Bruk statistikkbanken og tabell 13931, og svar på desse spørsmåla:
- Ta ut tal for utslepp av alle klimagassar samla («alle kjelder»), målt i CO2-ekvivalentar, frå 1990 og til det siste talet som ligg i databasen. Er det nokre år det har vore særleg store prosentvise endringar mellom? Du bør eksportere tala dine til Excel eller eit anna rekneark og rekne deg fram til svaret.
- Klarer du å finne ut kva to kjelder (aktivitet) som har redusert og auka sine utslepp mest absolutt sett, dvs. i 1000 tonn i CO 2-ekvivalentar? Og kva to kjelder som har redusert og auka utsleppa sine mest prosentvis mellom 1990 og det siste året som ligg i databasen? Du bør eksportere tala dine til Excel eller eit anna rekneark og rekne deg fram til svaret.