Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden juni-august 2022 var på 118,4 (2005=100) mot 118,6 i føregåande tremånadarsperiode. Etter to månader med oppgang, har aktivitetsnivået industrien gått litt ned den siste månaden (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Månadsendring: nedgang i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 1,0 prosent frå juli til august 2022. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla nedgangen med eit klårt fall på 6,3 prosent. Det var òg nedgang i næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri med eit fall på 6,4 prosent i denne perioden.

Fleire næringar var ramma av streik i deler av august, og dette medverka til nedgangen.

På den anna side hadde næringsmiddelindustri ein oppgang på 2,5 prosent frå juli til august og bidrog såleis til å dempe fallet i industriproduksjonen.

Tremånadarsendring: moderat fall i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein liten nedgang på 0,2 prosent i perioden juni-august 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri som bidrog mest til nedgangen i industriproduksjonen, med eit fall på 6,2 prosent i denne perioden.

På den motsette sida hadde produksjon av kjemiske råvarer ein oppgang på heile 15,9 prosent.

Samla sett hadde den Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. eit produksjonsfall på 0,5 prosent i perioden juni-august 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode (sjå figur 2).

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i Eurosona i juli

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 2,1 prosent frå juni til juli 2022. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 1,4 prosent.

Sverige hadde ein oppgang på 4,4 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein fall på 2,6 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: vekst i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 1,2 prosent perioden juni-august 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 3,3 prosent, medan utvinning av naturgass auka med heile 9,6 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side hadde eit fall på 0,9 prosent i perioden juni-august 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 1,2 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med 1,0 prosent.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.