Indeksnivået for industriproduksjonen i 2. kvartal 2022 var på 118,2 (2005=100) mot 118,8 i førre kvartal. Figur 1 viser at dei sesongjusterte tala har hatt ein del svingingar dei seinaste månadene, men at aktiviteten har stabilisert seg i juni.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Tremånadarsendring: kjemiske råvarer bidrog til fall i industriproduksjonen

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. viser at industriproduksjonen hadde eit fall på 0,5 prosent i 2. kvartal 2022 samanlikna med kvartalet før. Det var særleg kjemiske råvarer og trelast- og trevareindustri som bidrog til den samla nedgangen i industriproduksjonen i dette kvartalet. Fallet i kjemiske råvarer kan sjåast i samanheng med vedlikehaldsstans ved enkelte verksemder i næringa.

På den motsette sida hadde dataindustri og elektrisk utstyrsindustri ein oppgang på 4,6 prosent.

Månadsendring: liten auke frå mai til juni

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein liten oppgang på 0,3 prosent frå mai til juni 2022. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla auka med ein vekst på 3,3 prosent.

På den anna side hadde maskinreparasjon og -installasjon ein nedgang på 2,4 prosent frå mai til juni og bidrog såleis til å dempe produksjonen i industrien (sjå figur 2).

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: oppgang i industriproduksjon i Eurosona i mai

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein oppgang på 1,4 prosent frå april til mai 2022. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 2,3 prosent.

Sverige hadde ein oppgang på 1,0 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein vekst på 2,8 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: vekst i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 1,0 prosent i 2. kvartal 2022 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 3,4 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 5,5 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side hadde ein vekst på 1,0 prosent i 2. kvartal 2022 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 8,2 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 3,7 prosent.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.