Dårleg år for frukt i 2020

Publisert:

Produksjonen av frukt hadde i 2020 ein nedgang på 29 prosent frå året før og er dermed den lågaste på fleire år. Med totalt 13 900 tonn frukt hausta i 2020, har det ikkje sidan 2015 vore lågare fruktavling i Noreg. Årsaka var dårlege forhold for eple og plommer som utgjer dei største voluma.

Tala frå statistikken Hagebruksavlingar viser at produksjonen av eple var 12 100 tonn i 2020. Dette er ein nedgang på vel 23 prosent frå 2019 då det var gode epleavlingar med 15 800 tonn hausta totalt. Plommer har hatt ein endå dårlegare sesong i 2020, og produksjonen var på rundt 700 tonn. Det er om lag ein tredel av mengda dei siste åra. Pære, morellar og kirsebær har hatt meir normale avlingar, men desse utgjer ikkje meir enn til saman 8 prosent av fruktproduksjonen i 2020.

Figur 1. Avling av frukt

Frukt
2015 12878
2016 15317
2017 15422
2018 18362
2019 19516
2020 13919

Også mindre bær

Det blei hausta rett under 10 000 tonn bær i 2020 noko som er 20 prosent mindre enn i 2019. Jordbær, som utgjer om lag 70 prosent av bærproduksjonen, har ein nedgang på 24 prosent. Det blei hausta i overkant av 7 000 tonn jordbær i 2020. Også bringebær og blåbær har hatt lågare avlingar i 2020, medan solbær og andre bærslag har om lag same nivå som åra før.

Figur 2. Avling av hagebær

Jordbær Bringebær
2015 11187 2843
2016 8783 2942
2017 8090 2994
2018 7964 2599
2019 9185 2390
2020 7027 2062

Rekordproduksjon i veksthus og gode grønsaksavlingar på friland

2020 ga rekordavling av agurk i veksthus. Det var både produksjon på eit større areal og gode avlingar per kvadratmeter som bidrog til at avlinga totalt blei på 19 600 tonn. Det er ei auke på 15 prosent frå året før. Tomat gav også gode avlingar og produsert mengde var 14 200 tonn som er det høgaste dei siste ti åra, og 12 prosent meir enn i 2019.

Også tala for grønsaker på friland viser gode avlingar av dei fleste vekstane. Særleg volumprodukta gulrot, haust- og vinterkål og kålrot har hatt ei auke frå 2019. Produksjon av gulrot var 53 000 tonn i 2020 og det er 9 prosent meir enn året før. Produksjon av haust- og vinterkål aukar med heile 27 prosent og var 15 200 tonn, medan kålrot auka med 19 prosent til 12 500 tonn. Kepalauk, som også utgjer eit stort volum med 21 900 tonn, har gått ned 9 prosent. Den totale avlinga av grønsaker på friland og i veksthus var 205 000 tonn i 2020, det er 7 prosent opp frå 2019.

Figur 3. Avling av grønsaker på friland og i veksthus

Grønsaker
2015 185130
2016 194594
2017 193317
2018 174783
2019 191367
2020 205013

 

 

 

 

Faktaside

Kontakt