Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden september-november 2021 var på 118,8 (2005=100) mot 119 i føregåande tremånadersperiode. Tala indikerer at utviklinga i industrien held fram med å vere stabil dei seinaste månadene (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Månadsendring: uendra produksjon frå oktober til november

viser at den samla industriproduksjonen var uendra frå oktober til november 2021, men det var ulik utvikling i dei forskjellige næringane. Metallindustrien bidrog mest i positiv retning med ein solid oppgang på 9,9 prosent. Veksten heng saman med at produksjonen har tatt seg opp igjen etter at det var ein del tilfelle av drifts- og vedlikehaldsstans for verksemder innanfor næringa i oktober. Det var òg auke i produksjonen i trelast- og trevareindustrien, samt i næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri.

På den anna side hadde næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri eit fall på 1,8 prosent. Elles var det òg nedgang i næringane maskinreparasjon og -installasjon og i metallvareindustrien.

Tremånadersendring: fall i næringsmiddelindustri, auke i gummi og plast

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde eit lite fall på 0,2 prosent i perioden september-november 2021 samanlikna med førre tremånadersperiode. Næringsmiddelindustrien bidrog mest i negativ retning med ein nedgang på 2,6 prosent. Dette skuldast særleg eit fall innan foredling og konservering av fisk samanlikna med førre tremånadersperiode. Fallet her heng saman med unormalt høge slaktevolum av makrell i august og at det i påfølgande månader har skjedd ein utflating.

På den motsette sida hadde næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri ein klår vekst i denne tremånadersperioden med 4,2 prosent. Maskinreparasjon og -installasjon hadde òg ein auke i denne perioden.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: auke i industriproduksjon i Eurosona i oktober

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i hadde ein auke på 1,2 prosent frå september til oktober 2021. I same periode hadde industriproduksjonen i Noreg eit fall på 0,9 prosent.

Sverige hadde ein oppgang på 1,8 prosent, medan produksjonen i Danmark såg ein klår auke på 2,6 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadersendring: liten auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein auke på 0,4 prosent i perioden september-november 2021 samanlikna med førre tremånadersperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein oppgang på 0,5 prosent, medan utvinning av naturgass auka klårt med 3,8 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne tremånadersperioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side gjekk opp med 1,8 prosent i same periode. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 9,2 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med 3,8 prosent.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.