Berekraftsmåla blei vedtekne av FNs medlemsland i 2015 og består av 17 mål og 169 delmål. Målet for reduksjon av klimagassutsleppa er mål nr. 13 og lyder «Stoppe klimaendringane».
Kva internasjonale avtalar om lågare klimautslepp har vi, og kvifor er året 1990 viktig?
Dei internasjonale klimaforhandlingane bygger på desse avtalane: FNs klimakonvensjon frå 1992, Kyotoprotokollen frå 1997 og Parisavtalen frå 2015 (regjeringen.no).
I framstillinga av korleis utsleppa av Klimagassar er gassar som gjev endringar i klimaet har endra seg, legg vi oftast vekt på å samanlikne nye tal for utslepp med året 1990. Kvifor gjer vi det?
Eit stikkord her er Kyotoprotokollen eller Kyotoavtalen, som er den første forpliktande avtalen om å kutte klimagassutsleppa. Landa som er med på avtalen, forplikta seg til å kutte til saman minst 5 prosent av sine utslepp i 2008–2012 målt mot nettopp året 1990. I klimasamanheng kallar vi derfor 1990 for referanseåret.
Mål om reduserte klimagassutslepp skulle kunne bli nådd gjennom å kutte utsleppa i kvart land og det vi kallar for fleksible mekanismar, som for eksempel er kjøp av klimakvotar internasjonalt.
Kyotoprotokollen skulle eigentleg bli avslutta i 2012. Men fordi landa ikkje blei einige om ein ny avtale for reduksjon av klimagassutslepp, blei avtalen forlenga til 2020 (fn.no). Det tok også tid å lage og bli einige om nye klimamål og planar etter at Parisavtalen kom i 2015. Det var derfor behov for ein overgangsperiode der Kyotoprotokollen gjaldt fram til 2020. Noregs mål for 2020 blei sett til 30 prosent lågare klimagassutslepp samanlikna med 1990. 1990 er altså det året som måla i Parisavtalen er sett i forhold til.
Klarte Noreg å oppfylle målet for 2020? Det korte svaret er ja, Noreg klarte å oppfylle klimamålet om 30 prosent reduksjon i utslepp av klimagassar frå 1990 til 2020. Målet blei nådd ved å kombinere kutt i utsleppa i Noreg med andre tiltak (Miljødirektoratet, u.å.-b).
Parisavtalen er den første globale klimaavtalen som er juridisk bindande og forpliktande for alle land. Også i Parisavtalen kan landa oppfylle sine utsleppsreduksjonar gjennom tiltak nasjonalt og fleksible mekanismar. Målet i avtalen er at temperaturen på jorda ikkje skal auke med meir enn 2 gradar samanlikna med førindustriell tid, men helst at ein skal klare å avgrense auken til 1,5 gradar.
Noreg har også hatt ein eigen klimalov (lovdata.no) sidan 2017. Klimaloven og mål Noreg har i Parisavtalen, kan du lære om i del 2.
Statistisk sentralbyrå (SSB) lagar dei offisielle tala for klimagassutslepp for Noreg. Tala for klimagassutslepp er ein viktig del av Noregs rapportering til FN om korleis Noreg etterlever berekraftmål nr. 13 «Stoppe klimaendringane». Tala omfattar sju forskjellige klimagassar og blir målt i tonn for kvar type gass og i det vi kallar for Med CO₂-ekvivalentar er CO₂ og andre klimagassar rekna om til mengd CO₂. For eksempel er lystgass (N₂O) ein om lag 298 gonger så sterk klimagass som CO₂. Eitt tonn N₂O-utslepp er dermed det same som 298 tonn CO₂-ekvivalentar..
Korleis har det gått med norske klimagassutslepp etter 2020?
I 2024 var utsleppa på 44,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar, og det var lågare enn dei 51,4 millionar tonn CO2-ekvivalentane som ble sloppe ut i 1990.
Slik ser figuren over klimagassutslepp ut for åra 1990–2024:
Vi trekker fram desse hovudpunkta frå statistikken Utslipp til luft :
- Frå 1990 til 2024 sokk utsleppa med 12,8 prosent. Det er langt igjen til målet om 55 prosent lågare utslepp i 2030 sjølv om utsleppa frå fleire kjelder går ned.
- Årsakene til at utsleppa er lågare i 2024 enn i 1990, er fleire. Dette er viktige endringar:
- Høgare produksjon av olje og gass og auka transport har ført til større utslepp frå desse kjeldene sidan 1990.
- Til gjengjeld har utsleppa frå industrien og frå oppvarming av bustad og næring gått betydeleg ned.
- Reduksjonen i industrien kjem både av teknologiforbetringar, bedriftsnedleggingar og mindre bruk av olje.
- Vi ser også at utsleppa av klimagassar nådde ein topp i 2007. Dei var då 10,2 prosent høgare enn utsleppa i 1990.
- Frå 2007 til 2024 sokk utsleppa med 20,9 prosent.
I figur 2 ser du endringane for alle dei ulike kjeldene.
Kort om klimaendringar og utslepp i verda
FNs klimapanel sin spesialrapport om klimaendringar fortel blant anna dette:
- Global gjennomsnittstemperatur har allereie auka med 1,1 gradar, og oppvarminga kjem av menneskeskapte klimagassutslepp.
- Ekstremvêr som hetebølger og ekstremnedbør blir vanlegare.
- Dersom vi ikkje får raske, omfattande og vedvarande utsleppskutt, vil vi ikkje kunne avgrense oppvarminga til 1,5 gradar.
- Vi vil passere målet om å ikkje auke temperaturen med meir enn 1,5 gradar i løpet av dei neste 20 åra med utsleppstakta vi har i dag. (Miljødirektoratet, 2021).
Den globale temperaturen var i 2024 1,35 gradar høgare enn i førindustriell tid. Med det var 2024 det varmaste året av dei siste 170 åra (energiogklima.no).
I 1990 var dei samla klimagassutsleppa i verda 37,6 milliardar tonn CO2-ekvivalentar, mens utsleppa i 2024 hadde auka til 54,4 milliardar tonn CO2-ekvivalentar, ifølgje Jones og Our World in Data:
Det er store forskjellar på kor mykje ulike land slepp ut av klimagassar. Gjennom historia er det industrialiserte land i Europa og Nord-Amerika som har sloppe ut mest, men etter år 2000 har utsleppa frå utviklingsland og nyleg industrialiserte land som Kina auka mykje. Utsleppa per innbyggar er likevel stort sett høgare i industriland enn i utviklingsland (Olerud & Lahn, snl.no, 2023).
Sjå filmen "Statistics in the classroom – Sustainable Development Goals, SDGs" ec.europa.eu på Youtube. Filmen er på engelsk og varar i litt over 5 minutt. Han forklarar kva berekraftsmåla er, og korleis de kan bruke verktøyet «SDGs & me» til å utforske utvikling og forskjellar mellom land i Europa, mellom dei Noreg. SSB har også ei eiga nettside med indikatorar for dei globale berekraftsmåla. Der finn du indikatorar for Noreg for nokre delmål knytt til berekraftsmål 13 «Stoppe klimaendringane». Du kan lese meir om fysiske klimaendringar som auke i gjennomsnittstemperatur i FNs klimapanel sin sjette hovudrapport på miljodirektoratet.no
Gjer oppgåvene A, B og C.
I oppgåve A lærer du meir om kva klimagassar vi har og om omgrepet CO2-ekvivalentar.
Oppgåve B gjev kunnskap om i kva år vi har hatt store endringar i klimagassutsleppa og om i kva aktivitetar utsleppa har auka og sokke mest.
I oppgåve C kan du finne ut korleis Noreg oppfylte 2020-forpliktinga.
Engedal, M. I. A. (2025. 4. November). Klimagassene 13 prosent lavere enn i 1990. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/natur-og-miljo/forurensning-og-klima/statistikk/utslipp-til-luft/artikler/klimagassene-13-prosent-lavere-enn-i-1990 Eurostat (Regissør). (u.å.-a). Statistics in the classroom - Sustainable development goals. Henta 18. november 2025 frå https://ec.europa.eu/eurostat/web/education-corner/videos [Film]. Eurostat. (u.å.b). Statistics Explained. Beginners: Environment. Henta 18. november 2025 fra https://ec.europa.eu/eurostat/statistics-explained/index.php?title=Beginners:Environment#What_are_air_emissions_and_why_are_they_important.3F Eurostat. (u.å.-c). SDGs&me. Henta 18. november 2025 frå https://ec.europa.eu/eurostat/cache/visualisations/sdgs/ FN. (2020, 22. desember). Kyotoprotokollen. https://www.fn.no/om-fn/avtaler/miljoe-og-klima/kyotoprotokollen Jones et al. (2025) – med større bearbeiding av Our World in Data. “Annual greenhouse gas emissions including land use” [dataset]. Jones et al., “National contributions to climate change 2025.1” [originale data]. Henta 5. desember 2025 frå https://archive.ourworldindata.org/20251204-133820/grapher/total-ghg-emissions.html (arkivert 4. desember 2025) Lovdata. (2017, 16. juni). Lov om klimamål (klimaloven). https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2017-06-16-60 Miljødirektoratet. (2021, 9. august) Hovedfunn om fysiske klimaendringer. https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/klima/fns-klimapanel-ipcc/dette-sier-fns-klimapanel/sjette-hovedrapport/hovedfunn-forste-del-sjette-hovedrapport/ Miljødirektoratet. (u.å.-a). Norge har under Parisavtalen tatt på seg en forpliktelse om å redusere utslippene av klimagasser med minst 55 prosent i 2030 sammenlignet med nivået i 1990. Henta 18. november 2025 frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/miljomal/klima/miljomal-5.1 Miljødirektoratet. (u.å.-b). UTGÅTT: Norge skal fram til 2020 kutte i de globale utslippene av klimagasser tilsvarende 30 prosent av Norges utslipp i 1990. Henta 18. november 2025 frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/miljomal/klima/miljomal-5.10 Olerud, K., &; Lahn, B.: klimagassutslipp i Store norske leksikon på snl.no. Henta 3. desember 2024 frå https://snl.no/klimagassutslipp Regjeringen (2025, 1. september). Internasjonale klimaforhandlinger. https://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/klima/innsiktsartikler-klima/de-internasjonale-klimaforhandlingene/id2741333/ Statistisk sentralbyrå. (2025, 4. november). Utslipp til luft. https://www.ssb.no/natur-og-miljo/forurensning-og-klima/statistikk/utslipp-til-luft Statistisk sentralbyrå. (u.å.-a). Globale indikatorer for bærekraftsmålene. Henta 18. november 2025 frå https://www.ssb.no/sdg Statistisk sentralbyrå. (u.å.-b). Fakta om miljø. Henta 18. november 2025 frå https://www.ssb.no/natur-og-miljo/faktaside/miljo Øverbø, O.A. (2025, 28. november). Global temperatur. Utviklingen siden førindustriell tid. Energi og klima. https://www.energiogklima.no/data/global-temperatur