk om temaet.
Opplegget er laga for elevar som tek samfunnsøkonomi 1 og 2 og samfunnskunnskap, og tek utgangspunkt i læreplan Samfunnsøkonomi (SOK01-03) (udir.no) og læreplan Samfunnskunnskap (SAK01-01) (udir.no).
Undervisningsopplegget tek særleg utgangspunkt i delar av desse kompetansemåla:
- velje og bruke kjelder, økonomiske teoriar og modellar i arbeid med faglege spørsmål, emne og problemstillingar (SOK01-03, samfunnsøkonomi 1)
- gjere greie for årsaker til internasjonal handel og drøfte moglegheiter og utfordringar knytt til økonomisk globalisering (SOK01-03, samfunnsøkonomi 1)
- gjere greie for kvifor land handlar med kvarandre, og drøfte sentrale økonomiske problemstillingar knytt til frihandel og proteksjonisme (SOK01-03, samfunnsøkonomi 2)
- utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debattar ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for eigne og andres meiningar og verdiar (SAK01-01)
Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.