381623
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/aar
381623
statistikk
2019-09-24T08:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur, Kultur og fritid, Kultur og fritid, Svalbard
true

Museum og samlingar

I samband med publisering av tal for museum og samlingar 2018, har SSB i samarbeid med Kulturrådet gjennomført grundige undersøkingar og publiserar no òg korrigerte tal for 2017.

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

8,7

millionar enkeltbesøk i norske museum i 2018

Museum og samlingar. Populasjon, besøk og årsverk1
201620172018
1Talet på museum vil variera frå år til år. Til dømes kan nokre heilt nye einingar kome med, medan andre einingar av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Dette vil kunne påverka samanlikninga over tid.
Tal på museer1107107100
 
Besøk
Totalt besøk11 217 24611 300 92910 913 373
Enkeltbesøk8 884 0428 891 6758 724 310
Gruppebesøk2 333 2042 409 2542 189 063
Betalande besøkjande5 597 2415 870 0305 532 113
 
Årsverk
Lønte årsverk3 954,83 966,84 056,4
Årsverk faste stillingar3 069,23 109,63 169,0
Prosentandel faste stillingar787878

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Museum og samlingar. Årsverk

Museum og samlingar. Årsverk
Årsverk i altLønte årsverkÅrsverk i faste stillingar
20083 842,03 638,62 674,9
20093 840,83 633,52 715,6
20103 932,53 726,92 792,3
20113 977,83 782,42 844,0
20123 972,73 778,12 868,1
20134 064,83 862,92 952,9
20144 052,83 864,62 999,2
20154 213,14 015,13 085,4
20164 150,73 954,83 069,2
20174 169,93 966,83 109,6
20184 126,44 056,43 169,0
 
2018
Østfold83,482,466,5
Akershus138,3136,396,3
Oslo1 066,71 058,7841,9
Hedmark163,3163,3125,6
Oppland204,7203,7173,3
Buskerud133,3131,380,2
Vestfold85,979,976,0
Telemark104,4103,477,3
Aust-Agder60,560,551,7
Vest-Agder77,471,462,1
Rogaland304,1301,1238,0
Hordaland478,5474,0367,6
Sogn og Fjordane67,960,952,3
Møre og Romsdal118,7116,792,9
Sør-Trøndelag (-2017)0,00,00,0
Nord-Trøndelag (-2017)0,00,00,0
Nordland197,1194,1164,3
Troms - Romsa147,3143,0106,3
Finnmark - Finnmárku116,8106,877,8
Svalbard14,913,98,7

Tabell 2 
Museum og samlingar. Storleik på samlingane

Museum og samlingar. Storleik på samlingane
KunsthistoriskeKulturhistoriskeNaturhistoriskeFotografierArkeologiske
2008450 7623 489 29411 921 26123 431 2814 191 631
2009453 3053 542 74511 542 27122 914 2544 279 451
2010451 8953 588 7109 953 46724 731 1054 404 473
2011643 0833 590 08910 138 47829 681 6354 611 748
2012692 1363 594 99910 250 11231 773 8784 922 274
2013715 7553 605 98810 293 70530 974 7205 176 241
2014760 4283 728 07510 437 05331 907 3546 346 950
2015766 8993 779 69010 559 20733 885 9466 705 567
2016782 8873 633 8529 946 82534 027 0686 991 980
2017799 3653 555 1049 912 14134 971 6477 259 804
2018800 2163 615 01810 098 70135 209 1797 719 130
 
2018
Østfold4 980110 7851 0471 003 729314
Akershus8 06494 44705 572 6750
Oslo599 410827 6585 936 3766 847 6962 289 815
Hedmark1 607206 7681 8634 963 72210 427
Oppland13 722191 4604 4221 955 150487
Buskerud5 334179 1889 687317 5340
Vestfold6 522115 3211 0171 629 911804
Telemark9 597134 8038003 289 8871 137
Aust-Agder1090 28912 21190 340490
Vest-Agder2 64157 58127205 740206
Rogaland16 126301 71924 8451 418 8341 368 831
Hordaland52 642342 3182 137 549752 0751 886 366
Sogn og Fjordane4 706111 0097 45540 1821
Møre og Romsdal2 037135 8027541 804 627668
Sør-Trøndelag (-2017)00000
Nord-Trøndelag (-2017)00000
Nordland671272 12824 2121 385 161330
Troms - Romsa29 62088 669551 6751 010 742314 765
Finnmark - Finnmárku2 28158 3131 843191 487307
Svalbard1585 23240925 91249 309

Tabell 3 
Museum og samlingar. Museum og kulturhistoriske bygningar

Museum og samlingar. Museum og kulturhistoriske bygningar
Museum og samlingarKulturhistoriske bygningarOpne kulturhistoriske bygningar
20111344 9822 925
20121285 0192 877
20131274 9262 855
20141184 9152 824
20151154 9402 829
20161075 0142 443
20171075 0202 519
20181005 0282 474
 
2018
Østfold27834
Akershus3223114
Oslo1720192
Hedmark3651241
Oppland8582283
Buskerud4404236
Vestfold22822
Telemark328584
Aust-Agder29959
Vest-Agder210258
Rogaland7243109
Hordaland10506220
Sogn og Fjordane2152104
Møre og Romsdal6320170
Sør-Trøndelag (-2017)000
Nord-Trøndelag (-2017)000
Nordland7408262
Troms - Romsa6187149
Finnmark - Finnmárku612353
Svalbard210

Om statistikken

Museumsstatistikken gjev ei oversikt over status på samlingane og noko av aktiviteten i dei norske musea. Statistikken viser også inntekter og utgifter for musea. Museumsstatistikken baserer seg på data frå Norsk Kulturråd rapportert via Altinn.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Besøk i museumsstatistikken: Med besøk meiner ein besøk av ein person som oppsøkjer museet for å sjå på og bruke museets utstillingar og formidlingstenester. Besøk på friluftsmuseum er besøk av personar som oppsøker museets område i opningstida for bruk av museets formidling på området. Besøk av personar som oppheld seg i museets lokale og friluftsområde i forbindelse med arrangement som ikkje aktivt knytast til museets formidling og verksemd, skal ikkje reknast med. For utstillingar i andre lokale enn museets eigne, reknast besøk av personar dersom det primære formål er å aktivt oppsøke utstillinga til museet. Dei som vitjar museets stand på ei messe, skal ikkje reknast med. Personar som berre passera gjenstandar/fotografi i eit offentleg lokale utan å oppsøkje utstillinga skal heller ikkje reknast med. Virtuelle besøk (internettutstillingar og liknande) reknast ikkje med. Deltakarar i pedagogisk verksemd skal være inkludert i besøkstala.

Gjenstandar/objekt : kan vere kunsthistoriske, kulturhistoriske, naturhistoriske, arkeologiske og fotografi.

Utstillingar: kan vere basisutstilling eller temporær utstilling. Basisutstilling er fast utstilling som er ein del av det faste opplegget til museet når det gjeld formidling. Eit museum kan ha fleire basisutstillingar. Eit tun eller friluftsmuseum med fleire bygningar blir rekna som éi basisutstilling. Temporær utstilling er utstilling som er montert og som skal visast ei avgrensa tid. Visingstida kan variere frå nokre få dagar og inntil eit år. 

Eigenprodusert vandreutstilling i drift : Utstilling som er laga for å kunne transporterast og visast på fleire stader.

Inntekter totalt : inkluderer offentlege løyvingar, billettinntekter, gåver og andre inntekter.

Utgifter i alt : inkluderer lønn, sosiale utgifter, andre driftsutgifter og investeringar.

Kulturhistoriske bygningar: Med kulturhistoriske bygningar i museumsstatistikken meiner ein bygningar som har kunnskaps- og kjeldeverdi ved at dei vitnar om lokal kunnskap, estetikk, tradisjonar, levemåte, arkitektur og økonomiske forutsetningar.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Museum og samlingar
Emne: Kultur og fritid

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Regionalt nivå

Statistikken blir samla inn på institusjonsnivå. Publisering skjer på fylkes- og nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken blir publisert ein gong i året. Statistikken blir også publisert årleg i ein større papirpublikasjon,Kulturstatistikk. Norsk kulturråd publiserer også Statistikk for museum ein gong i året.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

All museumsstatistikk i SSB er langtidslagra på forsvarlege og standardiserte måtar i samråd med blant anna Datatilsynet.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med museumsstatistikken er å gje ei oversikt over aktiviteten på området i løpet av året. Statistikken gjev også naudsynt informasjon for stat, fylke, kommune og andre som er involverte i drifta eller finansieringa av musea på ein eller annan måte. Statistikken er blitt publisert årleg sidan 1983, med unntak av åra 1984 og 1990. Statistikken har vore publisert i samarbeid med Statens museumsråd, Norsk Museumsutvikling (NMU) og ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Frå statistikkrapporteringa i 2011, i samarbeid med Norsk kulturråd.

Brukarar og bruksområde

Forutan å gje departement, fylke og kommunar naudsynt styringsinformasjon, er også Museumsnett, Norsk kulturråd, Noregs museumsforbund, pressa og allmenta viktige brukarar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.  Dette er eit av de viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Statistikken blir nytta i samband med annan statistikk i SSB, til dømes med "Norsk kulturbarometer", som er ei undersøking om det norske folks kulturvanar.

Lovheimel

Opplysningane samlast inn av Kulturrådet. Statistisk sentralbyrå nyttar oppgåvene til utarbeiding av offisiell statistikk i høve til lov av 16. juni 1989 nr 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 2-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Det finst ikkje nokon eintydig definisjon for museum i Noreg. Til og med 2001-statistikken betydde dette at alle samlingar som var opne for publikum, kunne vere inkluderte i populasjonen (sjå elles ICOMs definisjon av eit museum: NOU 1996:7 Museum - mangfald, minne, møtestad, side 35). Nokre museum blir administrerte under ei eining jamvel om dei er einskilde museum. I desse tilfella vil berre den administrative eininga få tilsendt skjema. Frå og med statistikkåret 2002 består statistikken av ein delpopulasjon av dei norske musea. I tillegg til at musea skal vere opne for publikum, har vi avgrensa populasjonen til å gjelde berre dei musea som har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret. Dette som eit ledd i gjere populasjonen meir stabil.

Det har også gått føre seg ein omfattande konsolideringsprosess i museumssektoren. Denne prosessen førte til at talet på administrative einingar som skulle rapportere, fall år for år i ein periode, men ein reknar likevel med at statistikken dekkjer dei same musea.

Ser ein bort frå konsolideringa, ser ein likevel at populasjonen varierer frå år til år ved at til dømes nokre heilt nye einingar kjem til, samstundes med at andre einingar av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Om dei musea som ikkje leverer er små eller store einingar vil sjølvsagd kunne påverka statistikken frå år til år.

I 2016 ble fem einingar teke ut av museumspopulasjonen fordi verksemda deira ikkje lenger reknast å ligge innanfor det som er museumsdrift, i hovudsak fordi dei ikkje har eigne samlingar

Datakjelder og utval

Dei enkelte musea er kjelde for sine data. Frå 2017 rapporterer musea elektronisk via Altinn. Norsk kulturråd sender samla datagrunnlag til SSB. Frå 2004  har rapporteringa vore elektronisk til Norsk Kulturråd (tidlegare ABM-utvikling).

Statistikken famnar dei musea som Norsk Kulturråd har registrert og som er opne for publikum, samt har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret.

Datainnsamling, editering og beregninger

Norsk kulturråd sender ut varsel om levering av elektroniske skjema med svarfrist mars/april kvart år. Norsk kulturråd er sjølv ansvarleg for purring. Den samla datafila blir send til SSB for vidare arbeid.

Det blir køyrd manuelle og maskinelle kontrollar under utarbeidinga av statistikken. Med editering meiner ein kontroll, gransking og endring av data.

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

Ikkje relevant.

Samanlikningar over tid og stad

Fordi populasjonen ikkje har vore eintydig, og på grunn av varierande svarprosent frå år til år, er det vanskeleg å seie noko om aktiviteten over tid. Frå og med statistikkåret 2002 består statistikken av ein delpopulasjon av dei norske musea. I tillegg til at musea skal vere opne for publikum, har vi avgrensa populasjonen til å gjelde berre dei musea som har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret. Dette som eit ledd i å gjere populasjonen meir stabil.  Samstundes kan vi sjå at populasjonen varierer frå år til år ved at til dømes nokre heilt nye einingar kjem til, og at andre einingar av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Om dei musea som ikkje leverer er små eller store einingar vil sjølvsagd kunne påverka statistikken frå år til år.

I enkelte år kan eit museum vere stengt på grunn av oppussing og liknande. I nokre høve kan dette gi store utslag på tala.

Musea har gjennom åra stadig gjort kvalitetsforbetringar og i nokre høve endra metodikk for teljing av til dømes gjenstandar og objekt. Til dømes er årsaka til over halvparten av endringane i tal på kunsthistoriske gjenstandar frå 2010 til 2011 at frå og med 2011 tel Nasjonalmuseet for kunst alle objekt i samlingane sine som kunsthistoriske gjenstandar. Samt  at museet frå og med 2011 bruker tal på registrerte objekt i ein samlingsdatabase, i staden for å bruke overslag av tal på gjenstandar frå 2002 pluss årleg tilvekst. Over halvparten av endringane i tal på fotografi frå 2010 til 2011 kjem av ein ny standardiseringsmåte for teljing av samlingane ved eit museum i Akershus.

Frå 2016 er basisutstillingar og temporære utstillingar slått saman til ny kategori Utstillingar.

Musea forbetrar stadig sine samlingar og rapporteringar. Det har og vore tilfellet i 2018, noko som gjer utslag i tala. Til dømes har eit av musea omdefinert delar av sine samlingar til arkiv og dermed går samlinga ut av statistikk for museum og samlingar. Vidare har eit anna museum fått endra status og er dermed heller ikkje pålagt å levera tal til statistikken, noko dei har velt å ikkje gjere for 2018.

 

 

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Det kan oppstå feil ved utfylling av skjema i dei einskilde musea, og ved arbeidet hos SSB. Dei fleste slike feil blir funne og retta ved maskinelle og manuelle kontrollar. Nokre museum lar vere å svare på enkelte spørsmål i skjemaet.

 

Revisjon

Ikkje relevant

Faktaside

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB