Indeksnivået for industriproduksjonen i 1.kvartal 2022 var på 119,0 (2005=100) mot 117,8 i førre kvartal. Tala indikerer at industriproduksjonen ligger omkring eit tilsvarande nivå som før koronaepidemiens inntog (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Tremånadarsendring: høg aktivitet trelast- og trevareindustri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 1,0 prosent i 1.kvartal 2022 samanlikna med kvartalet før. Det var særleg trelast- og trevareindustrien og metallvareindustri som bidrog til den samla auken i industriproduksjonen i dette kvartalet. Auka på 4,9 prosent i trelast- og trevareindustrien kan sjåast i samanheng med høg etterspørsel i marknaden. Metallvareindustrien hadde ein oppgang på 2,6 prosent.

I same periode var det en auke i Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. på 2,0 prosent.

Månadsendring: liten auke frå februar til mars

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 0,6 prosent frå februar til mars 2022. Det var næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri som bidrog mest til den samla auka med ein vekst på 10,9 prosent. I tillegg bidrog òg næringsmiddelindustrien positivt i denne perioden.

På den motsette sida ble oppgangen i industrien dempa av lågare aktivitet i produksjon av kjemiske råvarer. Nedgangen i næringa må delvis sjåast i samanheng med vedlikehaldstans ved enkelte verksemder.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: auke i Eurosona i februar 2022

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. auka med 0,7 prosent frå januar til februar 2022.

I same periode hadde industriproduksjonen i Noreg ein nedgang på 2,1 prosent. Sverige hadde ein marginal auke på 0,1 prosent, medan Danmark på si side auka med 1,0 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein auke på 1,9 prosent i 1. kvartal 2022 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje og naturgass hadde ein nedgang på høvesvis 2,9 og 3,2 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester opplevde ein vekst på 4,3 prosent i 1. kvartal 2022 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift på si side hadde ein nedgang på 0,7 prosent i same periode, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med 3,4 prosent.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.