Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden september-november 2022 var på 119,3 (2005=100) mot 118,5 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden viser at aktivitetsnivået i industrien dei seinaste månadane har hatt ein stabil utvikling (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Månadsendring: nedgang i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 0,5 prosent frå oktober til november 2022. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla nedgangen med eit fall på 6,1 prosent.

På den motsette side hadde ikkje-jarnhaldige metall ein auke på 2,9 prosent frå oktober til november 2022.

Tremånadarsendring: auke i bygging av skip og oljeplattformer

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein oppgang på 0,7 prosent i perioden september-november 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg næringsgruppa bygging av skip og oljeplattformer som bidrog til oppgangen i industriproduksjonen, med ein auke på 6,1 prosent i denne perioden. Også maskinreparasjon- og installasjon og næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hadde oppgang i denne tremånadarsperioden.

På den anna side hadde møbelindustrien eit fall på 7,5 prosent og bidrog såleis til dempe auken i industriproduksjonen.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 3,0 prosent i perioden september-november 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien er ned 0,2 prosent i same periode og trenden har vore fallande sidan våren 2021. (sjå figur 2).

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

 

Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i Eurosona i oktober

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 2,2 prosent frå september til oktober 2022. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 0,3 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein nedgang på 0,7 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg eit fall på 2,3 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: fall i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på 0,8 prosent i perioden september-november 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein oppgang på 5,8 prosent, medan utvinning av naturgass fall med 5,3 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 1,4 prosent i perioden september-november 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 2,1 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med heile 11,7 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.