Statistiske analyser 165

Kulturstatistikk 2019

Denne publikasjonen presenterer oppdaterte tal og statistikk for ulike område relatert til kultur. Føremålet med publikasjonen er å skildre og gje ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike kulturområde i Noreg.

Dette er nokre hovudresultat for 2019 innanfor temaområda i publikasjonen:

Offentlege utgifter til kultur

Dei statlege utgiftene til kultur over Kulturdepartementets budsjett i 2019 var nær 13 milliardar kroner, dei fylkeskommunale kulturutgiftene var på 1,8 milliardar kroner, og dei kommunale utgiftene var på 14,1 milliardar kroner.

Sysselsetjing og føretak i kulturnæringa

3 prosent av dei sysselsette i Noreg hadde hovudjobben sin i kulturell og kreativ næring. Fylka som omfattar dei største byane, det vil seie Oslo, Rogaland, Hordaland og Trøndelag, sysselset til saman 63 prosent av totalen. Oslo er klart størst med 41 prosent av alle sysselsette i kulturell og kreativ næring.

Kulturelle tiltak og vederlag

I 2019 vart det løyva 982 millionar kroner frå Norsk kulturfond til ulike kulturføremål. Musikkføremål var det største hovudområdet under kulturfondet og utgjorde 40 prosent. Statens kunstnarstipend delte ut 1 734 stipend i 2018, 27 færre enn året før. Biletkunstnarar var den desidert største gruppa og tok imot 521 stipend.

Musikk og scenekunst

Musikkinstitusjonane som rapporterer sine aktivitetar til Kulturrådet, gav over 1 380 konsertar for til saman 711 400 tilhøyrarar i 2019. Scenekunstinstitusjonane som rapporterer sine aktivitetar til Kulturrådet hadde til saman nær 2,2 millionar besøkjande ved sine teater- og operaframsyningar, og formidlingsaktivitetar i 2019.

Museum

I 2019 var storleiken på samlingane i norske museum på 61,9 millionar objekt og fotografi. Samla vart det registrert over 10,4 millionar besøk i musea i Noreg. I 2019 var det totalt 2 664 utstillingar i musea, 14 fleire enn i 2018.

Bibliotek

Det vart lånt ut 12,2 millionar bøker frå folkebiblioteka i 2019. Utlån av bøker utgjorde i gjennomsnitt 2,3 bøker per innbyggjar. Nær 26 millionar besøk vart talt opp i 2019 og det var om lag 64 000 arrangement i folkebiblioteka. Dette er ein auke på nær 940 000 besøk og 3 900 arrangement frå året før.

Film og kino

I alt var det 11,3 millionar selde kinobillettar i 2019. Det er ein nedgang i kinobesøket på om lag 7 prosent frå 2018. Bygdekinoane hadde òg lågare besøkstal, med vel 111 300 besøk i 2019, ein nedgang på 16 prosent frå 2018.

Lyd og bilete

I 2019 høyrde 48 prosent av befolkninga på radio ein gjennomsnittsdag, og dette er ein liten nedgang frå 2018 då det var 50 prosent. Vanleg lineær tv-sjåing på ein gjennomsnittsdag har hatt ein nedgang frå 60 prosent i 2018 til 48 prosent i 2019.

Idrett

Ved utgangen av 2019 var det drygt 1,9 millionar ordinære medlemskap i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Talet på ordinære idrettslag har gått noko ned frå året før og talde i underkant av 8 000 lag ved utgangen av 2019. Det var 57 500 idrettsanlegg i drift i 2019, ein auke på 530 anlegg frå 2018.

Kulturskular og Den kulturelle skulesekken

I 2019 var 13 prosent av alle born mellom 6 og 15 år elevar på kommunale kulturskular, det same som året før. I samband med Den kulturelle skulesekken var det i grunnskulen nærare 46 400 einskildarrangement, og i den vidaregåande skulen over 3 900 einskildarrangement i 2019.

Om publikasjonen

Tittel

Kulturstatistikk 2019

Ansvarlig

Line Gjermshusengen

Serie og -nummer

Statistiske analyser 165

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Oppdragsgiver

Kulturdepartementet

Emne

Kultur

ISBN (elektronisk)

978-82-587-1215-9

ISBN (trykt)

978-82-587-1214-2

ISSN

804-3221

Antall sider

220

Om Statistiske analyser

Statistiske analyser formidler statistikk til en bred leserkrets. Du skal kunne forstå det meste av innholdet uten å ha spesialkunnskaper om statistikk og metode. Her publiseres analyser av statistikk om et allment tilgjengelig og gjerne populært emne.

Kontakt

Faktaside