Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden august-oktober 2022 var på 119,2 (2005=100) mot 118,3 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden viser at aktivitetsnivået i industrien dei seinaste månadane viser ei svak auke og det har vore to månader på rad med auke i dei sesongjusterte månadstala (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Månadsendring: oppgang i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 0,3 prosent frå september til oktober 2022. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla oppgangen med ein auke på 4,4 prosent. Det var òg oppgang i maskinreparasjon og -installasjon med ein auke på 1,8 prosent i denne perioden.

På den anna side hadde næringsmiddelindustri eit fall på 1,9 prosent frå september til oktober og bidrog såleis til å dempe auken i industriproduksjonen.

Tremånadarsendring: auke i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein oppgang på 0,8 prosent i perioden august-oktober 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til oppgangen i industriproduksjonen, med ein auke på 6,4 prosent i denne perioden. Auken i denne næringsgruppa kjem etter at fleire store verksemder hadde driftsstans i perioden mai-juli 2022.

Også maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer hadde auke i tremånadarsperioden. Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 2,3 prosent i perioden august-oktober 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode (sjå figur 2).

På den motsette sida hadde næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri eit fall på 4,1 prosent.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: oppgang i industriproduksjon i Eurosona i september

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein oppgang på 1,5 prosent frå august til september 2022. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 0,8 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein oppgang på 4,2 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein auke på 1,3 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: Samla produksjonsindeks held fram med å auke

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 1,8 prosent i perioden august-oktober 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein oppgang på heile 11,4 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 3,3 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 0,3 prosent i perioden august-oktober 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 4,3 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med heile 15,1 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.