Hagebruksavlingar

Oppdatert: 16. mai 2023

Neste oppdatering: 14. mai 2024

Endring i fruktavling
Endring i fruktavling
2021 - 2022
-8,3
%
Avling av frukt, hagebær og grønsaker
Avling av frukt, hagebær og grønsaker
TonnProsent endring frå
20222021 - 20222018 - 2022
Frukt20 895-8,313,8
Hagebær9 70310,2-14,5
Grønsaker188 958-6,88,1
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Avling av frukt, hagebær og grønsaker. Tonn
    Avling av frukt, hagebær og grønsaker. Tonn1
    20182019202020212022
    Frukt18 36219 51613 95222 77720 895
    Hagebær11 35012 4399 8628 8089 703
    Grønsaker2 174 783191 367205 378202 684188 958
    1Gjeld jordbruksbedrifter som fyller eitt eller fleire av desse krava: Minst 1 dekar frukttre, minst 1 dekar bær på friland, minst 2 dekar grønsaker inkludert urter på friland, eller minst 300 m2 grønsaker inkludert urter i veksthus.
    2Avling av grønsaker omfattar hovudkulturer på friland og under glas/plast. Ikkje medrekna bønner og erter til konservesindustrien.
    Standardteikn i tabellar
  • Avling av ymse hagebruksvekstar
    Avling av ymse hagebruksvekstar1
    2022
    Areal (dekar)Avling per dekar (kg)Avling (tonn)
    Frukt
    Eple15 9551 07017 077
    Pærer709821582
    Plommer4 0135022 014
    Morellar1 384637882
    Kirsebær470517243
    Hagebær
    Solbær2 632203534
    Jordbær9 3817527 052
    Bringebær2 8996561 903
    Grønsaker på friland
    Blomkål5 1601 5578 033
    Sommarkål9561 8781 795
    Haust- og vinterkål3 4323 70412 711
    Rosenkål1 5937531 200
    Kinakål1 1482 3552 704
    Brokkoli3 8867072 747
    Matkålrot4 1442 3719 824
    Gulrot15 5583 16349 207
    Purre1 2442 6013 236
    Raudbete1 5352 6884 126
    Kepalauk7 1922 99121 512
    Knollselleri1 9992 1444 285
    Sylteagurk7492 8062 102
    Isbergsalat4 6981 2956 085
    Annan salat på friland4 6872 28510 708
    Grønsaker under glas/plast (avling i kg per m²)
    Agurk i veksthus2896819 607
    Tomat i veksthus3773613 562
    Hovud-/rotsalat i veksthus88242 131
    1Gjeld jordbruksbedrifter som fyller eitt eller fleire av desse krava: Minst 1 dekar frukttre, minst 1 dekar bær på friland, minst 2 dekar grønsaker inkludert urter på friland, eller minst 300 m2 grønsaker inkludert urter i veksthus.
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken gjer eit oversyn over areal, avlingsnivå per arealeining og totalavling for viktige hagebruksvekstar.

Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift, medrekna hagebruk og husdyrhald. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar. Jordbruksbedrifta er uavhengig av kommunegrenser. Ei jordbruksbedrift skal ha eit driftssenter på ein landbrukseigedom. Til og med 2003 blei omgrepet driftseining nytta.

Areal av grønsaker: Dersom det blir hausta meir enn éi avling av same vekst på same arealet i løpet av vekstsesongen, er arealet berre rekna ein gong. Blir same areal brukt til ulike vekstar, er arealet ført på kvar av vekstane. Totalarealet av alle vekstane vil difor vere større enn grunnarealet nytta til produksjon av grønsaker.

Avling er definert som produksjon som er salbar. Dette omfattar produksjon for sal og heimeforbruk medrekna frukt og bær til pressing.

Salsverdien gjeld både sal til grossist, detaljist, direkte sal til forbrukar og berekna verdi av heimeforbruk.

Fylke, der Oslo og Akershus er slått saman.

Hagebruksavlingar

14. mai 2024

426 Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Fylke.

Årleg.

Eurostat og FAO.

Mikrodata blir lagra i SSB.

Føremålet med statistikken er å presentere årleg statistikk over areal, avlingsnivå per arealeining og totalavling for viktige hagebruksvekstar.

Fram til og med 1995 utarbeidde Statistisk sentralbyrå areal- og avlingsstatistikk over hagebruksvekstar. Frå 1996 og fram til og med avlingsåret 2004 blei statistikken utarbeidd av Statens landbruksforvaltning (SLF). Frå avlingsåret 2005 blir statistikken igjen utarbeidd av Statistisk sentralbyrå. Metode og prosedyrar blei gjort om då SLF tok over ansvaret for statistikken. I perioden 2005-2009 har Statistisk sentralbyrå ført vidare den same metodikken som SLF nytta. Frå og med 2010 er statistikken utarbeidd med basis i SSBs totalpopulasjon for jordbruksbedrifter.

Statistikken blir nytta av bransjeorganisasjonane, Budsjettnemnda for jordbruket, Landbruks- og matdepartementet og ulike forskingsinstitusjonar slik som Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forskning.

Ikkje relevant

Statistikken frå og med 2010 er delvis utleda frå SSBs totalpopulasjon for jordbruksbedrifter. Arealopplysningar frå totalpopulasjonen er førehandsutfylt på dei utsende skjema til avlingsstatistikken for 2010 frå og med 2010.

Statistikkloven § 10-1.

Regulation (EC) No 543/2009 of The European Parliament and the Council of 18 June 2009 concerning crops statistics and repealing Council Regulations (EEC) No 837/90 and (EEC) No 959/93.

Hagebruksavlingar omfattar statistikk over bær på friland, fruktdyrking, grønsaker på friland og grønsaker i veksthus. Frå og med 2010 får jordbruksbedrifter som fyllar minst eitt av følgjande krav hagebruksskjema:

  • Driv minst 300 m2 grønsaker inkludert urter, blomster og planter i veksthus
  • Driv minst 2,0 dekar grønsaker inkludert urter på friland
  • Driv minst 1,0 dekar frukttre, bær på friland eller planteskule

Frå og med 2010 er alle arealtal henta frå SSBs totalpopulasjon for jordbruksbedrifter, saman med opplysningar om jordbruksbedrifta. Opplysningar om areal av bær, frukt og grønsaker på friland, grønsaker, blomster og planter i veksthus samt planteskule blir og henta frå totalpopulasjonen.

SSB overtok hagebruksstaitstikken frå SLF i 2005, og nytta deira register som utgangspunkt for å finne fram til hagebrukspopulasjonen. Alle som var i registeret i 2004 fekk tilsendt skjema i 2005. Til erstatning for jordbruksbedrifter som gjekk ut, blei det henta inn bedrifter med hagebruksproduksjon blant dei som søkte om produksjonstilskott i jordbruket 31. juli. Tilsvarande opplegg blei følgd i perioden 2006-2009. I denne perioden har populasjonen omfatta om lag 3 000 jordbruksbedrifter med ein eller fleire av dei oppgitte vekstgruppene. Frå og med 2010 er populasjonen henta frå SSBs totalpopulasjon for jordbruksbedrifter, og i 2020 var det om lag 2 000 jordbruksbedrifter som oppfylte minstekrava for teljing.

Skjema blir sende ut elektronisk i januar i året etter undersøkingsåret til dei jordbruksbedriftene som er med i populasjonen.

Det blir gjort kontrollar og rettingar for å sikre konsistens innan eitt enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar.

Avling oppgitt med anna eining enn den som er brukt på skjema blir rekna om etter fastsette faktorar.

Statistikken frå og med 2010 byggjer på fullstendig teljingar. På nokre skjema manglar opplysningar om totalavling, og for desse vekstane blir det sett inn ei totalavling basert på eit gjennomsnitt for einingar med vedkomande vekst og med eit areal i same størrelsesorden.

Ikkje relevant

Tal blir ikkje offentleggjort dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, og dette medfører fare for identifisering, dvs. at talet kan førast tilbake til oppgåvegivar eller annan identifiserbar person.

Statistikken frå og med 2010 er direkte samanliknbar med tal for 1999, da statistikken desse åra byggjer på opplysningar gitt i fullstendige teljingar.

I perioden 2000-2009 er same berkningsopplegg nytta, og det er areal frå jordbruksteljinga i 1999 som ligg til grunn for berekningsopplegget i denne perioden. Fordi ein kvart år har gjort berekningar på areal som etter kvart er resultat av fleire års berekningar, kan moglege feil bli forsterka. Feil i arealberekningane vil og påverke berekningane av totalavling. Sjølv om totalavlinga etter kvart er blitt overestimert, gir statistikken likevel eit rimeleg godt bilete av avlinga per dekar.

Primærdata kan innehalde feil og manglar. Til dømes kan det vere vanskeleg å gi gode tal for avling av vekstar som kan bli selt i stk eller bunt, til dømes reddik. Ei rekkje av feila blir oppdaga og retta under revisjon. Kontrollopplegget avslører også logiske feil i utfylling av skjema. Nokre målefeil og feil som oppstår ved handsaming av data er uunngåeleg. Det kan vere feil som oppstår ved revisjon, feil i IT-handsaming og anna. Det er utført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mykje som mogleg.

Fråfall i undersøkinga skuldast manglande innlevering av oppgåve frå einskilde oppgåvegivarar.

For nokre av vekstane er det få produsentar, og fråfall av produsentar med stort areal kan ha monaleg innverknad på kvaliteten av tala.

Kvaliteten på registergrunnlaget for identifisering av populasjonen har også noko å seie for kvaliteten på det ferdige resultatet.

Modellen for undersøkingane i perioden 2000-2009 er basert på at ein kvart år multipliserte fjorårets berekna areal av dei ulike vekstane med ein faktor. Areala som var utgangspunkt for dei ulike vekstane i denne perioden er areal innhenta frå Jordbruksteljing 1999. Fordi ein kvart år gjorde berekningar på areal som etter kvart var resultat av fleire års berekningar, kan mogelege feil ha blitt forsterka. Feil i arealberekningane vil og påverke berekningane.

Frå og med 2010 er areala i undersøkinga henta frå SSBs totalpopulasjon for jordbruksbedrifter. Dette gir grunnlag for årleg oppdatering og korreksjon av arealtala, og også høve til å publisere talet på einingar med ulike vekstar. Forskjellen i berekningsmåte gjer at tala frå og med 2010 ikkje er direkte samanliknbare med tala for perioden 2000-2009.

Ikkje relevant

Faktasider

Kontakt